Innstilling frå familie- og kulturkomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2011 under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
1. Samandrag
1.1 Innleiing
I denne proposisjonen legg Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2011 i samsvar med punkt 1.2 nedanfor.
1.2 Endringsforslag
1.2.1 Kap. 840 Krisetiltak
Post 61 Tilskot til incest- og valdtekts-senter, overslagsløyving
På grunn av nyetablering av incestsenter, lågare overskot i incestsentra sine rekneskap i 2010 enn året før, og at nokre senter har ein realauke i budsjettrammene sine i 2011, er det eit meirbehov for tilskotsmidlar på 3,2 mill. kroner.
BLD føreslår å auke løyvinga med 3,2 mill. kroner.
Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under kap. 858 post 1
Departementet har gitt Alternativ til vold (ATV) tilskot til etablering av eit landsdekkjande behandlingstilbod til valdsutøvarar. Stortinget blei i Prop. 120 S (2010–2011) og i Prop. 1 S (2011–2012) orientert om at etablering av nye ATV-kontor er forsinka.
Det har vist seg vanskeleg å få etablert nye kontor i samarbeid med kommunar. Som følgje av at det er oppretta færre ATV-kontor enn opphavleg lagt til grunn, vil utgiftene i 2011 bli 5,5 mill. kroner lågare enn budsjettert.
Departementet har derfor bedt ATV gjere greie for status i dette arbeidet. På grunnlag av utgreiinga må det vurderast om det er realistisk at det blir oppretta fem nye kontor i 2012 slik det er lagt til grunn i 2012-budsjettet.
Noko av mindreforbruket er nytta til tiltak 19 i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar, driftstilskot til Norsk krisesenterforbund og tilskot til ein konferanse om valdtekt (jf. omtale i Prop. 120 S (2010–2011)).
Av mindreforbruket vil det òg bli gitt tilskot til haldningsprosjektet Sammen mot voldtekt i regi av Reform – ressurssenter for menn. Prosjektet skal utvikle eit undervisningsopplegg og drive eit haldningsskapande arbeid mot relasjonsvaldtekt.
Departementet føreslår å redusere løyvinga med 3 mill. kroner.
1.2.2 Kap. 841 Samliv og konfliktløysing
Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving
Utgiftene til eksterne meklarar (utanom familievernet) hittil i år tyder på eit mindrebehov på 0,95 mill. kroner.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 0,95 mill. kroner.
1.2.3 Kap. 844 Kontantstøtte
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Utgiftene til kontantstøtte i 2011 er anslått til 1 340 mill. kroner, 15 mill. kroner lågare enn løyvinga.
Mindrebehovet kjem av at færre mottek kontantstøtte enn føresett i vedteke budsjett. Det vil seie at fleire nye eitt- og toåringar har plass i barnehage enn tidlegare lagt til grunn.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 15 mill. kroner.
1.2.4 Kap. 845 Barnetrygd
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Utgiftene til barnetrygd i 2011 er anslått til 14 870 mill. kroner, 50 mill. kroner lågare enn løyvinga i vedteke budsjett for 2011. Dette kjem av redusert anslag på utbetalingar av ordinær barnetrygd inkludert utvida stønad til einslege forsørgjarar.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 50 mill. kroner.
1.2.5 Kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50
Meirbehovet under posten er knytt til Likestillingsutvalet. I tillegg føreslår BLD å flytte 0,25 mill. kroner frå kap. 846 post 79 knytt til utgiftene til nasjonal ekspert i Europarådet.
BLD føreslår til saman å auke løyvinga under kap. 846 post 21 med 1,03 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 846 post 79.
Post 79 Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid, kan overførast
BLD føreslår å redusere løyvinga med 1,03 mill. kroner, jf. tilsvarande auke under kap. 846 post 21.
1.2.6 Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving
Løyvinga skal dekkje refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak inkludert utgifter til bufellesskap for einslege, mindreårige asylsøkjarar som blir busette i kommunane.
Utgiftsnivået på posten avheng av kor mange barn som blir busette og kor stor del av alle einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar som treng tiltak frå barnevernet.
Grunna ein auke i talet på busette einslege, mindreårige asylsøkjarar og høgare refusjonar per barn, er behovet på posten høgare enn tidlegare føresett. Basert på venta utbetalingar i 2011, føreslår departementet å auke løyvinga på posten med 242,6 mill. kroner.
1.2.7 Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet
Post 22 kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01
Kapittel 855 postane 1, 22 og 60 må sjåast i samanheng. Løyvinga blei redusert med 52 mill. kroner i RNB 2011 for å dekkje venta mindreinntekter på kap. 3855 post 60.
Ein føresetnad for å oppnå budsjettbalanse i 2011 var mellom anna at bruken av institusjonsplasseringar måtte reduserast samstundes med at utgiftsnivået i institusjonane måtte haldast nede. Ein har ikkje klart å oppfylle desse føresetnadene.
Samla løyving på postane er 5 141 mill. kroner og prognosane tilseier utgifter på 5 251 mill. kroner. Meirbehovet utgjer dermed 110 mill. kroner.
Departementet føreslår derfor å auke kap. 855 post 22 med 110 mill. kroner.
Post 45 Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har redusert nivået på investeringar for å redusere meirutgiftene på kap. 855.
BLD føreslår å redusere posten med 35 mill. kroner for å dekkje inn delar av meirutgiftane på kap. 855.
1.2.8 Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familie-direktoratet
Post 22 Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar
Kap. 858 post 22 skal dekkje utbetalingar til pensjonskasser der tilsette i Bufetat var medlemmer før staten overtok det fylkeskommunale barne- og familievernet. Reguleringspremien blir berekna årleg ut frå endringane i lønns- og trygdeoppgjeret og førre års avkastingar frå premiefond. Reguleringspremien varierer følgjeleg kvart år.
BLD føreslår å auke kap. 858 post 22 med 15 mill. kroner som følgje av meirutgifter til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar.
1.2.9 Kap. 2530 Foreldrepengar
Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving
Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2011 er anslått til 14 900 mill. kroner, 510 mill. kroner høgare enn løyvinga i vedteke budsjett for 2011.
Meirbehovet kjem mellom anna av oppjusterte anslag på utgifter knytt til auka fedrekvote til ti veker frå 1. juli 2010, og høgare gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag. Det er òg venta at delen mødrer med foreldrepengar vil vere høgare enn føresett.
BLD føreslår å auke løyvinga med 510 mill. kroner.
Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving
Det er venta ein høgare del mødrer med foreldrepengar enn lagt til grunn i vedteke budsjett for 2011, jf. post 70. Dette fører til færre utbetalingar av eingongsstønad.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 45 mill. kroner.
Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving
Ved utgangen av august var det utbetalt om lag 397 mill. kroner. Vanlegvis vil det meste av feriepengane vere utbetalte per juni månad.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 13 mill. kroner.
Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving
Talet på adopsjonar ved utgangen av august månad tyder på ein nedgang på om lag 10 pst. frå 2010.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.
1.2.10 Kap. 3855 Statleg forvalting av barne-vernet
Post 1 Diverse inntekter
Posten omfattar i all hovudsak refusjonar for utlegg for kommunane i samband med institusjonsplasseringar. Ei framskriving av venta inntekter ligg 8 mill. kroner lågare enn løyvinga.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 8 mill. kroner.
1.2.11 Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar
Post 4 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar, kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp med heimel i statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre).
Ifølgje dei seinaste prognosane vil det i gjennomsnitt vere 130 barn i omsorgssentra i 2011. Dette er 20 færre enn ein venta ved revidert nasjonalbudsjett i år. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 27,97 mill. kroner.
2. Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Gunn Karin Gjul, Kåre Simensen, Arild Stokkan-Grande og Lene Vågslid, frå Framstegspartiet, Solveig Horne, Øyvind Korsberg og Ib Thomsen, frå Høgre, Linda C. Hofstad Helleland og Olemic Thommessen, frå Sosialistisk Venstreparti, Gina Knutson Barstad, frå Senterpartiet, Christina Nilsson Ramsøy, og frå Kristeleg Folkeparti, Øyvind Håbrekke, viser til regjeringa sitt forslag og støtter dette.
3. Tilråding frå komiteen
Tilråding frå komiteen vert fremja av ein samla komité.
Komiteen syner til proposisjonen og til sine merknader og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2011 blir det gjort følgjande endringar:
Kap.
Post
Formål
Kroner
Utgifter
840
Krisetiltak
61
Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving, blir auka med
3 200 000
frå kr 63 659 000 til kr 66 859 000
70
Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under kap. 858 post 1, blir redusert med
3 000 000
frå kr 29 794 000 til kr 26 794 000
841
Samliv og konfliktløysing
21
Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving, blir redusert med
950 000
frå kr 13 832 000 til kr 12 882 000
844
Kontantstøtte
70
Tilskot, overslagsløyving, blir redusert med
15 000 000
frå kr 1 355 000 000 til kr 1 340 000 000
845
Barnetrygd
70
Tilskot, overslagsløyving, blir redusert med
50 000 000
frå kr 14 920 000 000 til kr 14 870 000 000
846
Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.
21
Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50, blir auka med
1 030 000
frå kr 25 967 000 til kr 26 997 000
79
Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid, kan overførast, blir redusert med
1 030 000
frå kr 7 965 000 til kr 6 935 000
854
Tiltak i barne- og ungdomsvernet
65
Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving, blir auka med
242 600 000
frå kr 457 400 000 til kr 700 000 000
855
Statleg forvalting av barnevernet
22
Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 1, blir auka med
110 000 000
frå kr 1 564 330 000 til kr 1 674 330 000
45
Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, blir redusert med
35 000 000
frå kr 66 427 000 til kr 31 427 000
858
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
22
Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar, blir auka med
15 000 000
frå kr 30 102 000 til kr 45 102 000
2530
Foreldrepengar
70
Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving, blir auka med
510 000 000
frå kr 14 390 000 000 til kr 14 900 000 000
71
Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving, blir redusert med
45 000 000
frå kr 405 000 000 til kr 360 000 000
72
Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving, blir redusert med
13 000 000
frå kr 410 000 000 til kr 397 000 000
73
Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving, blir redusert med
5 000 000
frå kr 105 000 000 til kr 100 000 000
Inntekter
3855
Statleg forvalting av barnevernet
1
Diverse inntekter, blir redusert med
8 000 000
frå kr 26 670 000 til kr 18 670 000
3856
Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar
4
Refusjon av ODA-godkjende utgifter, blir redusert med
27 972 000
frå kr 206 830 000 til kr 178 858 000
Bygger på
3Ikke i vårt datasett
- Prop. 120 S (2010-2011)
- Prop. 19 S (2011-2012)
- Prop. 1 S (2011-2012)