Hopp til innhold
Innstilling

Innstilling til Stortinget frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen

Innst. 118 S (2016–2017)Stortinget

Ingress

Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2016 under Landbruks- og matdepartementet m.m.

Samandrag

Regjeringa v/Landbruks- og matdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar i løyvingar under einskilde kapittel og postar i statsbudsjettet for 2016. I denne innstillinga vert berre framlegget under kap. 1137 handsama. Dei andre framlegga i proposisjonen vert handsama av næringskomiteen.

Kap. 1137 Forsking og utvikling

For å dekkje inn forskingsbehov i samband med Chronic Wasting Disease (CWD), som rammar hjortedyr, gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 1137 post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd med 2 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet, post 50 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Christian Tynning Bjørnø, Martin Henriksen, Audun Otterstad, Tone Merete Sønsterud og Marianne Aasen, frå Høgre, Henrik Asheim, Norunn Tveiten Benestad, Kent Gudmundsen og Kristin Vinje, frå Framstegspartiet, Lill Harriet Sandaune og Bente Thorsen, frå Kristeleg Folkeparti, Anders Tyvand, frå Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Venstre, fung. leiar Iselin Nybø, og frå Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, har ikkje merknader til framlegget.

Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2016 blir det gjort følgjande endring:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1137

Forsking og innovasjon

50

Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd, blir redusert med …

2 000 000

frå kr 256 065 000 til kr 254 065 000

Bygger på

1

Ikke i vårt datasett

  • Prop. 19 S (2016-2017)