Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2010 under Justis- og politidepartementet
Samandrag
Innleiing
Justisdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2010. Endringsforslaga er m.a. basert på rekneskapstal per 30. september 2010.
Kap. 490 Utlendingsdirektoratet
Post 21 Spesielle driftsutgifter, statlege mottak, kan nyttast under post 60
Nyare prognoser viser at det vil kome om lag 10 000 asylsøkjarar i 2010 (3 500 færre enn det som er lagt til grunn for gjeldande løyving), og gjennomsnittleg belegg i mottak er venta å verte 17 890 (1 950 plassar lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga). Mindreutgiftene som følgje av dette vert anslått til 202,312 mill. kroner.
På grunn av omfattande hærverk ved Lier og Fagerli ventemottak, har det vore naudsynt å setje i verk omfattande strakstiltak for å ivareta tryggleiken og få kontroll over situasjonen. Dette vart primært gjort gjennom å auke bemanninga, ein auka bruk av innleidde vektarar og kjøp av plassar i private bu- og omsorgsløysingar. På denne bakgrunn er det behov for å auke løyvinga under kap. 490 post 21 med 20 mill. kroner.
Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 21 med 182,312 mill. kroner.
Post 22 Spesielle driftsutgifter, tolk og oversetting
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 22 med 7,786 mill. kroner.
Post 60 Tilskot til vertskommunar for statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar
Behovet for mottaksplassar i 2010 er lågare enn tidlegare lagt til grunn. Talet på kommunar med asylmottak som det skal utbetalast vertskommunetilskot til i 2010 vert derfor også lågare enn venta.
På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 60 med 28,943 mill. kroner.
Post 70 Økonomiske ytingar til bebuarar i asylmottak, kan nyttast under post 60
På bakgrunn av at det gjennomsnittlege talet på bebuarar i mottak i 2010 vert lågare enn det som tidlegare har vorte lagt til grunn, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 70 med 16,115 mill. kroner.
Post 72 Retur og tilbakevending for flyktningar, kan overførast
Det er venta eit mindreforbruk på posten som følgje av at arbeidet knytt til etablering av omsorgs- og utdanningssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar i deira opphavsland (Afghanistan og Irak) har vore meir tidkrevjande enn venta, og det har vore forsinka framdrift i etablering av migrasjonspartnarskap i regi av EU.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 72 med 20 mill. kroner.
Post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 75 med 2,67 mill. kroner.
Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet
Post 1 Retur og tilbakevending for flyktningar, ODA-godkjende utgifter
På bakgrunn av forslag om reduksjon av løyvinga under kap. 490 post 72 vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490 post 1 med 20 mill. kroner.
Post 3 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA-godkjende utgifter
På bakgrunn av forslag om reduksjon av løyvinga under kap. 490 post 75 vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490 post 3 med 2,643 mill. kroner.
Post 4 Statlege mottak, ODA-godkjende utgifter
På bakgrunn av forslag om reduksjon av løyvinga under kap. 490 post 21, 60 og 70 vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490 post 4 med 117,447 mill. kroner.
Kap. 491 Utlendingsnemnda
Post 21 Spesielle driftsutgifter, nemnd-behandling
Det har vore færre saker behandla i nemndmøte enn venta, og det har også vore ein vesentleg nedgang i utbetalingane i samband med § 36-saker. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 491 post 21 med 6 mill. kroner.
Komiteens merknader og tilråding
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Lise Christoffersen, Roald Aga Haug, Håkon Haugli, Ingalill Olsen og Eirik Sivertsen, frå Framstegspartiet, Per-Willy Amundsen, Gjermund Hagesæter og Åge Starheim, frå Høgre, Trond Helleland og Michael Tetzschner, frå Sosialistisk Venstreparti, leiaren Heikki Holmås, frå Senterpartiet, Ola Borten Moe, og frå Kristeleg Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, handsamar i innstillinga dei budsjettkapitla som høyrer inn under rammeområde 6 Innvandring, regional utvikling og bolig.
Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2010 vert det gjort følgjande endringar:
Kap.
Post
Formål
Kroner
Utgifter
490
Utlendingsdirektoratet
21
Spesielle driftsutgifter, statlege mottak, kan nyttast under post 60,vert redusert med
182 312 000
frå kr 2 434 000 000 til kr 2 251 688 000
22
Spesielle driftsutgifter, tolk og oversetting, vert redusert med
7 786 000
frå kr 64 813 000 til kr 57 027 000
60
Tilskot til vertskommunar for statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar, vert redusert med
28 943 000
frå kr 208 986 000 til kr 180 043 000
70
Økonomiske ytingar til bebuarar i asylmottak, kan nyttast under post 60,vert redusert med
16 115 000
frå kr 550 580 000 til kr 534 465 000
72
Retur og tilbakevending for flyktningar, kan overførast, vert redusert med
20 000 000
frå kr 78 404 000 til kr 58 404 000
75
Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast, vert redusert med
2 670 000
frå kr 14 703 000 til kr 12 033 000
491
Utlendingsnemnda
21
Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling, vert redusert med
6 000 000
frå kr 16 512 000 til kr 10 512 000
Inntekter
3490
Utlendingsdirektoratet
1
Retur og tilbakevending for flyktningar, ODA-godkjende utgifter, vert redusert med
20 000 000
frå kr 75 404 000 til kr 55 404 000
3
Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA-godkjende utgifter, vert redusert med
2 643 000
frå kr 14 556 000 til kr 11 913 000
4
Statlege mottak, ODA-godkjende utgifter, vert redusert med
117 447 000
frå kr 1 516 890 000 til kr 1 399 443 000
Bygger på
1Ikke i vårt datasett
- Prop. 21 S (2010-2011)