Innstilling til Stortinget frå energi- og miljøkomiteen
Ingress
Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marit Arnstad, Heidi Greni, Ole André Myhrvold, Sandra Borch og Marit Knutsdatter Strand om mer effektiv lisensjakt på jerv
Samandrag
Følgjande forslag blir fremja i dokumentet:
«1. Kunstig belysning og elektronisk overvåkning gjøres til permanente virkemidler ved all åtejakt på jerv.
2. Snøscooter tillates brukt ved inspeksjon av åtebuer og uttransportering av åte og bu og ved transport av personell og jegere ved åtejakt.
3. Det tillates bruk av lommelykt/hodelykt ved sporjakt på jerv.
4. Det stilles midler til rådighet for en utvidet overvåkning av områder under kalvingsperioden for tamrein.
5. Lisensfellingsperioden for jerv utvides slik at den starter 20. august.
6. Det tillates løs, på drevet halsende hund ved lisensfelling av jerv.»
Ein viser til dokumentet for ei nærare utgreiing om forslaget.
Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Åsmund Aukrust, Else-May Botten, Espen Barth Eide, Hege Haukeland Liadal og Runar Sjåstad, frå Høgre, Liv Kari Eskeland, Stefan Heggelund, Aase Simonsen og Lene Westgaard-Halle, frå Framstegspartiet, Terje Halleland og Gisle Meininger Saudland, frå Senterpartiet, Sandra Borch og Ole André Myhrvold, frå Sosialistisk Venstreparti, Lars Haltbrekken, frå Venstre, leiaren Ketil Kjenseth, frå Kristeleg Folkeparti, Tore Storehaug, og frå Miljøpartiet Dei Grøne, Une Bastholm, viser til representantforslaget.
Komiteen viser til den todelte målsettinga for norsk rovdyrpolitikk, som både skal sikre alle dei store rovviltartane i norsk natur og ta i vare landbruks- og tamreininteressene sin bruk av utmarksområde. Jerven er ein naturleg del av norsk fauna og skal forvaltast som ein del av artsmangfaldet ifølgje både norsk lov og internasjonale konvensjonar. Over tid har bestanden av jerv vore over bestandsmålet med god margin; unntaket er 2017. I 2018 blei det registrert 57 kull, og tre av ungekulla blei avliva ved hiuttak. Bestandsmålet er på 39 årlege kull. Ein bestand høgt over bestandsmålet vil skape auka vanskar for beitenæringa og tamreindrifta og kan føre til at fleire jervar etablerer seg i beiteprioriterte område.
Komiteen legg til grunn at lisensfelling er ein del av forvaltninga når bestandsmålet er nådd. Effektiv lisensfelling er eit viktig middel for å halde behovet for hiuttak nede.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Senterpartiet, meiner derfor det er positivt med forsøksordningar og utprøving av blant anna tekniske hjelpemiddel for å sikre uttak av fellingskvotane. Fleirtalet meiner dette er særs aktuelt i beiteprioriterte område med høge tap trass førebyggjande tiltak.
Komiteen legg til grunn at rovdyrforliket skal forvaltast på ein balansert måte, og at ein i situasjonar der jerv held på å etablere seg i beiteprioriterte område, set inn ekstraordinære tiltak tidleg for å hindre dette.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Senterpartiet, viser til at det i representantforslaget blir fremja seks forslag. Ein legg òg merke til at Senterpartiet også tidlegare har fremja liknande forslag som ikkje har blitt vedtekne i Stortinget. Dette var Dokument 8:23 S (2013–2014), behandla i Innst. 197 S (2013–2014).
Komiteen viser til svarbrev frå statsråd Ola Elvestuen, datert 18. oktober 2018 (vedlagt innstillinga), og til høyring i komiteen 15. november 2018.
Kunstig lys og elektronisk overvaking ved åtejakt
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Senterpartiet, viser til at det frå og med lisensfellingsperioden 2015–2016 er gjennomført ei treårig forsøksordning med bruk av kunstig lys ved åtejakt og elektronisk overvaking av fangstbåsar. Fleirtalet merkar seg at statsråden i svarbrevet sitt seier at desse forsøka er under evaluering, og at han vil vente på evalueringa før han tek stilling til om forsøksordninga skal bli gjort permanent. Fleirtalet er tilfreds med at regjeringa har forlenga forsøksordninga medan ein ventar på evalueringa og på vedtak om at forsøka kan gjerast permanente.
Fleirtalet syner til at Miljødirektoratet medan komiteen har hatt denne saka til handsaming, har fremja si faglege tilråding om prøveordningane. Denne tilrådinga blei sendt til Klima- og miljødepartementet 20. desember 2018. Fleirtalet merkar seg at direktoratet tilrår at bruken av verkemidla fastmontert kunstig lys på åte og kameraovervaking/elektronisk overvaking av fangstbås blir vidareførte, og at endringane i forskrift om utøving av jakt, felling og fangst blir permanente.
Bruk av snøscooter
Fleirtalet viser til at statsråden i svarbrevet sitt skriv at det er gjort permanente endringar i forskrifta om motorferdsel i utmark som opnar for at kommunen kan gje løyve til bruk av snøscooter ved uttransportering av åte, åtebu og fangstbås for jerv, samt ved tilsyn av jervebås. Fleirtalet meiner dette er eit godt tiltak for å gjere lisensjakta meir effektiv. Fleritalet ønskjer ikkje ei sterk liberalisering av regelverket for motorferdsel i utmark. Fleirtalet meiner uttransport av jegerar med snøscooter til godkjende åteplassar er eit godt tiltak ein kan vurdere å prøve ut i utvalde beiteprioriterte område der andre tiltak ikkje gjev tilfredstillande resultat. Dette tiltaket må vurderast nærare om noverande prøveordning ikkje gjev gode resultat og Statens naturoppsyn ikkje lukkast med ekstraordinære uttak.
Bruk av kunstig lys ved sporjakt på jerv
Fleirtalet viser til at viltlova har eit forbod mot bruk av kunstig lys til jaktføremål, men at regjeringa i forskrift kan gje løyve til fastmontert lys ved åtejakt. Fleirtalet viser til statsråden sitt svarbrev, der han viser til at dette er blant tiltaka som skal bli evaluerte. Komiteen ser det som ei anna problemstilling enn å opne for ikkje-fastmontert lys til sporingsjakt. Fleirtalet er einig med statsråden i at det er tungtvegande argument for å halde fast på det generelle forbodet mot kunstig lys, særleg knytt til tryggleik.
Utvida overvaking av område i kalvingsperioden for tamrein
Fleirtalet viser til statsråden sitt svarbrev. Det er ein klar fordel at ein ved etableringa av Rovdata har fått eit tydeleg skilje mellom forvaltning og overvaking. Fleirtalet er einig med statsråden i at overvakingsmetodikken skal bli avgjord av Rovdata og fagrådet. Fleirtalet vil likevel uttrykkje ei forventing om auka merksemd mot områda som er mest aktuelle for tamreinkalving.
Utvida lisensfellingsperiode med start av lisensjakt 20. august
Fleirtalet viser til at starttidspunktet for lisensjakt på jerv blei endra i 2005, slik at jaktstarten blei flytta frå 1. oktober til 15. september. Fleirtalet viser til statsråden sitt svarbrev, der han viser til at ein endå tidlegare jaktstart kan sette jervekvalpane i fare. Fleirtalet viser til at det er eit grunnleggande prinsipp at artar ikkje blir jakta i yngletida, derfor støttar fleirtalet ikkje forslaget om tidlegare jaktstart.
Laus, på drevet halsande hund ved lisensfelling av jerv
Fleirtalet meiner at bruk av laus, på drevet halsande hund ved jakt bør bli vurdert ut frå den enkelte viltarten og i kva grad han toler langvarig jaging.
Det er lite erfaringsgrunnlag når det kjem til bruk av laus, på drevet jagande hund til jakt på jerv og andre rovdyr. I tillegg til denne usikkerheita er det potensielle negative effektar på anna vilt og beitedyr ved bruk av denne jaktforma. Komiteen viser til at det er pågåande forsøk med bruk av laus, på drevet halsande hundar etter ulv denne sommaren. Fleirtalet vil derfor ikkje gje ei generell opning slik forslagsstillarane tar til orde for.
På bakgrunn av dette vil fleirtalet fremje følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa sende på alminneleg høyring eit forslag om å gjere forsøksordningane med fastmontert kunstig lys ved åtejakt og kameraovervaking/elektronisk overvaking av fangstbås permanente ved endring av forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst.»
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet viser til at antall jerv i mange år har ligget langt over bestandsmålet. Disse medlemmer viser videre til at lisensjakt på jerv til dels har vært mislykket fordi en bare har tatt ut om lag halvparten av de fastsatte kvotene gjennom flere år. Disse medlemmer vil påpeke at det at man i mange år har ligget langt over bestandsmålet, har skapt store problemer for beitenæringa og for tamreindrift mange steder i landet.
Disse medlemmer vil vise til at man i 2017 kom ned på bestandsmålet med 39 årlige kull, men at det i løpet av 2018 er registrert at bestanden av jerv igjen har økt kraftig, da særlig i Trøndelag og Hedmark. Dette innebærer at man i løpet av 2018 er kommet opp i 53 registrerte kull.
Disse medlemmer viser videre til at det de siste tre årene har vært gjennomført en prøveordning med kunstig belysning ved åtejakt og elektronisk overvåkning av jervebåser. Disse medlemmer vil understreke at prosjektet, som ble avsluttet i februar 2018, har fått gode skussmål.
Disse medlemmer er kjent med at tiltak med kunstig lys og elektronisk overvåkning har effektivisert jakten slik at flere dyr blir felt, og man har kommet nærmere den kvoten som er satt for lisensfelling. Disse medlemmer vil understreke at tiltakene også har bidratt til bedre dyrevelferd gjennom økt sikkerhet for human avlivning av jerv og bedre tilsyn med fangstbåser.
Disse medlemmer vil vise til at regjeringen har avslått søknader fra enkeltkommuner om å fortsette prosjektet etter at prøveperioden ble avsluttet, og at det er gitt utrykk for at en permanent ordning ikke vil bli etablert. Disse medlemmer mener det er uforståelig at det gis avslag på slike søknader, når ordningen har gitt gode resultater både når det gjelder effektivitet og dyrevelferd, og i tillegg har bidratt til at en større andel av lisenskvoten for jerv blir tatt ut.
Disse medlemmer mener ordningen bør gjøres permanent, og ser ingen grunn til å vanskeliggjøre en ordinær lisensjakt med utdaterte og ineffektive virkemidler. Disse medlemmer vil påpeke at ansvaret for å holde bestandsmålet for jerv må tas i forbindelse med fastsettelse av kvoter, ikke ved å gjøre jakten tungvint og gammeldags. Disse medlemmer vil understreke at målet må være å gjøre jakten effektiv og profesjonell.
Disse medlemmer fremmer følgende forslag:
Kunstig belysning og elektronisk overvåkning gjøres til permanente virkemidler ved all åtejakt på jerv.
2. Snøscooter tillates brukt ved inspeksjon av åtebuer og uttransportering av åte og bu og ved transport av personell og jegere ved åtejakt.
3. Det tillates bruk av lommelykt/hodelykt ved sporjakt på jerv.
4. Det stilles midler til rådighet for en utvidet overvåkning av områder under kalvingsperioden for tamrein.
5. Lisensfellingsperioden for jerv utvides slik at den starter 20. august.
6. Det tillates løs, på drevet halsende hund ved lisensfelling av jerv.»
Forslag frå mindretal
Forslag frå Senterpartiet:
Forslag 1
Kunstig belysning og elektronisk overvåkning gjøres til permanente virkemidler ved all åtejakt på jerv.
2. Snøscooter tillates brukt ved inspeksjon av åtebuer og uttransportering av åte og bu og ved transport av personell og jegere ved åtejakt.
3. Det tillates bruk av lommelykt/hodelykt ved sporjakt på jerv.
4. Det stilles midler til rådighet for en utvidet overvåkning av områder under kalvingsperioden for tamrein.
5. Lisensfellingsperioden for jerv utvides slik at den starter 20. august.
6. Det tillates løs, på drevet halsende hund ved lisensfelling av jerv.
Tilråding frå komiteen
Tilrådinga frå komiteen blir fremja av fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Senterpartiet.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
Stortinget ber regjeringa sende på alminneleg høyring eit forslag om å gjere forsøksordningane med fastmontert kunstig lys ved åtejakt og kameraovervaking/elektronisk overvaking av fangstbås permanente ved endring av forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst.
Bygger på
3Ikke i vårt datasett
- Dokument 8:23 S (2013-2014)
- Dokument 8:2 S (2018-2019)