Innstilling til Stortinget fra helse- og omsorgskomiteen
Ingress
Innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2025 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)
Innledning
Staten og KS forhandlar med Den norske legeforeningen, Norsk Psykologforening og dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund om endringar i basistilskot, driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi som sikrar desse gruppene inntektsauke. I denne proposisjonen vert det fremja nødvendige løyvingsendringar som følgje av inngåtte avtaler med organisasjonane.
Basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar blir fastsette for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år.
Løyvingsendringar
Kap. 571 Rammetilskudd til kommuner
Post 60 Innbyggertilskudd
Det vert gjort framlegg om å auke posten med 236,7 mill. kroner. Basistilskotets del av finansieringa av fastlegane skal aukast frå 1. juli 2025. Det er kommunane som utbetalar basistilskotet, og rammetilskotet til kommunane skal aukast med 236,7 mill. kroner for å finansiera dette i staden for at posten for refusjonar mv. for legane vert tilført desse midlane.
Kap. 2711 Spesialisthelsetjeneste mv.
Post 70 Spesialisthjelp
Avtala med legeforeininga medfører ein auke i honorarinntekta til avtalespesialistane tilsvarande 5,14 pst. Dette gjev ein auke i folketrygdas utgifter til refusjonar mv. til legane på 96,5 mill. kroner i 2025.
Post 71 Psykologhjelp
Avtala med psykologforeininga medfører ein auke i honorarinntekta til psykologane tilsvarande 3,6 pst. Dette gjev ein auke i folketrygdas utgifter til refusjonar mv. til psykologane på 10,5 mill. kroner i 2025.
Kap. 2755 Helsetjenester i kommunene mv.
Post 70 Allmennlegehjelp
Avtala med legeforeininga medfører ein auke i honorarinntekta til fastlegane tilsvarande 0,3 pst. Dette gjev ein auke i folketrygdas utgifter til refusjonar mv. til legane på 65 mill. kroner i 2025.
Post 71 Fysioterapi, kan nyttast under post 62
Avtala med fysioterapiorganisasjonane medfører ein auke i honorarinntekta til fysioterapeutane tilsvarande 5,6 pst. Dette gjev ein auke i folketrygdas utgifter til refusjonar mv. til fysioterapeutane på 91,5 mill. kroner i 2025.
Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kamzy Gunaratnam, Tove Elise Madland, Even A. Røed og Truls Vasvik, fra Høyre, Sandra Bruflot, Erlend Svardal Bøe og lederen Tone Wilhelmsen Trøen, fra Senterpartiet, Siv Mossleth og Kjersti Toppe, fra Fremskrittspartiet, Bård Hoksrud, fra Sosialistisk Venstreparti, Marian Hussein, fra Rødt, Seher Aydar, fra Kristelig Folkeparti, Hadle Rasmus Bjuland, og fra Pasientfokus, Irene Ojala, viser til proposisjonen og slutter seg til at departementet får fullmakt til å gjøre endringer i statsbudsjettet under Helse- og omsorgsdepartementet for 2025 som følge av endrede takster for leger, psykologer og fysioterapeuter fra 1. juli 2025.
Komiteens tilråding
Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende
vedtak:
I statsbudsjettet for 2025 gjøres følgende endringer:
Kap.
Post
Formål
Kroner
Utgifter
571
Rammetilskudd til kommuner
60
Innbyggertilskudd, blir auka med
236 700 000
frå kr 190 852 264 000 til kr 191 088 964 000
2711
Spesialisthelsetjeneste mv.
70
Spesialisthjelp, blir auka med
96 500 000
frå kr 3 050 000 000 til kr 3 146 500 000
71
Psykologhjelp, blir auka med
10 500 000
frå kr 443 000 000 til kr 453 500 000
2755
Helsetjenester i kommunene mv.
70
Allmennlegehjelp, blir auka med
65 000 000
frå kr 7 586 000 000 til kr 7 651 000 000
71
Fysioterapi, kan nyttast under post 62, blir auka med
91 500 000
frå kr 1 715 000 000 til kr 1 806 500 000
Bygger på
1Ikke i vårt datasett
- Prop. 151 S (2024-2025)