Innstilling til Stortinget fra arbeids- og sosialkomiteen
Ingress
Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Pensjonar frå statskassa
Sammendrag
Innleiing
I samsvar med Grunnlova § 75 bokstav i, vert det lagt fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.
Det blei i 2016 utbetalt kr 18 112 210. I statsbudsjettet for 2017 er det løyvt kr 20 200 000 på kap. 611 Pensjoner av statskassen.
Omtale av ordninga
Pensjon frå statskassa er ei særordning som gjev Stortinget høve til å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte. Pensjonen byggjer ikkje på rettskrav, lov eller forskrift, og blir gjerne omtala som gåvepensjon («billighetspensjon»).
Proposisjonen no gjeld lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Dei er i hovudsak sjølv borgarar i landet der dei arbeider. Nokre av dei lokalt tilsette er norske borgarar, og nokre av desse har òg vanleg tenestetid i Statens pensjonskasse frå 1. januar 1996 gjennom å ha medlemskap i norsk folketrygd.
Lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar skal som ein hovudregel sikrast gjennom lokale trygde- og forsikringsordningar, jf. utanriksinstruksen.
Utanriksstasjonane skal sjølv syte for at det blir oppretta lokale trygde- og forsikringsordningar, og dei aller fleste er i dag omfatta av slike lokale ordningar. Unnataksvis kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, eller at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg. I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå statskassa. Sjølv om pensjonsrettane til dei lokalt tilsette er teke inn i arbeidskontrakten, kan tilhøve i tenestelandet, til dømes politisk uro, høg inflasjon og stor uvisse med omsyn til bank- og forsikringsordningar, føre til at vedkomande ikkje får den ytinga han eller ho har opparbeidt seg rett til ved alderdom, uførleik eller tap av forsørgjar.
Utanriksdepartementet legg stor vekt på å sørgje for at stasjonane følgjer opp instruksen så langt råd er, og sikrar at dei lokalt tilsette ved utanriksstasjonane er med i lokale ordningar.
Det blir gjort klart at pensjon frå statskassa berre blir gitt i særskilde høve der lokale ordningar ikkje finst eller ikkje sikrar dei tilsette godt nok. Utanriksdepartementet arbeider systematisk med innhenting av opplysningar frå utanriksstasjonane om arbeidsvilkåra til lokalt tilsette, inkludert pensjonsordningar.
Yting frå lokal pensjonsordning skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa. Dette gjeld anten utbetalinga er månadleg eller, som i visse tilfelle, som eit eingongsbeløp.
Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Dag Terje Andersen, Fredric Holen Bjørdal, Lise Christoffersen og Rigmor Aasrud, fra Høyre, Stefan Heggelund, lederen Arve Kambe, Bente Stein Mathisen og Bengt Morten Wenstøb, fra Fremskrittspartiet, Ingebjørg Amanda Godskesen og Erlend Wiborg, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Venstre, Sveinung Rotevatn, og fra Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Bergstø, viser til Prop. 100 S (2016–2017) Pensjonar frå statskassa, som gjelder der lokalt ansatte ved norske utenriksstasjoner ikke har, eller ikke er sikret, de ytelsene de har krav på ved alderdom, uførhet eller tap av forsørger, gjennom lokale ordninger.
Komiteen viser til sine merknader i forbindelse med tidligere behandlinger av samme proposisjon hvor den understreket igjen viktigheten av at lokalt ansatte ivaretas på en god måte og uttrykte tilfredshet med at det ble gjort et arbeid for å sikre dette. Komiteen viser videre til Norges særlige ansvar for å gå foran med et godt eksempel når det gjelder arbeidsforhold, også når det gjelder lokalt ansatte ved norske utenriksstasjoner.
Komiteen viser for øvrig til regjeringens forslag til vedtak om pensjoner fra statskassa og slutter seg til dette.
Komiteens tilråding
Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende
vedtak:
Opplysningar om søkjaren
Pensjon
Nr.
Namn
Alder ved avskjeden (for etterlatne, noverande alder)
Tenestestad
Vedteke
Pr. mnd
Gitt frå
Merknad
Utanriksdepartementet
1
Ragnhild Jacobsen Siemssen
69
København
15.7.2016
11436
1.7.2016
2
Pinky Masamvu
60
Harare
18.7.2016
9183
1.1.2017
3
Alice Olufsen
88
Bern
18.7.2016
5785
1.12.2015
4
Nemesio Mesa Polier
76
Havanna
22.7.2016
653
1.12.2016
5
Maria Theresa Rodriguez
69
Havanna
22.7.2016
2066
1.1.2017
6
Lilamber Joshi
60
New Delhi
21.11.2016
3049
1.8.2018
7
Elisabeth Risum Smith
67
Harare
21.11.2016
SPK
1.1.2017
Tilleggstid
8
Randi Owens
67
London
21.11.2016
SPK
1.12.2016
Tilleggstid
9
Philomena Malkanthi Samaranayake
60
Colombo
6.2.2017
1774
1.5.2016
10
Henaka Ralage Ananda Senanayake
58
Colombo
6.2.2017
1289
1.5.2016
11
Mahavidanalage Jayaweera Henry De Mel
60
Colombo
7.2.2017
738
1.5.2016
12
Winasa Mestri Leelasena
57
Colombo
6.2.2017
1107
1.5.2016
13
H.H.A. Dharmasiri
60
Colombo
7.2.2017
446
1.5.2016
14
Sinnathamby Murugamma
56
Colombo
6.2.2017
738
1.5.2016
15
Gwen Edema
52
Colombo
7.2.2017
339
1.5.2016
16
Nadia Hijawi
70
Amman
14.3.2017
11703
1.11.2018
Bygger på
1Ikke i vårt datasett
- Prop. 100 S (2016-2017)