Innstilling til Stortinget fra arbeids- og sosialkomiteen
Ingress
Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Pensjonar frå statskassa
Sammendrag
Innleiing
I samsvar med Grunnlova § 75 bokstav i legg departementet med dette fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.
Det blei i 2018 utbetalt 16 618 815 kroner. I statsbudsjettet for 2019 er det løyvt 17 500 000 kroner på kapittel 611 Pensjoner av statskassen.
Omtale av ordninga
Pensjon frå statskassa er ei særordning som gjev Stortinget høve til, ut frå ei vurdering av om det er rimeleg, å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte. Pensjonen byggjer ikkje på rettskrav, lov eller forskrift og blir gjerne omtala som gåvepensjon («billighetspensjon»).
Proposisjonen gjeld lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Dei er i hovudsak sjølve borgarar i landet der dei arbeider. Nokre av dei er norske borgarar, og nokre av desse har óg vanleg tenestetid i Statens pensjonskasse frå 1. januar 1996 gjennom å ha medlemskap i norsk folketrygd.
Lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar skal som ein hovudregel sikrast gjennom lokale trygde- og forsikringsordningar, jf. utanriksinstruksen.
Utanriksstasjonane skal sjølve syte for at det blir oppretta lokale trygde- og forsikringsordningar, og dei aller fleste er i dag omfatta av slike lokale ordningar. Unnataksvis kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, eller at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg. I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå statskassa. Sjølv om pensjonsrettane til dei lokalt tilsette er tekne inn i arbeidskontrakten etter utanriksinstruksen, kan tilhøve i tenestelandet, til dømes politisk uro, høg inflasjon og stor uvisse med omsyn til bank- og forsikringsordningar, føre til at den tilsette ikkje får den ytinga han eller ho har opparbeidt seg rett til ved alderdom, uførleik eller tap av forsørgjar.
Utanriksdepartementet legg stor vekt på å sørgje for at stasjonane følgjer opp instruksen så langt råd er, og sikrar at dei lokalt tilsette ved utanriksstasjonane er med i lokale ordningar. Det blir gjort klart at pensjon frå statskassa berre blir gjeve i særskilde høve der lokale ordningar ikkje finst eller ikkje sikrar dei tilsette godt nok. Utanriksdepartementet arbeider systematisk med innhenting av opplysningar frå utanriksstasjonane om arbeidsvilkåra til lokalt tilsette, inkludert pensjonsordningar.
Yting frå lokal pensjonsordning skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa.
Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Arild Grande, Eigil Knutsen, Anne Sandum og Hadia Tajik, fra Høyre, Margret Hagerup, Heidi Nordby Lunde og Kristian Tonning Riise, fra Fremskrittspartiet, Helge André Njåstad og lederen Erlend Wiborg, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Sosialistisk Venstreparti, Solfrid Lerbrekk, fra Venstre, Terje Breivik, og fra Kristelig Folkeparti, Geir Sigbjørn Toskedal, viser til Prop. 50 S (2018–2019) Pensjonar frå statskassa, som omhandler tilfeller der lokalt ansatte ved norske utenriksstasjoner ikke har, eller ikke er sikret, de ytelsene de har krav på ved alderdom, uførhet eller tap av forsørger, gjennom lokale ordninger.
Komiteen viser til sine merknader i forbindelse med tidligere behandlinger av tilsvarende proposisjoner, understreker igjen viktigheten av at lokalt ansatte ivaretas på en god måte, og uttrykker tilfredshet med at det har blitt gjort et arbeid for å sikre dette. Komiteen viser videre til Norges særlige ansvar for å gå foran med et godt eksempel når det gjelder arbeidsforhold, også når det gjelder lokalt ansatte ved norske utenriksstasjoner.
Komiteen viser for øvrig til regjeringens forslag til vedtak om pensjoner fra statskassen og slutter seg til dette.
Komiteens tilråding
Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og råder Stortinget til å gjøre følgende
vedtak:
Opplysningar om søkjaren
Pensjon
Nr.
Namn
Alder ved avskjeden (for etterlatne, noverande alder)
Tjenestestad
Vedteke
Pr. mnd
Gitt frå
Merknad
Utanriksdepartementet
1
Kirsten Elisabeth Lund
67
Washington
17.4.2018
SPK
1.6.2018
Tilleggstid
2
Vanida Bootboonprani
60
Bangkok
17.4.2018
1659
1.11.2018
3
Harvinder Singh
60
New Dehli
18.6.2018
7630
1.5.2021
4
Mingfen Mei
50
Beijing
18.6.2018
1661
1.8.2019
5
Dharshini Vijayanathan
47
Colombo
21.6.2018
1416
1.1.2019
6
Nikhil Halder
60
Dhaka
17.10.2018
5749
1.2.2021
7
Chandrasiri Jayawardena
60
Colombo
18.10.2018
1459
1.5.2017
8
Claudette Jayamanne
60
Colombo
22.10.2018
2823
1.7.2020
9
Prem Prasad
60
New Dehli
27.11.208
1319
1.9.2017
10
Sirikarn Sunthornpadungsin
60
Bangkok
28.1.2019
15015
1.1.2022
11
Chatri Moonstan
60
Bangkok
28.1.2019
5931
1.6.2019
12
Alexander Levin
60
St. Petersburg
28.1.2019
3623
1.12.2018
13
Carlos Tejeda Morera
68
Havanna
28.2.2019
1015
1.6.2020
Bygger på
1Ikke i vårt datasett
- Prop. 50 S (2018-2019)