Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i statsbudsjettet 2011 under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
1. Sammendrag
1.1 Innleiing
I proposisjonen legg Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2011.
1.2 Kap. 821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
1.2.1 Post 60 Integreringstilskot, kan overførast
Vedteke budsjett er basert på at 7 000 personar utløyser førsteårs integreringstilskot i 2011. Talet er no venta å bli 7 406 personar. Dette er hovudårsaka til ein auke i utbetaling av integreringstilskot på om lag 9 mill. kroner.
Medrekna overført løyving frå 2010 vil behovet likevel vere lågare samanlikna med vedteke budsjett.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 16,17 mill. kroner.
1.2.2 Post 61 Særskild tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, overslagsløyving
Kommunar som busett einslege, mindreårige asylsøkjarar, flyktningar og/eller einslige mindreårige personar med opphald på humanitært grunnlag, mottek tilskot som i 2011 er på 123 144 kroner per person per år. Tilskotet kjem i tillegg til det ordinære integreringstilskotet.
Det er venta ein auke i utbetalingar for 2011 grunna ein auke i busetjing av einslege, mindreårige overføringsflyktningar og ein høgare del som utløyser tilskot i busetjingsåret.
BLD føreslår å auke løyvinga med 4,9 mill. kroner.
1.3 Kap. 822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
1.3.1 Post 22 Norskprøver for vaksne innvandrarar
Løyvinga skal dekkje utgifter til gjennomføring av norskprøver for vaksne innvandrarar, og behovet er no venta å bli lågare enn føresett i 2011.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 2,9 mill. kroner.
1.3.2 Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Vedteke budsjett er basert på at 9 827 personar er i målgruppa for opplæring i norsk og samfunnskunnskap og vil utløyse førsteårs tilskot i 2011. Talet på personar i målgruppa som vil utløyse førsteårs tilskot er no venta å bli 10 419 personar. Dette er hovudårsaka til at utgiftene er venta å auke i 2011.
BLD føreslår å auke løyvinga med 8,58 mill. kroner.
1.4 Kap. 3821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
1.4.1 Post 1 Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter
Integreringstilskotet har ulik sats for det første året for barn og vaksne. Samansetjinga av barn og vaksne verkar dermed inn på storleiken av ODA-godkjende utgifter. Endring i samansetjinga av barn og vaksne er årsaka til at godkjende utgifter er venta å bli redusert.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 14 mill. kroner.
1.4.2 Post 2 Særskild tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter
Nye tal syner at dei som blir busette frå mottak i gjennomsnitt har vore i Noreg i om lag 8,5 månader på busetjingstidspunktet. Sidan det berre kan rapporterast ODA-godkjende utgifter for det første året dei er i Noreg, kan ein på denne posten derfor berre rapportere for dei første 3,5 månadane etter busetjing. Denne føresetnaden var ikkje lagt til grunn for vedteke budsjett, og godkjende utgifter er derfor venta å bli lågare enn føresett i vedteke budsjett for 2011.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 18,58 mill. kroner.
1.5 Kap. 3822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
1.5.1 Post 1 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter
Ein reduksjon i talet på asylsøkjarar som kjem inn under ordninga for opplæring i norsk i mottak fører til ein reduksjon i ODA-godkjende utgifter.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 12,94 mill. kroner.
2. Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Lise Christoffersen, Roald Aga Haug, Håkon Haugli, Ingalill Olsen og Eirik Sivertsen, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, Morten Ørsal Johansen og Åge Starheim, fra Høyre, Trond Helleland og Michael Tetzschner, fra Sosialistisk Venstreparti, lederen Heikki Holmås, fra Senterpartiet, Heidi Greni, og fra Kristelig Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, behandler i innstillingen de budsjettkapitlene som hører inn under rammeområde 6 Innvandring, regional utvikling og bolig.
3. Komiteens tilråding
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende
vedtak:
I statsbudsjettet for 2011 blir det gjort følgjande endringar:
Kap.
Post
Formål
Kroner
Utgifter
821
Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
60
Integreringstilskot, kan overførast, blir redusert med
16 171 000
frå kr 4 248 347 000 til kr 4 232 176 000
61
Særskild tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, overslagsløyving, blir auka med
4 901 000
frå kr 298 344 000 til kr 303 245 000
822
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
22
Norskprøver for vaksne innvandrarar, blir redusert med
2 903 000
frå kr 14 898 000 til kr 11 995 000
60
Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, blir auka med
8 579 000
frå kr 1 577 421 000 til kr 1 586 000 000
Inntekter
3821
Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
1
Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter, blir redusert med
13 976 000
frå kr 99 986 000 til kr 86 010 000
2
Særskild tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter, blir redusert med
18 580 000
frå kr 25 659 000 til kr 7 079 000
3822
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
1
Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter, blir redusert med
12 941 000
frå kr 113 595 000 til kr 100 654 000
Bygger på
1Ikke i vårt datasett
- Prop. 19 S (2011-2012)