Hopp til innhold
Innstilling

Innstilling til Stortinget frå næringskomiteen

Innst. 89 S (2016–2017)Stortinget

Ingress

Innstilling frå næringskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Magne Rommetveit, Kjell-Idar Juvik, Else-May Botten, Kari Henriksen og Gunvor Eldegard om betre sjøtryggleik for fritidsbåtfolk

Samandrag

I grunnlagsdokumentet for Nasjonal transportplan (NTP) 2018–2029 kjem det fram at 476 personar har omkome i samband med bruk av fritidsfartøy i perioden frå 2002 til 2015. Berre i 2015 omkom 37, ein auke på ni personar eller 32 pst. frå året før. Samanlikna med skipsulukker ved ferdsel til sjøs i næring, er talet omtrent seks gonger høgare når det gjeld drepne knytt til bruk av fritidsbåt. Forslagsstillarane viser til at det gjennom fleire år til samanlikning har vore ein markant nedgang i talet på drepne og hardt skadde i biltrafikken. For vegtrafikken har ein fått ei halvering av talet på dødsfall den siste tiårsperioden, men på sjøen har talet på drepne ikkje minka. Dette er etter forslagsstillarane si meining urovekkjande.

Forslagsstillarane meiner det er ei utfordring at tre ulike departement har kvart sitt ansvarsområde. Til dømes ser Samferdselsdepartementet i hovudsak på sitt eige ansvarsområde – infrastruktur. Førebyggande sjøtryggleik ligg under Nærings- og fiskeridepartementet og beredskap under Justis- og beredskapsdepartementet. For at ein skal få betre effekt av tiltak, bør dette arbeidet samordnast langt betre enn det som er tilfellet i dag. Forslagsstillarane meiner at det er naudsynt med fleire tiltak for å redusera talet på drepne på sjøen. Dette gjeld også organisatoriske tiltak.

I dokumentet vert det lagt fram slikt forslag:

«Stortinget ber regjeringa styrka og samla den totale ressursinnsatsen innan sjøtryggleik i ein eigen strategi, med hovudføremål å få ned talet på omkomne og hardt skadde i fritidsbåtar. Stortinget ber regjeringa om følgjande åtgjerder:

Etablera ei eiga ulukkesgruppe som undersøker ulukker og brannar der fritidsbåtar er involvert. Innsamling og bruk av data må ha som føremål å førebyggja og hindra fleire ulukker og brannar.

Vurdera om andre enn politiet skal vera meldeinstans med føremål å få fleire til å rapportera uynskte hendingar og ulukker med fritidsbåtar til sjøs.

Vurdera åtgjerder fartsreduksjon i ulukkesutsette farvatn.

Vurdera åtgjerder som kan sikra at påbodet om flytevestar gir resultat.

Sikra at bransjeorganisasjonar og Redningsselskapet blir viktige medspelarar i arbeidet med å utforma ny strategi for å auka tryggleiken knytt til bruk av fritidsbåt.

Utarbeida særleg navigasjonsstøtte for fritidsbåtar.»

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, frå Høgre, Frank Bakke-Jensen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove Trellevik, frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad, Oskar J. Grimstad og Morten Ørsal Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, frå Senterpartiet, leiaren Geir Pollestad, frå Venstre, Pål Farstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, viser til representantforslaget Dokument 8:107 S (2015–2016) om betre sjøtryggleik for fritidsbåtbruk og svarbrevet frå Nærings- og fiskeridepartementet av 13. oktober 2016 (vedlagt).

Komiteen viser til viktigheita av tryggleik i ferdsel på havet og deler derfor forslagsstillarane sin intensjon om fokus på sikkerheit ved bruk av fritidsbåtar. Fleire skaffar seg slike båtar, samt at mengda hestekreftar blir større, og derfor er dette spesielt viktig for å forhindre skadar og dødsulukker. I så måte er det gledeleg at Kystverket og Sjøfartsdirektoratet arbeider kontinuerleg for å sikre tryggleiken for fritidsbåtbrukarar, og at sistnemde er ein god instans for å melde sjøulukker.

Komiteen deler forslagsstillarane sitt syn på at det er viktig at dei som køyrer fritidsbåtar, har tilstrekkeleg kompetanse med omsyn til å førebyggje ulukker til havs. Kunnskap omkring kva som er årsakene til ulukkene, er òg avgjerande ved bruk av båtar til fritidsføremål.

Komiteen viser til brev av 13. oktober 2016 frå næringsministeren, der også næringsministeren uttrykkjer at ho meiner at det er naudsynt å auke sikkerheita og ønskjer å treffe tiltak som kan få ned mengda ulukker.

Det går fram i dette brevet at det allereie er stor merksemd frå både myndigheiter og andre aktørar for å få ned ulukkestala for fritidsbåtar, samt at det er iverksett tiltak for å auke kunnskapen om tryggleiken ved ferdsel med båt, herunder arbeid med gode holdningar og godt sjømannskap, innføring av obligatorisk båtførarprøve og informasjonskampanjar. Frivillige organisasjonar har òg høve til å søkje om midlar til sjøvettaktivitetar for barn og unge.

I brevet vert det òg vist til Stortinget sitt vedtak i 2015 om eit påbod om bruk av flyteutstyr på desse båtane. Med omsyn til påbodet om flytevest er det for tidleg å seie om påbodet har hatt ein effekt på mengda dødsulukker. Fleire vil derfor meine at det er for tidleg å konkludere.

Komiteen viser til at regjeringa i framlegg til statsbudsjett for 2017 har foreslått å auke løyvingar til Statens havarikommisjon for transport, noko som gjev havarikommisjonen rom for å undersøkje fleire sjøulukker. Vidare held regjeringa i budsjettforslaget fram at Kystverket vil utrede tiltak for å styrke tryggleiken for fritidsfartøy.

Komiteen peiker på at arbeidet med krisehandtering ved fritidsbåtulukker også er ein avgjerande del av tryggleiken til sjøs. Derfor er det viktig at Redningsselskapet, Sjøfartsdirektoratet og Statens havarikommisjon for transport er gode instansar i så måte, for å begrense ulukkesomfanget.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at sjølv om næringsministeren trekker fram ei rekke tiltak, så ligg ingen samla strategi eller tydeleg målsetting til grunn for regjeringas arbeid. Arbeidet med å redusere talet på omkomne og hardt skadde i fritidsbåtar inkluderer mange aktørar, og ein felles strategi er viktig for å koordinere innsatsen og å lukkast med målsettinga.

Uttale frå transport- og kommunikasjonskomiteen

Komiteens utkast til innstilling ble 10. november 2016 oversendt transport- og kommunikasjonskomiteen til uttalelse. Transport- og kommunikasjonskomiteen uttaler følgende i sitt brev av 15. november 2016:

«Ein syner til brev med vedlagt utkast til innstilling til Dokument 8:107 S, der transport- og kommunikasjonskomiteen får saka til uttale før endeleg avgiving frå Næringskomiteen.

Transport- og kommunikasjonskomiteen har handsama innstillingsutkastet, og har i møtet sitt i dag avgitt følgjande uttale:

'Komiteen syner til handsaminga av Meld. St. 35 S (2015–2016) «På rett kurs – forebyggende sjøsikkerhet og beredskap mot akutt forurensing», jf. Innst. 72 S (2016-2017), som i hovudsak handlar om det som ligg under Samferdselsdepartementet sitt ansvarsområde. Ein samla komité ber der regjeringa om at det som ei oppfølging blir utarbeidd ei stortingsmelding om betre samhandling mellom alle aktørane når det gjeld førebyggande sjøtryggleik og kystberedskap, og at ei slik melding også må omhandla ulukker knytt til bruk av fritidsbåt, og fremjar forslag om det i Innst. 72 S (2016-2017). Utover det har ikkje komiteen fleire merknadar.'»

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen vert fremja av ein samla komité.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Dokument 8:107 S (2015–2016) – om representantforslag frå stortingsrepresentantane Magne Rommetveit, Kjell-Idar Juvik, Else-May Botten, Kari Henriksen og Gunvor Eldegard om betre sjøtryggleik for fritidsbåtfolk – vert å leggje ved møteboka.

Bygger på

2

Ikke i vårt datasett

  • Dokument 8:107 S (2015-2016)