Hopp til innhold
Lovvedtak

Vedtak til lov om endring i opplæringslova

Lovvedtak 93 (2017–2018)Stortinget

Vedtak til lov

I

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa gjer ein følgjande endring:

Ny § 15-9 skal lyde:

§ 15-9Innhenting av opplysningar frå Folkeregisteret

Offentlege myndigheiter kan utan hinder av teieplikt innhente opplysningar frå Folkeregisteret når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter denne lova. Departementet gir forskrift om kva for opplysningar som kan innhentast.

II

Endringa under I tek til å gjelde frå 1. oktober 2018.

Bygger på

2

Ikke i vårt datasett

  • Prop. 86 LS (2017-2018)