Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2009 under Justis- og politidepartementet
1. Sammendrag
1.1 Kap. 456 Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK)
I St.prp. nr. 67 (2008–2009) vart det gjort greie for ytterlegare forseinkingar i leveransen av Nødnett, i hovudsak knytta til utsetjing i leverandøren si avsluttande testing av systemet. I St.prp. nr. 83 (2008–2009) orienterte Justisdepartementet om at prosjektet er hefta med ytterlegare utfordringar og nye forseinkingar.
Regjeringa har i Prop. 1 S (2009–2010) for Justisdepartementet foreslått løyvingar for fyrste trinn av Nødnett i budsjettet for 2010. Forslag til løyvingar i 2010 kjem som eit resultat av utsette betalingsmilepælar i 2009, og det vert derfor foreslått ei nedjustering av løyvingane under kap. 456 i 2009.
På grunn av forseinkinga og etatane sine behov for endringar i spesifikasjonar og funksjonalitet til kommunikasjonssentralane, kan den totale kostnaden for fyrste byggetrinn bli høgare enn tidlegare lagt til grunn.
Post 1 Driftsutgifter
Løyvinga dekkjer staten sine kostnader til drift av Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) og kostnader til drift til leverandøren for dei områda som vert bygd ut og satt i drift i 2008 og 2009.
Basert på dei foreløpige vurderingane av framdrifta i utbygginga og av forhandlingsresultatet, vert det samla foreslått å redusere løyvinga under kap. 456 post 1 med 70 mill. kroner i 2009.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga på posten skal dekkje investeringar i radionett, utstyr til naudetatane sine kommunikasjonssentralar og terminalar for fyrste utbyggingsområde.
Forseinkinga fører til utsett betaling av investeringsutgifter for nettverk- og kommunikasjonssentralleveranse.
Basert på dei foreløpige vurderingane av framdrifta i utbygginga og av forhandlingsresultatet, vert det samla foreslått å redusere løyvinga under kap. 456 post 45 med 258 mill. kroner i 2009.
1.2 Kap. 3456 Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK)
Post 1 Brukarbetaling
DNK kan ikkje krevje betaling frå brukarane før tidlegast seks månader etter oppstart av stabilitetsperioden. Forseinking i utbygginga medfører at det ikkje kan krevjast betaling frå brukarane i 2009.
Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 3456 post 1 med 4,563 mill. kroner i 2009.
Post 2 Refusjonar
I samband med fyrste utbyggingsområde av Nødnett vil det oppstå utgifter for DNK som skal bli refundert av leverandøren. Dei ytterlegare forseinkingane tilseier at refusjonane i 2009 vil bli redusert.
Basert på dei foreløpige vurderingane av framdrifta i utbygginga og av forhandlingsresultatet, vert det samla foreslått å auke løyvinga under kap. 3456 post 2 med 22,5 mill. kroner i 2009.
2. Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Anne Marit Bjørnflaten, Susanne Bratli, Freddy de Ruiter, Gorm Kjernli, Magne Rommetveit og Tone Merete Sønsterud, fra Fremskrittspartiet, Jan-Henrik Fredriksen, Ingebjørg Godskesen, Bård Hoksrud og Arne Sortevik, fra Høyre, Øyvind Halleraker, Lars Myraune og Ingjerd Schou, fra Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, fra Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og fra Kristelig Folkeparti, lederen Knut Arild Hareide, vil peke på at i forbindelse med utbyggingen av det nye nødnettet vil det oppstå utgifter for Direktoratet for nødkommunikasjon, og at utgifter skal refunderes av leverandøren.
Komiteen vil videre peke på at på grunn av stadige forsinkelser av innføringen av det nye Nødnett, innebærer dette at de forventede refusjonsinntektene ikke kan kreves inn i tråd med forventet oppstart av nødnettet.
Komiteen slutter seg til forslaget om at bevilgningen på kap. 3456 post 2 økes med 22,5 mill. kroner i 2009.
Komiteen har ellers ingen merknader og slutter seg forslagene i proposisjonen.
3. Komiteens tilråding
Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2009 vert det gjort følgjande endringar:
Kap.
Post
Formål
Kroner
Utgifter
456
Direktoratet for nødkommunikasjon
1
Driftsutgifter, vert redusert med
70 000 000
frå kr 183 877 000 til kr 113 877 000
45
Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, vert redusert med
258 000 000
frå kr 377 841 000 til kr 119 841 000
Inntekter
3456
Direktoratet for nødkommunikasjon
1
Brukarbetaling, vert redusert med
4 563 000
frå kr 4 563 000 til kr 0
2
Refusjonar, vert auka med
22 500 000
frå kr 5 000 000 til kr 27 500 000
Bygger på
4Ikke i vårt datasett
- Prop. 1 S (2009-2010)
- Prop. 45 S (2009-2010)
- St.prp. nr. 67 (2008-2009)
- St.prp. nr. 83 (2008-2009)