Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2011 under Fiskeri- og kystdepartementet
Samandrag
Fiskeri- og kystdepartementet foreslår endra løyving under kap. 1020 og å gjere mindre forbruk for oppdragsnemnd overførbar under kap. 1021 Drift av forskingsverktøy og kap. 1022 Nifes.
Kap. 1020 Havforskingsinstituttet
Post 1 Driftsutgifter
Innleige av erstatningsfartøy til økosystemtokt
Forskingsfartøyet «G.O.Sars» måtte takast ut av drift ein periode hausten 2011 på grunn av motorproblem. Det har ikkje vore mogleg å omdisponere dei andre forskingsfartøya for å dekkje planlagte tokt med «G.O.Sars» i den perioden fartøyet var ute av drift. Havforskingsinstituttet måtte derfor leige inn eit erstatningsfartøy for å kunne gjennomføre økosystemtokt i Barentshavet. Dette toktet er heilt naudsynt for å oppfylle dei forskings- og overvakingsoppgåvene instituttet har. Departementet foreslår derfor å auke kap. 1020 post 1 med 5,1 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Periodiseringsavvik for oppdrag under Havforskingsinstituttet
Havforskingsinstituttet hadde både i 2009 og 2010 eit større kontant uheimla meirforbruk ved årsslutt sjølv om det var tilstrekkelege kontraktfesta oppdragsinntekter til å dekkje meirforbruket. Avviket skuldast at ein del av dei kontraktfesta prosjektinntektene blir innbetalte etterskotsvis, slik at nokre av inntektene knytte til prosjektutgifter i budsjettåret kjem inn året etter.
Havforskingsinstituttet arbeider for at det kontante periodiseringsavviket blir så lite som mogleg. Instituttet bereknar likevel at løyvinga på post 21 vil vere 15 mill. kroner for låg til å dekkje utgifter som er komen til i 2011.
Departementet foreslår derfor å auke løyvinga under post 21 Spesielle driftsutgifter med 15 mill. kroner i 2011. Departementet vil foreslå ein tilsvarande auke av inntektsløyvinga på kap. 4020 post 3 i samleproposisjonen som blir lagd fram i samband med revidert nasjonalbudsjett 2012.
Kap. 1021 Drift av forskingsfartøy
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Budsjettmessig handtering av oppdrags-verksemda
For å sikre at eventuelle større kontante samla mindreforbruk for oppdragsverksemda ut over 5 pst. av løyvinga på posten kan overførast, foreslår departementet at stikkordet «kan overførast» blir tilføya posten, jf. forslag til romartalsvedtak.
Kap. 1022 Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Budsjettmessig handtering av oppdrags-verksemda
For å sikre at eventuelle større kontante mindreforbruk for oppdragsverksemda ut over 5 pst. av løyvinga på posten kan overførast, foreslår departementet at stikkordet «kan overførast» blir tilføya posten, jf. forslag til romartalsvedtak.
Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Tor Bremer, Svein Gjelseth, Stine Renate Håheim, Hadia Tajik, Truls Wickholm og leiaren Marianne Aasen, frå Framstegspartiet, Mette Hanekamhaug, Tord Lien og Bente Thorsen, frå Høgre, Elisabeth Aspaker, Svein Harberg og Henning Warloe, frå Sosialistisk Venstreparti, Aksel Hagen, frå Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen, og frå Venstre, Trine Skei Grande, viser til proposisjonen.
Kap. 1020 postene 1 og 21
Komiteen mener det er av avgjørende betydning at Havforskningsinstituttet blir gitt anledning til å leie inn nødvendig maritim kapasitet når egne fartøy ikke er tilgjengelig til å utføre nødvendige forsk-nings- og overvåkningsoppgaver instituttet har. Komiteen slutter seg derfor til økningen på kap. 1020 post 1.
Komiteen har merket seg at avviket skyldes at en del av de kontraktfestede prosjektinntektene blir innbetalt etterskuddsvis, slik at noen av inntektene knyttet til prosjektutgifter i budsjettåret blir innbetalt året etter. Komiteen slutter seg til økningen på kap. 1020 post 21.
Kap. 1021 post 21 og kap. 1022 post 21
Komiteen legger til grunn at formålet med å legge til «kan overføres» på postene er å gi Havforsk-ningsinstituttet og NIFES større handlefrihet, og slutter seg til forslagene.
Tilråding frå komiteen
Komiteen syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slike
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2011 blir det gjort følgjande endringar:KapPostFormålKronerUtgifter1020Havforskingsinstituttet1Driftsutgifter, blir auka med 5 100 000frå 342 073 000 til 347 173 00021Spesielle driftsutgifter, blir auka med 15 000 000frå 289 400 000 til 304 400 000
Kap
Post
Formål
Kroner
Utgifter
1020
Havforskingsinstituttet
1
Driftsutgifter, blir auka med
5 100 000
frå 342 073 000 til 347 173 000
21
Spesielle driftsutgifter, blir auka med
15 000 000
frå 289 400 000 til 304 400 000
II
Tilføying av stikkord
Stortinget samtykkjer i at stikkordet «kan overførast» blir tilføya kap. 1021 Drift av forskingsfartøy, post 21 Spesielle driftsutgifter og kap. 1022 Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking, post 21 Spesielle driftsutgifter, i statsbudsjettet for 2011.
Bygger på
1Ikke i vårt datasett
- Prop. 23 S (2011-2012)