Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2014 under Nærings- og fiskeridepartementet
Samandrag
Nærings- og fiskeridepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar på statsbudsjettet 2014. Denne innstillinga handsamer berre endringane under kap. 926:
Kap. 926 Drift av forskingsfartøy
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehald, kan overførast
Det er inngått kontrakt med det italienske verftet Fincantieri om bygging av nytt isgåande forskingsfartøy. Ut frå betalingsplanen i kontrakten er gjeldande løyving sett til 213,3 mill. kroner. Nærings- og fiskeridepartementet er orientert om at det går føre seg forhandlingar mellom partane for å kome fram til forståing av enkelte forhold under kontrakten. Framdrifta i byggjeprosjektet ligg no etter den tidsplanen som er fastsett i kontrakten, og det vil ikkje bli utbetalt noko til verftet i 2014. Det vil derfor berre vere behov for midlar til designtenester, godkjenning av klasseteikningar og drift av prosjektet. Det er ikkje avklart om forseinkinga i framdrifta vil påverke tidspunktet for når fartøyet er klart til bruk.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 173,5 mill. kroner.
Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Christian Tynning Bjørnø, leiaren Trond Giske, Martin Henriksen, Tone Merete Sønsterud og Marianne Aasen, frå Høgre, Henrik Asheim, Norunn Tveiten Benestad, Kent Gudmundsen og Kristin Vinje, frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad og Bente Thorsen, frå Kristeleg Folkeparti, Anders Tyvand, frå Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Venstre, Iselin Nybø, og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, viser til proposisjonen og til departementet si grunngjeving, og sluttar seg til framlegget i proposisjonen.
Tilråding frå komiteen
Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2014 blir det gjort følgjande endringar:
Kap.
Post
Formål
Kroner
Utgifter
926
Drift av forskingsfartøy
45
Større utstyrsanskaffelser og vedlikehald, kan overførast, blir redusert med
173 500 000
frå kr 213 280 000 til kr 39 780 000
Bygger på
1Ikke i vårt datasett
- Prop. 29 S (2014-2015)