Innstilling til Stortinget frå næringskomiteen
Ingress
Innstilling frå næringskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2017 under Landbruks- og matdepartementet m.m.
Samandrag
Innleiing
Landbruks- og matdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingar mv. under enkelte kapittel og postar i statsbudsjettet for 2017.
Endringsforslag
Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet
Post 1 Refusjonar m.m.
Inntektene har vore lågare enn budsjettert, og departementet foreslår difor å redusere løyvinga med 90 000 kroner.
Kap. 1115 Mattilsynet
Post 1 Driftsutgifter
Mattilsynet prioriterer arbeidet mot sjukdommen Chronic Wasting Disease (CWD) høgt. Det blir arbeidd for å fjerne smittestoffet som i dag er funne i Noreg, som det einaste landet i Europa. Difor foreslår departementet ein auke i løyvinga over kap. 1115 post 1 på 8,5 mill. kroner.
Post 71 Tilskott til erstatningar
Mattilsynet har hatt høgare utgifter enn budsjettert til tilskott til erstatningar etter dyrevelferdslova § 4. Departementet foreslår difor å auke løyvinga over kap. 1115 post 71 med 2,0 mill. kroner.
Kap. 4115 Mattilsynet
Post 1 Gebyr m.m.
Ifølgje oppdaterte prognosar vil gebyrinntektene til Mattilsynet for 2017 bli på om lag 183,3 mill. kroner. Dette er 10 mill. kroner lågare enn budsjettert. Mindreinntekta skuldast i hovudsak lågare inntekt frå det nye gebyret på tilsyn med fiskehelse og -velferd på grunn av seinare fastsetting av forskrift enn det som var lagt til grunn. Departementet foreslår difor å redusere løyvinga over kap. 4115 post 1 med 10,0 mill. kroner.
Kap. 1142 Landbruksdirektoratet
Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark
Departementet foreslår å auke løyvinga med 500 000 kroner, mot tilsvarande reduksjon på kap. 1142 post 80.
Post 72 Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite
Løyvinga er ei overslagsløyving. Departementet foreslår å auke løyvinga med 165 000 kroner.
Post 80 Radioaktivitetstiltak
Departementet foreslår å redusere løyvinga over kap. 1142 post 80 med 500 000 kroner, mot ein tilsvarande auke under kap. 1142 post 71.
Kap. 1148 Naturskade – erstatningar
Post 71 Naturskade, erstatningar
På bakgrunn av oppdaterte prognosar for utbetalingar i 2017 og for tilsegn som ikkje er innfridde per 31. desember 2017, foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 44 mill. kroner og å auke tilsegnsfullmakta med 38,5 mill. kroner, til 79 mill. kroner.
Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket
Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket
På bakgrunn av oppdaterte prognosar for utbetalingar i 2017 og tilsegn som ikkje er innfridde per 31. desember 2017, foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 26,1 mill. kroner og å auke tilsegnsfullmakta med 26,1 mill. kroner, til 101,1 mill. kroner.
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
Post 73 Pristilskott
Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 127,3 mill. kroner. Det gir ei samla løyving over posten på 3 430,9 mill. kroner.
Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen
Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet
I tråd med omtale under kap. 1151 post 75 og post 79 foreslår departementet å redusere løyvinga over kap. 1151 post 51 med 3,0 mill. kroner.
Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott
Departementet foreslår å auke løyvinga over kap. 1151 post 75 med 2,8 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon på kap. 1151 post 51.
Post 79 Velferdsordningar
Departementet foreslår å auke løyvinga over kap. 1151 post 79 med 200 000 kroner, mot tilsvarande reduksjon på kap. 1151 post 51.
Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap
Post 90 Avdrag på lån
På posten blir det ført inntekter frå det statlege lånet Statskog SF fekk ved kjøpet av Borregaard Skoger AS, jf. Prop. 11 S (2010–2011). Styret i Statskog SF har vedtatt å betale 75 mill. kroner i avdrag på lånet i 2017. Departementet foreslår difor å auka løyvinga over kap. 4162 post 90 med 50,0 mill. kroner.
Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet
Post 85 Utbytte
Kimen Såvarelaboratoriet AS har vedtatt å betale inn 204 000 kroner til LMD som aksjeutbyte for 2016. Departementet foreslår difor å auka løyvinga over kap. 5651 post 85 med 204 000 kroner.
Kap. 5652 Statskog SF – renter og utbytte
Post 80 Renter
På posten blir det ført renter frå det statlege lånet Statskog SF fekk i forbindelse med kjøpet av Borregaard Skoger AS, jf. Prop. 11 S (2010–2011). Det er forventa at føretaket vil innbetale 1,75 mill. kroner i 2017. Departementet foreslår difor å redusere løyvinga over kap. 5652 post 80 med 1,05 mill. kroner.
Andre saker
Avvikling av ITAS Eierdrift AS
Departementet foreslår ei fullmakt til å avvikle selskapet ITAS Eierdrift AS.
Teljing av rein i Nordland og Troms
Etter fleire års teljing av rein i Finnmark vurderer Landbruksdirektoratet at behovet for teljing no er størst i Nordland og Troms reinbeiteområde. Kap. 1142 post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark gjeld i utgangspunktet Indre Finnmark, men departementet legg opp til å nytte noko av løyvinga på tiltak i Troms og Nordland.
Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ruth Grung, Cecilie Myrseth, Nils Kristen Sandtrøen og Terje Aasland, frå Høgre, Margunn Ebbesen, Ingunn Foss, Kårstein Eidem Løvaas og Tom-Christer Nilsen, frå Framstegspartiet, Kjell-Børge Freiberg og Morten Ørsal Johansen, frå Senterpartiet, Nancy P. Anti og leiaren Geir Pollestad, frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå Kristeleg Folkeparti, Steinar Reiten, syner til proposisjonen og dei framlegg som ligg i denne, og gjev sin tilslutnad til desse.
Tilråding frå komiteen
Komiteen viser til proposisjonen og til det som står ovanfor, og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak
om endringar i statsbudsjettet 2017 under Landbruks- og matdepartementet m.m.
I
I statsbudsjettet for 2017 blir det gjort følgjande endringar:
Kap.
Post
Føremål
Kroner
Utgifter
1115
Mattilsynet
1
Drifsutgifter, blir auka med
8 500 000
frå kr 1 356 484 000 til kr 1 364 984 000
71
Tilskott til erstatningar, overslagsløyving, blir auka med
2 000 000
frå kr 4 200 000 til kr 6 200 000
1142
Landbruksdirektoratet
71
Omstillingstiltak i Indre Finnmark, kan overførast, blir auka med
500 000
frå kr 2 300 000 til kr 2 800 000
72
Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite, overslagsløyving, blir auka med
165 000
frå kr 302 000 til kr 467 000
73
Tilskott til erstatningar mv. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon, overslagsløyving, blir auka med
20 000 000
frå kr 55 610 000 til kr 75 610 000
80
Radioaktivitetstiltak, kan overførast, blir redusert med
500 000
frå kr 500 000 til kr 0
1148
Naturskade – erstatningar
71
Naturskade, erstatningar, overslagsløyving, blir redusert med
44 000 000
frå kr 169 000 000 til kr 125 000 000
1149
Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket
71
Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, kan overførast, blir redusert med
26 100 000
frå kr 107 070 000 til kr 80 970 000
1150
Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
73
Pristilskott, overslagsløyving, blir auka med
127 340 000
frå kr 3 303 535 000 til kr 3 430 875 000
1151
Til gjennomføring av reindriftsavtalen
51
Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet, blir redusert med
3 000 000
frå kr 22 500 000 til kr 19 500 000
75
Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast, blir auka med
2 800 000
frå kr 85 550 000 til kr 88 350 000
79
Velferdsordningar, kan overførast, blir auka med
200 000
frå kr 2 250 000 til kr 2 450 000
Inntekter
4100
Landbruks- og matdepartementet
1
Refusjonar m.m., blir redusert med
90 000
frå kr 117 000 til kr 27 000
4115
Mattilsynet
1
Gebyr m.m., blir redusert med
10 000 000
frå kr 193 293 000 til kr 183 293 000
4162
Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap
90
Avdrag på lån, blir auka med
50 000 000
frå kr 25 000 000 til kr 75 000 000
5651
Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet
85
Utbytte, blir auka med
204 000
frå kr 0 til kr 204 000
5652
Statskog SF – renter og utbytte
80
Renter, blir redusert med
1 050 000
frå kr 2 800 000 til kr 1 750 000
Fullmakt til å pådra staten forpliktingar ut over gitte løyvingar
II
Stortinget samtykkjer i at Landbruks- og matdepartementet i 2017 kan gi tilsegn om tilskott ut over gitte løyvingar, men slik at samla ramme for nye tilsegn og gammalt ansvar ikkje overstig følgjande beløp:
Kap.
Post
Føremål
Samla ramme
1148
Naturskade – erstatningar
71
Naturskade, erstatningar
79,0 mill. kroner
1149
Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket
71
Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, kan overførast
101,1 mill. kroner
Andre saker
III
Stortinget samtykkjer i at Landbruks- og matdepartementet i 2017 kan gi Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstituttet fullmakt til å avvikle ITAS Eierdrift AS.
Bygger på
2Ikke i vårt datasett
- Prop. 11 S (2010-2011)
- Prop. 25 S (2017-2018)