Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om endringar i statsbudsjettet 2014 under Olje- og energidepartementet�
Sammendrag�
Olje- og energidepartementet (OED) foreslår i proposisjonen endringar i statsbudsjettet 2014. �
Med bakgrunn i avviklinga av Konsesjonsavgiftsfondet blir det i proposisjonen foreslått at Konsesjonsavgiftsfondets vedtekter blir oppheva når endringane i industrikonsesjonslova og vassdragsreguleringslova fremja i Prop. 4 L (2014–2015) trer i kraft. �
Som ein del av den årlege behandlinga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytte til petroleumsverksemda, jf. Prop. 1 S og Innst. 9 S (2013–2014). �
I proposisjonen gjer Olje- og energidepartementet greie for bruk av enkelte av desse fullmaktene i 2014. �
Endringar i statsbudsjettet 2014�
Kap. 1810 Oljedirektoratet�
Post 1 Driftsutgifter�
Det blir foreslått å auke løyvinga med 4,2 mill. kroner, til 261,5 mill. kroner. Ein viser til motsvarande inntektsauke under kap. 4810, post 1 Gebyrinntekter. �
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast�
Det blir foreslått å auke løyvinga med 60 mill. kroner, til 210,1 mill. kroner. �
Ein viser til motsvarande inntektsauke under kap. 4810, post 2 Oppdrags- og samarbeidsinntekter. �
Kap. 1815 Petoro AS�
Post 73 Statleg deltaking i petroleumsverksemd på islandsk kontinentalsokkel, kan overførast�
Den norske stat deltek gjennom Petoro Iceland AS med 25 prosent i tre utvinningsløyve på islandsk kontinentalsokkel. �
Det blir foreslått ei fullmakt til å pådra staten forpliktingar utover gitt løyving på inntil 30 mill. kroner knytte til fortløpande forretningsverksemd innanfor gjeldande deltakingsvedtak, jf. forslag til romartalsvedtak II. Tilsvarande fullmakt er foreslått for 2015, jf. Prop. 1 S (2014–2015) for Olje- og energidepartementet. �
Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat�
Post 1 Driftsutgifter�
På vegner av offentlege verksemder har Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) inngått avtale om leveranse av elektronisk ID (eID) frå private leverandørar. �
Det blir foreslått å auke løyvinga med 25 000 kroner, til 493,625 mill. kroner. �
Post 22 Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under post 60 og 72�
Flaumen som råka fleire kommunar på Vestlandet i slutten av oktober har ført til omfattande skadar og det har vore naudsynt å setje i verk tiltak straks for å rydde opp og avverje fare for ytterlegare skadar. �
Det blir foreslått å auke løyvinga med 24 mill. kroner, til 265,3 mill. kroner. �
Kap. 1840 CO2-handtering �
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 74�
I samband med oppfølginga av Regjeringas strategi for det vidare arbeidet med CO2-handtering vil statsaksjeselskapet Gassco få i oppdrag å sjå på høve til transport av CO2 frå potensielle fangstprosjekt i Noreg, jf. kap. 1840, ny post 74 Transport av CO2.�
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, til 5 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande løyving under kap. 1840, ny post 74. Som følgje av usikkert kostnadsoverslag for ovannemnde arbeid blir det foreslått å tilføre posten stikkordet «kan nyttast under post 74». �
Post 70 Gassnova SF, kan overførast, kan nyttast under post 73 og 74�
Samla blir det foreslått å redusere løyvinga med 9,5 mill. kroner, til 144,8 mill. kroner. Gassnova disponerer hovuddelen av midlane til kartlegging av høve til fullskala demonstrasjon av CO2-handtering i Noreg. Det blir foreslått å tilføre posten stikkordet «kan nyttes under post 74» etter same forklaring som under post 21. �
Post 71 Forskingstenester, TCM DA, kan overførast�
Løyvinga til kjøp av forskingstenester dekkjer driftsutgifter ved teknologisenteret på Mongstad og nedbetaling av selskapets lån og kapitalkostnader. �
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 32 mill. kroner, til 1 732 mill. kroner. �
Post 73 Fullskala CO2-handtering på Mongstad, kan overførast, kan nyttast under post 70�
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 27,5 mill. kroner, til 0,5 mill. kroner. �
Post 74 (Ny) Transport av CO2, kan overførast�
I tråd med Prop. 1 S (2014–2015) blir det lagt opp til å føre vidare arbeidet med å kartleggje høve til fullskala demonstrasjon av CO2-handtering i Noreg. �
Utgiftene for studiane er førebels usikre, men første fasen av Gasscos arbeid med idéstudiar blir anslått til 10 mill. kroner. Regjeringa vil komme nærare tilbake til status og vidare planar i revidert budsjett 2015. �
Det blir foreslått ei løyving på 10 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1840, post 21 Spesielle driftsutgifter. Arbeidet vil starte opp i 2014, og vil gå føre seg inn i 2015. Det blir derfor foreslått at posten blir tilføydd stikkordet «kan overførast». �
Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda�
Løyvinga under kap. 2440, post 30 Investeringar blir foreslått redusert med 1 000 mill. kroner, til 37 000 mill. kroner. Reduksjonen skuldast hovudsakleg forskyving av prosjekt og investeringar på fleire felt. �
SDØEs berekna driftsresultat er redusert med 7 200 mill. kroner, til 118 900 mill. kroner.�
Overslaget for netto kontantstraum frå SDØE er redusert frå 116 900 mill. kroner til 109 900 mill. kroner, ein reduksjon på 7 000 mill. kroner frå gjeldande budsjett for 2014. �
Kap. 2490 NVE Anlegg�
Post 24 Driftsresultat�
Endringane i underpostar fører ikkje til endring i NVE Anlegg sitt berekna driftsresultat. �
Kap. 4800 Olje- og energidepartementet�
Post 70 Garantiprovisjon, Gassco�
Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner, til 1,4 mill. kroner. �
Kap. 4810 Oljedirektoratet �
Post 1 Gebyrinntekter�
Det blir foreslått å auke løyvinga med 4,2 mill. kroner, til 19,2 mill. kroner. �
Post 2 Oppdrags- og samarbeidsinntekter�
Det blir foreslått å auke løyvinga med 60 mill. kroner, til 131,4 mill. kroner. �
Post 4 Sal av undersøkingsmateriale�
Det blir foreslått å auke løyvinga med 37 mill. kroner, til 73 mill. kroner. Meirverdiavgift blir inntektsført under kap. 5521. �
Kap. 4840 CO2-handtering �
Post 80 Renter, TCM DA�
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, til 84 mill. kroner. �
Post 86 Avdrag, TCM DA�
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 12 mill. kroner, til 1 099 mill. kroner. �
Kap. 5582 Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet�
Post 70 Bidrag til kulturminnevern�
Det blir foreslått å auke løyvinga med 3,2 mill. kroner, til 5,6 mill. kroner. �
Kap. 5685 Aksjar i Statoil ASA�
Post 85 Utbytte�
Statoil ASA vil i 2014 utbetale utbytte for heile 2013 og for to kvartal i 2014. Den norske stat eig i dag 2 136 393 559 aksjar i selskapet. �
Det blir foreslått å auke løyvinga på post 85 med 7 691 mill. kroner, til 22 646 mill. kroner. �
Komiteens merknader�
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Åsmund Aukrust, Eva Kristin Hansen, Per Rune Henriksen, Anna Ljunggren og Terje Aasland, fra Høyre, Nikolai Astrup, Tina Bru, Odd Henriksen og Eirik Milde, fra Fremskrittspartiet, Jan-Henrik Fredriksen og Oskar J. Grimstad, fra Kristelig Folkeparti, Rigmor Andersen Eide, fra Senterpartiet, Marit Arnstad, fra Venstre, lederen Ola Elvestuen, fra Sosialistisk Venstreparti, Ingunn Gjerstad, og fra Miljøpartiet De Grønne, Rasmus Hansson, viser til de foreslåtte endringene i statsbudsjettet for 2014 for Olje- og energidepartementet, og til forslag om at Konsesjonsavgiftsfondets vedtekter blir opphevet når endringene i industrikonsesjonsloven og vassdragsreguleringsloven trer i kraft. �
Komiteens tilråding�
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt�
vedtak:�
I�
I statsbudsjettet for 2014 blir det gjort følgjande endringar:�
Kap.
Post
Formål
Kroner
Utgifter:
1810
Oljedirektoratet
1
Driftsutgifter, blir auka med
4 200 000
frå kr 257 300 000 til kr 261 500 000
21
Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir auka med
60 000 000
frå kr 150 100 000 til kr 210 100 000
1820
Noregs vassdrags- og energidirektorat
1
Driftsutgifter, blir auka med
25 000
frå kr 493 600 000 til kr 493 625 000
22
Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 60 og 72, blir auka med
24 000 000
frå kr 241 300 000 til kr 265 300 000
1840
CO2-handtering
21
Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 74, blir nedsett med
10 000 000
frå kr 15 000 000 til kr 5 000 000
70
Gassnova SF, kan overførast, kan nyttast under postane 73 og 74, blir nedsett med
9 500 000
fra kr 154 300 000 til kr 144 800 000
71
Forskingstenester, TCM DA, kan overførast, blir nedsett med
32 000 000
frå kr 1 764 000 000 til kr 1 732 000 000
73
Fullskala CO2-handtering på Mongstad, kan overførast, kan nyttast under post 70, blir nedsett med
27 500 000
frå kr 28 000 000 til kr 500 000
74
(Ny) Transport av CO2, kan overførast, blir løyvd med
10 000 000
2440
Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda
30
Investeringar, blir nedsett med
1 000 000 000
frå kr 38 000 000 000 til kr 37 000 000 000
2490
NVE Anlegg
0
24
Driftsresultat
Spesifikasjon:
Driftsinntekter
-85 000 000
Driftsutgifter
80 700 000
Avskrivingar
4 000 000
Renter av statens kapital
300 000
Investeringsformål
1 000 000
Reguleringsfond
- 1 000 000
0
Inntekter:
4800
Olje- og energidepartementet
70
Garantiprovisjon, Gassco, blir auka med
200 000
frå kr 1 200 000 til kr 1 400 000
4810
Oljedirektoratet
1
Gebyrinntekter, blir auka med
4 200 000
frå kr 15 000 000 til kr 19 200 000
2
Oppdrags- og samarbeidsinntekter, blir auka med
60 000 000
frå kr 71 400 000 til kr 131 400 000
4
Sal av undersøkingsmateriale, blir auka med
37 000 000
frå kr 36 000 000 til kr 73 000 000
4840
CO2-handtering
80
Renter, TCM DA, blir nedsett med
5 000 000
frå kr 89 000 000 til kr 84 000 000
86
Avdrag, TCM DA, blir nedsett med
12 000 000
frå kr 1 111 000 000 til kr 1 099 000 000
5440
Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda
24
Driftsresultat, blir nedsett med
7 200 000 000
frå kr 126 100 000 000 til kr 118 900 000 000
Spesifikasjon:
Driftsinntekter
180 800 000 000
Driftsutgifter
-31 600 000 000
Leite- og feltutviklingsutgifter
-2 300 000 000
Avskrivingar
-23 100 000 000
Renter av statens kapital
-4 900 000 000
118 900 000 000
80
Renter av statens kapital, blir nedsett med
800 000 000
frå kr 5 700 000 000 til kr 4 900 000 000
5582
Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet
70
Bidrag til kulturminnevern, blir auka med
3 200 000
frå kr 2 400 000 til kr 5 600 000
5685
Aksjar i Statoil ASA
85
Utbytte, blir auka med
7 691 000 000
frå kr 14 955 000 000 til kr 22 646 000 000
II�
Fullmakt til å inngå forplikting ut over gitt løyving�
Stortinget samtykkjer i at Olje- og energidepartementet i 2014 kan pådra seg forpliktingar utover gitt løyving innanfor følgjande beløp:�
Kap
Post
Formål
Samla ramme
1815
Petoro AS
73
Statleg deltaking i petroleumsverksemd på islandsk kontinentalsokkel
30 mill. kroner
III�
Oppheving av vedtektene til Konsesjonsavgiftsfondet�
Stortinget samtykkjer i at Konsesjonsavgiftsfondets vedtekter, vedtekne av Stortinget 31. januar 1975, blir oppheva når endringane i industrikonsesjonslova og vassdragsreguleringslova fremja i Prop. 4 L (2014–2015) trer i kraft. �
Bygger på
4Ikke i vårt datasett
- Prop. 1 S (2014-2015)
- Prop. 33 S (2014-2015)
- Prop. 4 L (2014-2015)