Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova.
I kraft fra: 2001-02-01
I
I forskrift av 28. juni 1999 nr. 722 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:
Overskriften til kapittel 1 skal lyde:
Kapittel 1. Innhald
(Opplæringslova § 1-3, § 2-2 første ledd og femte ledd, § 2-3 andre ledd, § 2-6, § 2-8, § 3-1 tredje ledd, § 3-2 første ledd og § 3-4 første ledd)
§ 1-3 skal lyde:
Den vidaregåande opplæringa skal vere i samsvar med den generelle delen av læreplanen og dei fagspesifikke læreplanane. Etter framlegg frå partane i arbeidslivet fastset departementet i dei enkelte fagspesifikke læreplanane kva for fag som skal ha opplæring i bedrift.
Elevar med rett til opplæring etter opplæringslova § 3-9 som får opplæring ved ein knutepunktskole eller senterskole etter opplæringslova § 3-9 andre ledd, skal i faga teiknspråk og norsk ha opplæring i samsvar med læreplanane Teiknspråk som førstespråk og Norsk for elevar med teiknspråk som førstespråk.
Elevar med rett til opplæring etter opplæringslova § 3-10 har rett til 608 timar i tillegg til den ordinære fag- og timefordelinga som følgjer av læreplanane.
Overskriften foran § 1-7 oppheves.
§ 1-7 skal lyde:
Minoritetsspråklege søkjarar som tek i mot tilbod om innføringskurs som forkurs til grunnkurs, får utsett opplæringsretten etter opplæringslova § 3-1 tredje ledd.
§ 1-8 oppheves.
§ 3-5 skal lyde:
til jul, eller seinast innan utløpet av januar, for 8., 9. og 10. klassesteget ved slutten av skoleåret for 8. og 9. klassesteget i fag som ikkje er avgangsfag.
ved slutten av skoleåret: standpunktkarakterar i avgangsfag for 8., 9. og 10. klassesteget, dessutan endelege karakterar i orden og åtferd for 10. klassesteget seinast dagen før fellessensurmøtet etter forskrifta § 3-14 første ledd: standpunktkarakterar i skriftlege fag seinast dagen før kunngjering om munnleg avgangsprøve: standpunktkarakterar i munnlege fag i felles sensurmøte; tidspunkt fastsett av Læringssenteret: avgangsprøvekarakterar etter at undervisninga og annan skoleaktivitet er avslutta: endelege karakterar i orden og åtferd.
§ 3-13 skal lyde:
Avgangsprøvekarakterar blir fastsette på grunnlag av offentlege prøver. Avgangsprøva kan vere skriftleg og/eller munnleg. Kvar elev skal prøvast i minst eitt fag.
Læringssenteret lagar oppgåvesett og fastset prøvefaga for den enkelte skolen til den skriftlege avgangsprøva, og ordninga for munnleg avgangsprøve.
Læringssenteret avgjer kvart år kva for fylke og kommunar det skal haldast munnleg avgangsprøve i, medan kommunen fastset fag og prøveparti ved dei enkelte skolane. Faglæraren lagar oppgåver og drøfter dei før prøva med ein sensor oppnemnd av Statens utdanningskontor. Saman med den oppnemnde sensoren har faglæraren ansvaret for gjennomføringa av prøva.
§ 3-14 skal lyde:
Elevsvar frå den skriftlege avgangsprøva blir sensurerte av to sensorar etter retningslinjer laga av Læringssenteret under førehandssensuren kvart år. Sensorane blir oppnemnde av Statens utdanningskontor i kvart fylke. Karakterane blir endeleg fastsette på fellessensurmøte.
Etter munnleg eksaminasjon fastset sensor karakteren etter drøfting med eksaminator (faglæraren). Sensoren og faglæraren har kvar for seg høve til å gi merknader til eksaminasjonen eller sensuren.
§ 3-16 skal lyde:
Ein elev som ikkje rettar seg etter dei reglane Læringssenteret har fastsett for avgangsprøva, kan visast bort av rektor. Vedtak om bortvising kan klagast på til kommunen og vidare til Statens utdanningskontor i fylket. Skolen skal gi eleven og foreldra melding om klageretten.
§ 3-17 skal lyde:
Kvar skole skal føre ein protokoll for terminkarakterar og ein protokoll for avgangskarakterar.
Elevar som blir fritekne for opplæringsplikt, skal framleis stå i protokollen for terminkarakterar og protokollen for avgangskarakterar.
Terminkarakterane skal førast i protokollen for terminkarakterar og underskrivast av faglærarane og klassestyraren innan ein frist fastsett av rektor. Avgangskarakterar skal førast i protokollen for avgangskarakterar og underskrivast av faglærarane og rektor innan ein frist fastsett av Læringssenteret.
Karakterane er fastsette når dei er førte i protokollen og protokollen er underskriven. Avgangskarakterane skal skrivast utan pluss, minus eller mellomkarakterar. Karakterrubrikkar som ikkje blir brukte, skal blokkerast med vassrett strek. Merknadsrubrikken i protokollen for avgangskarakterar skal berre brukast for eventuelt å gi opplysning om kva karakteroppgjer karakteren (karakterane) er henta frå, og om eleven har avlagt skriftleg avgangsprøve i munnleg form. Føringsfeil i protokollen skal rettast. Rettinga skal attesterast av rektor.
Terminkarakterar kan ikkje endrast etter at dei er fastsette. Avgangskarakterar kan endrast etter klage.
§ 3-23 skal lyde:
Grunnskolar med avgangselevar har plikt til å ta imot oppmelding frå vaksne som ønskjer vitnemål med karakterar på linje med avgangselevar i grunnskolen.
Vaksne som ønskjer vitnemål frå grunnskolen, kan gå opp til eksamen som privatistar utan å ta opplæring på førehand. Dette gjeld eksamen i både skriftlege og munnlege fag.
Vaksne som tek del i eit grunnskoletilbod organisert av kommunen, jf. opplæringslova § 13-5, kan få standpunktkarakter og følgje den ordinære trekkordninga i grunnskolen. Vaksne må ta fire standpunktprøver som utgjer grunnlaget for standpunktkarakteren. Omfanget av lærestoffet må svare til det elevane i avgangsklassane har arbeidd med. Rektor godkjenner i kvart enkelt tilfelle lærestoffet og tek stilling til omfanget av prøvinga.
Kommunen skal gi vaksne orientering om den ordninga som er fastlagd i lov og forskrifter.
Kommunen er ansvarleg for oppmelding, prøving og utskriving av vitnemål for vaksne.
Reglane i forskrifta § 3-4 til § 3-8 og forskrifta § 3-17 til § 3-22 gjeld for vaksne så langt dei høver.
Nordmenn som bur utanlands, og sjøfolk i utanriksfart, kan ta prøver i fag/delar av fag der oppgåvene kan vere skriftlege. Læringssenteret er ansvarleg for det praktiske opplegget.
§ 3-28 skal lyde:
Læringssenteret er ansvarleg for sentralgitte skriftlege avgangsprøver. Vaksne nyttar dei særskilde avgangsprøvene for vaksne. I visse høve kan vaksne nytte dei same skriftlege prøvene som avgangselevane.
Vaksne privatistar som er oppmelde til eksamen, men som blir sjuke på prøvedagen, kan etter søknad frå kommunen til Statens utdanningskontor i fylket gå opp til lokalgitt avgangsprøve så snart det let seg gjere.
Dersom det ligg føre velferdsgrunnar, kan Statens utdanningskontor i fylket, etter søknad frå den enkelte kommunen, gi høve til å nytte lokalgitte avgangsprøver.
Skolen utviklar og ordnar den lokalgitte avgangsprøva etter sentralgitte retningslinjer.
Skolen er ansvarleg for munnleg avgangsprøve. Ved oppmelding godkjenner rektor i kvart tilfelle lærestoffet og tek stilling til omfanget av prøvinga.
Overskriften til kapittel 4 skal lyde:
Kapittel 4. Vurdering i vidaregåande opplæring
§ 4-1 skal lyde:
Elevar, lærlingar og lærekandidatar i offentleg vidaregåande opplæring og i private vidaregåande skolar godkjende etter privatskulelova § 3 bokstav a, c og d, har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet. Det same gjeld privatistar og praksiskandidatar. Fylkeskommunen og dei private skolane har ansvaret for at rettane til elevane, lærlingane og lærekandidatane blir oppfylte.
For vaksne i opplæring organisert for dei gjeld reglane i § 4-59 – § 4-67 uttømmande.
For vaksne som følgjer ordinær opplæring i vidaregåande skole, gjeld dei andre reglane om vurdering i kapittel 4.
§ 4-2 skal lyde:
vurdering, eksamen, fag- og sveineprøve, kompetanseprøve og dokumentasjonsordningar som gjeld vidaregåande opplæring etter opplæringslova karaktersystemet i vidaregåande skole og fagopplæring oppmelding til eksamen, fag-/sveineprøve og kompetanseprøve fritak for vurdering i fag fritak for fag reaksjonar ved brot på eksamensføresegnene.
§ 4-3 skal lyde:
Elev er etter reglane i dette kapitlet ein som er teken inn i den vidaregåande skolen, og som har teke imot plassen. Ein elev kan vere heilkurselev eller delkurselev. Lærling er ein som har skrive lærekontrakt med sikte på fag- eller sveineprøve i fag som har læretid i bedrift, jf. forskrifta § 1-3 og opplæringslova § 4-1. Lærekandidat er ein som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på ei mindre omfattande prøve enn fag-/sveineprøve, jf. opplæringslova § 4-1. Praksiskandidat er etter reglane i dette kapitlet ein som har meldt seg til fag-/sveineprøve etter opplæringslova § 3-5 utan å vere elev eller lærling. Privatist er etter reglane i dette kapitlet ein som har meldt seg til eksamen utan å vere elev. Fyrstegongsprivatist er etter reglane i dette kapitlet ein som har meldt seg til eksamen utan å vere elev og som ikkje har karakter i faget korkje som elev eller privatist. Eksamen er den prøva som blir organisert etter reglane i dette kapitlet, og som blir halden ved avslutninga av fag. Omgrepet omfattar ikkje den praktiske delen av fag-/sveineprøva. Fag-/sveineprøve er den avsluttande prøva for lærlingar og praksiskandidatar. Kompetanseprøve er den avsluttande prøva for lærekandidatar.
§ 4-9 skal lyde:
For elevar skal det givast ein felles karakter i orden og åtferd.
om eleven sine arbeidsvanar er prega av ansvar, orden og at eleven er ryddig, punktleg og påliteleg om eleven opptrer omsynsfullt, realt og høfleg mot andre.
Kriteria for karakterane i orden og åtferd skal gjerast kjende for eleven.
Rektor har ansvaret for at terminkarakter og standpunktkarakter i orden og åtferd blir sette etter drøfting i møte der alle lærarane i klassen er til stades.
Standpunktkarakterane i orden og åtferd skal baserast på to terminkarakterar.
§ 4-10 skal lyde:
Eleven/lærlingen/lærekandidaten skal få løpande individuell rettleiing og vurdering i forhold til måla i dei fagspesifikke læreplanane, under dette fellesmål, t.d. når det gjeld hans/hennar arbeid og utvikling i faget, med sikte på å hjelpe eleven/lærlingen til å nå desse måla på best mogleg måte. Lærekandidaten skal ha vurdering og rettleiing i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for han/henne, jf. forskrifta § 6-37 eller opplæringslova § 5-5 første ledd.
Eleven/lærlingen/lærekandidaten skal få løpande individuell rettleiing og vurdering i forhold til dei mål i den generelle delen av læreplanen som ikkje inngår i dei fagspesifikke læreplanane, med sikte på at han/ho skal kunne nå desse måla på best mogleg måte.
Individuell vurdering som ikkje blir avslutta med karakter, skal givast for å utvikle heilskapleg kompetanse hos eleven/lærlingen/lærekandidaten, i samsvar med dei samla måla for opplæringa, mellom desse verdi- og holdningsmål, og utvikling av eigenskapar og dugleik.
Som ein del av den individuelle rettleiinga og vurderinga som ikkje skal avsluttast med karakter, skal skolen/lærebedrifta minst ein gong kvart halvår gjennomføre ein samtale med eleven/lærlingen/lærekandidaten.
Det er fylkeskommunen sitt ansvar å sjå til at rettleiinga og vurderinga blir gjennomført etter intensjonane.
§ 4-11 skal lyde:
Den enkelte skolen/lærebedrifta skal ha eit system som sikrar at opplæringa blir planlagd, gjennomført og vurdert i samarbeid med eleven/lærlingen/lærekandidaten og som sikrar at opplæringa er i tråd med den generelle delen av læreplanen og dei fagspesifikke læreplanane.
Elevane/lærlingane/lærekandidatane skal få ei innføring som gir grunnlag for å kunne delta aktivt i dette arbeidet.
§ 4-16 skal lyde:
Normalt skal elevane følgje alle fag i eit kurs. Rektor kan likevel etter søknad gi fritak for fag som inngår i fagfordelinga i eit kurs, dersom vedkomande tidlegare har bestått det same faget eller har bestått likeverdig eller meir omfattande opplæring i faget. Dette gjeld ikkje for faget kroppsøving.
For den praktiske delen av faget kroppsøving kan rektor etter søknad gi fritak når det ved fråsegn frå lege er dokumentert at opplæringa er til skade for eleven, og tilpassa opplæring ikkje er mogleg.
§ 4-19 skal lyde:
Vitnemål Kompetansebevis.
Dokumentasjonen blir utferda av skolen.
Fag-/sveinebrev Kompetansebevis.
Til lærekandidatar skal det utferdast kompetansebevis. Kompetansebeviset skal vise kva opplæring lærekandidaten har gjennomført, og korleis opplæringa er vurdert.
Dokumentasjonen blir utferda av fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda i samarbeid med lærebedrifta og prøvenemnda.
Departementet fastset dei formulara som skal nyttast etter denne paragrafen.
§ 4-20 skal lyde:
Alle som har gjennomgått vidaregåande opplæring etter opplæringslova, har rett til å få opplæringa dokumentert.
§ 4-21 skal lyde:
Ein elev/privatist som oppnår ny(e) karakter(ar) i fag eller som tek nye fag, har rett til ny dokumentasjon etter reglane i denne paragrafen.
nytt fag som blir teke til erstatning for tidlegare fag ny eksamenskarakter som er betre enn gjennomsnittet av tidlegare oppnådd standpunktkarakter og eksamenskarakter, dersom eleven/privatisten tidlegare har oppnådd både standpunktkarakter og eksamenskarakter i faget ny eksamenskarakter som er betre enn tidlegare oppnådd standpunktkarakter, dersom eleven/privatisten tidlegare har oppnådd standpunktkarakter, men ikkje eksamenskarakter, i faget ny eksamenskarakter som er betre enn tidlegare oppnådd eksamenskarakter dersom eleven/privatisten tidlegare har oppnådd eksamenskarakter, men ikkje standpunktkarakter, i faget.
Dersom eit vitnemål eller eit kompetansebevis går tapt, skal det utferdast nytt, identisk vitnemål/kompetansebevis.
§ 4-22 skal lyde:
Vitnemål blir gitt som dokumentasjon for bestått treårig opplæringsløp som gir studie- eller yrkeskompetanse i fag som ikkje har læretid i bedrift.
For å få utferda vitnemål, må som hovudregel alle fag og eksamenar som kjem til uttrykk på vitnemålet i medhald av læreplan, vere bestått, sjå likevel § 4-15, § 8-2 og § 4-23 første og andre ledd.
§ 4-23 skal lyde:
Privatistar i yrkesfaglege studieretningar som har minst 5 år allsidig praksis i faget, eventuelt inkludert opplæring i faget, er fritekne frå kravet om felles allmenne fag for å få yrkeskompetanse.
har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i grunnskolen eller har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i den vidaregåande skolen eller har spesifikke lærevanskar (t.d. store lese- og skrivevanskar eller store matematikkvanskar). Slike vanskar kan også vurderast etter at standpunktkarakter er sett eller eksamen har vore gjennomført.
I dei yrkesfaga der det er knytt offentleg nasjonal eller internasjonal sertifisering til eit utferda vitnemål, kan det ikkje gjerast unntak i strid med slike sertifiseringsføresegner.
Før søknad om unntak etter andre leddet kan bli behandla, skal det liggje føre dokumentasjon som viser at vilkåra er oppfylte. Dokumentasjonen må vere av nyare dato. Før søknad om unntak etter tredje strekpunkt i andre leddet kan bli behandla, skal det liggje føre sakkunnig vurdering. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at slik vurdering blir utarbeidd.
Rektor avgjer søknad om unntak i samsvar med vilkåra i andre leddet. Det kan ikkje givast førehandstilsegn om unntak etter denne paragrafen.
§ 4-24 skal lyde:
I dei felles allmenne faga som har fleire nivå som byggjer på kvarandre, skal berre karakterar som er oppnådd på høgste nivået førast på vitnemålet.
I dei studieretningsfaga som har fleire nivå, skal alle karakterar oppnådde på kvart nivå førast på vitnemålet.
I dei studieretningsfaga der departementet har fastsett at nivåa byggjer på kvarandre, treng ikkje privatistar ta eksamen på lågare nivå. Dersom privatisten har karakter på lågare nivå i faget, skal denne førast på vitnemålet.
§ 4-25 skal lyde:
Fag-/sveinebrev blir utferda som dokumentasjon for bestått fag-/sveineprøve.
§ 4-26 skal lyde:
Kompetansebevis blir utferda som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella vilkåra for å få vitnemål eller fag-/sveinebrev ikkje er oppfylte.
Kompetansebevis blir utferda som dokumentasjon for modular og fag der det blir gitt standpunktkarakter og/eller eksamenskarakter. Kompetansebevis blir òg utferda som dokumentasjon for gjennomgådd opplæring.
§ 4-27 skal lyde:
Alt fråvær for elevar skal førast på vitnemål og kompetansebevis. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. For delkurselevar skal fråvær førast berre i timar.
Årsak til fråvær kan krevjast ført på dokumentasjonen. Eleven eller kursdeltakaren har sjølv ansvaret for å dokumentere årsaka til fråværet.
Organisert eller sjølvstendig studiearbeid, deriblant skoleadministrative gjeremål, etter avtale med faglærar eller rektor, blir ikkje rekna som fråvær.
Arbeid på regionalt plan eller landsplan som tillitsvald i landsdekkjande organisasjonar Arbeid på regionalt plan eller landsplan som tillitsvald i elevorganisasjon Dokumenterte lovpålagde oppmøte Dokumentert langvarig eller kronisk sjukdom Organisert hjelpearbeid i krisesituasjonar Inntil to dagar ved religiøse høgtider for elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja.
Stort fråvær kan medføre at grunnlaget for å gi vurdering med standpunktkarakter manglar.
§ 4-28 skal lyde:
Vitnemål Kompetansebevis.
Privatist som har dokumentert likeverdig eller meir omfattande opplæring i enkeltfag, kan etter søknad bli friteken for faget.
Praksiskandidat har rett til fag-/sveinebrev når den teoretiske og den praktiske delen av fag-/sveineprøva er bestått.
Ny overskrift før § 4-29 skal lyde:
Eksamen
§ 4-29 skal lyde:
Departementet fastset kva fag som skal avsluttast med eksamen, forma på eksamen, fordelinga på lokale og sentrale eksamenar og instruks for den praktiske gjennomføringa av eksamen.
Når eit fag blir trekt, skal eleven normalt få vite kva fag han/ho skal prøvast i 48 timar før eksamen (søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar ikkje medrekna). Den som har fullført eit fag, kan trekkjast ut til eksamen i faget.
Overskriften før § 4-30 utgår.
§ 4-30 skal lyde:
Ved sentralt gitt eksamen fastset departementet eksamensoppgåver, dato for den enkelte eksamenen, trekking av fag og elevar til eksamen, dato for melding om trekkfag og ordningar for sensur. Fylkeskommunen har ansvaret for den praktiske gjennomføringa av eksamen.
§ 4-31 skal lyde:
at det blir utarbeidd og fastsett eksamensoppgåver etter retningslinjer gitt av departementet at trekking av fag og kandidatar til eksamen går føre seg i samsvar med retningslinjer fastsette av departementet at sensurering går føre seg i samsvar med retningslinjer fastsette av departementet den praktiske gjennomføringa av eksamen og sensur.
Faglærar har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåver.
§ 4-32 skal lyde:
Ein elev som får karakteren 1 eller 0 ved eksamen, har rett til ny eksamen i faget.
§ 4-33 skal lyde:
Ein elev/privatist som har dokumentert gyldig forfall ved ordinær eksamen, har rett til å framstille seg til utsett eksamen.
Forfall til eksamen blir rekna som gyldig når eleven/privatisten er hindra frå å stille til eksamen, når hindringa er uføreseieleg og kandidaten elles ikkje kan lastast for hindringa. Dersom ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag skje på ny.
§ 4-34 skal lyde:
eleven ikkje er trekt ut til eksamen i faget det gjeld eit fag der eksamen ordinært ikkje blir halden.
Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.
§ 4-35 skal lyde:
Fylkeskommunen har plikt til å gi elev/privatist melding om høve til ny eksamen, utsett eksamen, særskild eksamen.
§ 4-36 skal lyde:
Når ein elev/privatist har særleg behov for det, kan fylkeskommunen samtykkje i at den praktiske gjennomføringa av eksamen blir særskilt tilrettelagd.
§ 4-37 skal lyde:
Offentleg vidaregåande skole melder opp til eksamen alle elevar som tek del i opplæring som blir avslutta med eksamen.
Eleven må sjølv melde seg til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen. Oppmelding skjer til skolen.
Ein elev som på grunn av stort fråvær i skoleåret eller av andre grunnar ikkje kan få standpunktkarakter, kan ikkje meldast opp som elev til eksamen i faget same skoleåret.
Den som er elev i eit fag ved fristen for oppmelding til privatisteksamen, kan ikkje melde seg opp som privatist i faget til denne eksamenen. I særskilde tilfelle kan rektor gi dispensasjon.
Oppmeldingsfristar blir fastsette av departementet.
§ 4-38 skal lyde:
Privatistar har sjølv ansvaret for å melde seg til den skolen eller dei skolane som fylkeskommunen fastset innan fristar fastsette av departementet.
Skolen avgjer om oppmelding kan godkjennast.
Ein privatist kan ikkje melde seg til eksamen i same fag ved fleire skolar ved same eksamen.
I dei studieretningsfaga der departementet har fastsett at nivåa byggjer på kvarandre, kan ikkje elevar i fag på høgare nivå gå opp som privatistar til eksamen i faget på lågare nivå same semester. Privatistar kan ikkje gå opp til eksamen på lågare nivå etter at eksamen på høgare nivå er gjennomført.
Ny overskrift før § 4-39 skal lyde:
Fag-/sveineprøve og kompetanseprøve
§ 4-39 skal lyde:
Fylkeskommunen har det overordna ansvaret for at dei praktiske og teoretiske delane av fag-/sveineprøva blir gjennomførte i samsvar med læreplanar og retningslinjer. Det same gjeld kompetanseprøva for lærekandidatane.
Overskriften før § 4-40 utgår.
§ 4-40 skal lyde:
Ved sentralt gitte prøver skal det innhentast oppgåver frå departementet. Departementet bestemmer korleis sensuren skal avviklast.
Ved lokale prøver har fylkeskommunen ansvaret for å utarbeide og fastsetje oppgåver og avvikle sensur, etter retningslinjer gitt av departementet.
§ 4-41 skal lyde:
Prøvenemnda har ansvaret for å utarbeide oppgåver til den praktiske delen av fag-/sveineprøva etter retningslinjer gitt av departementet. Opplæringsrådet for faget skal ha høve til å uttale seg om retningslinjene.
Lærebedrifta/skolen skal kome med forslag til oppgåver dersom prøvenemnda ber om det. Så langt det er mogleg, skal det arrangerast felles prøve for fleire kandidatar innanfor same fagområde.
§ 4-42 skal lyde:
Fag-/sveineprøva skal som hovudregel avviklast ved slutten av læretida/skoletida, og normalt vere avslutta seinast innan to månader etter dette tidspunktet.
§ 4-43 skal lyde:
Er den praktiske prøva ikkje bestått, skal prøvenemnda i samråd med fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda sørgje for oppbevaring av prøvearbeidet. Det skal så langt mogleg oppbevarast slik prøvekandidaten leverte det frå seg. Kan prøvearbeidet ikkje oppbevarast, skal det ved fotografi og/eller ei nøyaktig beskriving sikrast for ei eventuell seinare vurdering i klagenemnd.
§ 4-44 skal lyde:
Lærekandidatar skal ta kompetanseprøve. Lærekandidaten skal prøvast i forhold til dei måla som er fastsette for kandidaten, jf. forskrifta § 6-37 eller opplæringslova § 5-5 første ledd. Fylkeskommunen har ansvaret for utarbeiding, gjennomføring og vurdering av kompetanseprøver.
§ 4-45 skal lyde:
Dersom fag-/sveineprøva eller kompetanseprøva ikkje blir bestått, kan det takast ny prøve. Læretida kan eventuelt bli forlengd ved frivillig avtale mellom lærebedrifta og lærlingen/lærekandidaten. Lærebedrifta for lærlingen/lærekandidaten og fylkeskommunen for eleven har ansvar for gjennomføringa av ny fag-/sveineprøve. Plikta etter denne føresegna kan i særskilde tilfelle opphevast av yrkesopplæringsnemnda. Fylkeskommunen dekkjer lærebedrifta sine utgifter til gjennomføringa av denne prøva.
§ 4-46 skal lyde:
Ein lærling/elev/praksiskandidat/lærekandidat som har gyldig forfall ved fag-/sveineprøve eller kompetanseprøve, har rett til å framstille seg til utsett prøve. Utsett prøve skal haldast så snart det er praktisk mogleg.
Forfall til prøva blir rekna som gyldig når lærlingen/eleven/praksiskandidaten/lærekandidaten er hindra frå å stille til prøva, når hindringa er uføreseieleg og lærlingen/eleven elles ikkje kan lastast for hindringa.
§ 4-47 skal lyde:
Når ein lærling/elev/praksiskandidat/lærekandidat har særleg behov for det, kan fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda samtykkje i at den praktiske gjennomføringa av fag-/sveineprøva eller kompetanseprøva blir særskilt tilrettelagd.
§ 4-48 skal lyde:
Lærebedrifta/skolen melder lærlingen/eleven opp til den praktiske delen av fag-/sveineprøva. Lærebedrifta melder lærekandidaten til kompetanseprøva.
Oppmeldinga skal sendast til fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda i det fylket der lærekontrakten/opplæringskontrakten er registrert/skolen ligg. Dokumentasjon om at den pliktige teoriopplæringa som er fastsett for faget, er gjennomført, må følgje oppmeldinga til fag-/sveineprøva.
Overskriften før § 4-50 skal lyde:
Krav om teori ved opplæring i bedrift
§ 4-50 skal lyde:
Før den praktiske delen av fag-/sveineprøva kan gjennomførast, skal lærlingen//eleven som hovudregel ha gjennomført eller ha realkompetanse i dei felles allmenne faga som er fastsette for lærefaget med godkjent resultat.
Ein lærling/elev som ikkje har bestått i inntil to av dei felles allmenne faga som inngår i fag- og timefordelinga for lærefaget, kan likevel få framstille seg til den praktiske delen av fag-/sveineprøva.
Fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda skal gjere bedriftene merksame på høva til unntak når kontrakt blir teikna.
Lærlingen/eleven må framstille seg til ny eksamen, og oppnå godkjent resultat, innan to år etter at den praktiske delen av prøva er gjennomført for at fag-/sveinebrev skal kunne utferdast.
§ 4-57 skal lyde:
Eksamensprøve, fag-/sveineprøve og kompetanseprøve kan annullerast dersom kandidaten har fuska eller forsøkt å fuske ved eksamen eller prøva.
Spørsmålet om annullering av eksamensprøve skal avgjerast av rektor. Spørsmålet om annullering av fag-/sveineprøve og kompetanseprøve skal avgjerast av prøvenemnda. Annullering inneber her at fag-/sveineprøva skal vurderast til ikkje bestått.
Dersom eksamen blir annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, kan kandidaten tidlegast gå opp til den eksamen i faget som blir arrangert eitt år etter at eksamen blei annullert.
§ 4-58 skal lyde:
Den som er oppe til eksamen/prøve og som vanskeleggjer gjennomføringa av denne ved åtferd som er forstyrrande for andre kandidatar, kan etter å ha blitt åtvara visast bort. Spørsmålet om bortvising skal avgjerast av rektor eller leiaren for prøvenemnda.
Ny overskrift og nye § 4-59 – § 4-67 skal lyde:
Særskilde reglar om opplæring organisert for vaksne
§ 4-59 . Standpunktkarakterar
Vaksne som følgjer vidaregåande opplæring som fylkeskommunen har ansvaret for, har rett til standpunktkarakterar i dei modular eller fag dei følgjer og avsluttar opplæringa i. Vurderinga blir gitt med talkarakterar, jf. § 4-12. Dersom den vaksne ønskjer det, kan fylkeskommunen tilby opplæring som blir avslutta med eksamen som privatist.
Standpunktkarakterar skal gi uttrykk for i kva grad måla i læreplanane er nådde, jf. § 4-6 andre ledd og § 4-7 første ledd.
Fylkeskommunen har ansvaret for at standpunktkarakterar blir sette på forsvarleg grunnlag, jf. § 4-4 første og andre ledd.
Dersom det ikkje er grunnlag for å setje standpunktkarakter, og årsaka er forhold hos den vaksne, kan den vaksne miste retten til å få standpunktkarakter. Fare for tap av retten til å få standpunktkarakter skal varslast utan ugrunna opphald etter at det er blitt klart at slik fare ligg føre.
§ 4-60 . Fritak for delar av fag
Vaksne som følgjer opplæringstilbod organiserte for dei, har rett til å bli fritekne for opplæring og vurdering i den praktiske delen av faget kroppsøving. Elles gjeld § 4-15 andre ledd.
§ 4-61 . Eksamen
For vaksne gjeld same eksamensordninga som for elevar, sjå § 4-8 og § 4-29 – § 4-38.
§ 4-62 . Fag-/sveineprøve og kompetanseprøve
For vaksne gjeld reglane for fag-/sveineprøve i § 4-8, § 4-13 og § 4-39 – § 4-43 og § 4-45 – § 4-51.
For vaksne gjeld reglane for kompetanseprøve i § 4-39, § 4-44 – § 4-48.
§ 4-63 . Rett til dokumentasjon
Vaksne som har gjennomgått vidaregåande opplæring etter opplæringslova, har rett til å få opplæringa dokumentert.
Fylkeskommunen har ansvaret for at vurderinga av realkompetansen blir gjord på forsvarleg grunnlag. Realkompetansen skal vurderast i forhold til læreplanen i faget. Vurderinga skal vise om realkompetansen er likeverdig med kompetanse oppnådd gjennom vidaregåande opplæring. Vurderinga skal vere godkjend/ikkje godkjend realkompetanse.
§ 4-64 . Vitnemål
For å få utferda vitnemål må den vaksne ha bestått alle fag og eksamenar i medhald av læreplanen som kjem til uttrykk på vitnemålet. Godkjend realkompetanse er likeverdig med bestått.
Fylkeskommunen utferdar vitnemål sjølv.
§ 4-65 . Fag-/sveinebrev
For å få utferda fag-/sveinebrev må fag-/sveineprøva vere bestått.
For fag i den teoretiske delen av fag-/sveineprøva er godkjend realkompetanse likeverdig med bestått. Elles gjeld § 4-52.
§ 4-66 . Kompetansebevis
For vaksne som ikkje oppfyller vilkåra for å få utferda vitnemål eller fag-/sveinebrev, skal det utferdast kompetansebevis, jf. forskrifta § 4-26 andre ledd. Godkjend realkompetanse er likeverdig med bestått.
Fylkeskommunen utferdar kompetansebevis sjølv.
§ 4-67 . Andre reglar
§ 4-6 første ledd om karakterar i fag/kurs § 4-7 andre og sjette ledd om standpunktkarakter i fag/kurs § 4-18 om vurdering av privatistar § 4-21 om rett til ny dokumentasjon § 4-23 første ledd om fritak frå kravet om felles allmenne fag for privatistar i yrkesfaglege studieretningar § 4-24 om føring av karakterar på vitnemålet § 4-28 om dokumentasjon for privatistar og praksiskandidatar § 4-53 – § 4-56 om sensorar og prøvenemnder § 4-57 – § 4-58 om fusk og bortvising Kapittel 5 om klage på vurdering.
Overskriften til kapittel 6 skal lyde:
Kapittel 6. Inntak til vidaregåande opplæring og formidling av lærlingar og lærekandidatar til lærebedrifter
(Opplæringslova § 3-1 åttande ledd, § 3-3 sjette ledd, § 12-4 andre ledd og åttande ledd.)
§ 6-1 skal lyde:
Dette kapitlet gjeld inntak til all offentleg vidaregåande opplæring og formidling til lærebedrift. Kapitlet gjeld så langt det høver for inntak til statlege vidaregåande skolar, jf. § 6-38.
§ 6-2 skal lyde:
ungdom som har rett etter opplæringslova § 3-1 vaksne som har rett etter opplæringslova § 4A-3.
Heilkurselev er ein som er teken inn i den vidaregåande skolen til eit fullstendig kurs, grunnkurs eller vidaregåande kurs, og som har teke imot plassen og møtt fram.
Delkurselev er ein som er teken inn i den vidaregående skolen til eitt eller fleire fag i eit kurs, og som har teke imot plassen og møtt fram.
Lærling og lærekandidat er definerte i opplæringslova § 4-1.
Utvekslingselev er norsk ungdom som tek vidaregåande opplæring i utlandet/utdanning i utlandet på nivå med norsk vidaregåande skole, og utanlandsk ungdom som tek vidaregåande opplæring i Noreg, som ledd i elevutveksling.
Landslinjer er dei kurstilbod som til kvar tid er godkjende av departementet som landslinjer.
Overskriften før § 6-3 skal lyde:
Forskjellige føresegner
§ 6-3 skal lyde:
Fylkeskommunen må sørgje for nødvendig informasjon om dei reglar som skal nyttast ved inntak til dei vidaregåande skolane og ved formidling av lærlingar og lærekandidatar til bedrift.
§ 6-4 skal lyde:
Fylkeskommunen kan bestemme at det skal nyttast moderat kjønnskvotering ved inntak til kurs og ved fordeling av lærlingar//lærekandidatar når det eine kjønnet er underrepresentert i det yrke eller den profesjon opplæringa skal føre fram til. Med moderat kjønnskvotering er meint at kvoteringa skal skje på tilnærma like vilkår.
Overskriften før § 6-5 utgår.
§ 6-5 skal lyde:
Fylkeskommunen skal reservere eit tilstrekkeleg tal plassar for utvekslingselevar frå andre land.
Fylkeskommunen skal også reservere plassar for norske elevar som tek imot plass som utvekslingselev i eit anna land med avvikande skoleår.
§ 6-6 skal lyde:
Vedtak om inntak til vidaregåande opplæring er enkeltvedtak og gjenstand for klage i samsvar med føresegnene i opplæringslova § 15-2 og forvaltningslova.
Ny overskrift før § 6-7 skal lyde:
Søknad og søknadsfrist for elevar, lærlingar og lærekandidatar.
§ 6-7 skal lyde:
søknader om inntak til særskilt prioritert grunnkurs etter opplæringslova § 3-1 sjette ledd søknader om opplæring utover tre år etter opplæringslova § 3-1 femte ledd søknader om spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1 i samband med inntaket.
Fristen elles for søknader om inntak som elev til vidaregåande opplæring i skole og om formidling til læreplass er 1. mars.
Når ein frist går ut på ein laurdag, søndag eller heilagdag, må søknaden vere postlagd eller innlevert nærmaste etterfølgjande yrkedag.
For seint innkomen søknad skal takast omsyn til så langt råd er, eventuelt behandlast som søknad om inntak det etterfølgjande skoleåret. Det må givast melding til søkjaren om at søknaden er for seint innkomen og om konsekvensane av det.
Søknadsfristen skal kunngjerast minst fire veker på førehand. I kunngjeringa skal nemnast dei opplysningar og dokument som skal følgje søknaden, og kvar søknaden skal sendast.
Inntak i samarbeid med oppfølgingstenesta kan skje uavhengig av dei fristane som er nemnde ovanfor.
Overskriften før § 6-8 utgår.
§ 6-8 skal lyde:
Fylkeskommunen fastset søknadsskjema som søkjarar må nytte.
Søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 må føre opp 3 alternative grunnkurs i prioritert rekkjefølgje. Dette gjeld også søkjarar som melder behov for spesialundervisning.
For andre søkjarar bestemmer fylkeskommunen kor mange alternativ i prioritert rekkjefølgje som skal førast opp i søknaden.
For søkjar under 15 år skriv foreldre under søknaden. Søkjar som har fylt 15 år, skriv under søknaden sjølv.
Ny overskrift før § 6-9 skal lyde:
Vilkår for inntak
§ 6-9 skal lyde:
Det er eit vilkår for inntak til vidaregåande opplæring at søkjaren har lovleg opphald i landet. Søkjarar som oppheld seg i landet i påvente av vedtak om opphaldsløyve, har likevel ikkje rett til inntak til vidaregåande opplæring.
Mindreårige asylsøkjarar kan likevel takast inn til vidaregåande opplæring i påvente av vedtak om opphaldsløyve, men har ikkje rett til å fullføre skoleåret dersom vedkomande får avslag på søknad om opphaldsløyve.
Overskriften før § 6-10 utgår.
§ 6-10 skal lyde:
har gjennomgått norsk grunnskole, eller har gjennomgått utdanning tilsvarande norsk grunnskole, eller er skriven ut av grunnskolen etter opplæringslova § 2-1 fjerde ledd, eller har tilsvarande realkompetanse, jf. § 6-27.
§ 6-11 skal lyde:
Ved inntak til godkjende landslinjer stiller søkjarar frå heile landet likt i konkurransen om plassar.
For inntak til grunnkurs musikk, dans og drama og grunnkurs idrettsfag kan fylkeskommunen vedta at inntil 50% av plassane skal tildelast på grunnlag av dokumentasjon av dugleik/eventuell inntaksprøve i tillegg til poeng utrekna på grunnlag av karakterar.
Søkjarane må elles fylle dei øvrige vilkåra for inntak.
§ 6-12 skal lyde:
manglar bestått karakter i eitt eller fleire fag frå eit grunnkurs eller vidaregåande kurs, eller manglar fag for å ha full fagkrins i eit grunnkurs eller vidaregåande kurs, eller manglar fag for å oppnå generell studiekompetanse.
Søkjar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 bruker ikkje av retten dersom opplæringa utgjer 1/3 eller mindre av timetalet frå eit kurs.
Ny overskrift før § 6-13 skal lyde:
Grunnkurs: Inntaksrekkjefølgje for søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1
§ 6-13 skal lyde:
Søkjar med rett til vidaregåande opplæring har rett til inntak til eitt av tre valde grunnkurs, jf. opplæringslova § 3-1.
Søkjar som har rett til spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, har rett til inntak til eit særskilt prioritert grunnkurs når vilkåra i forskrifta § 6-19 til § 6-21 er oppfylte.
Dersom det til eit kurs melder seg fleire søkjarar enn talet på elevplassar som fylkeskommunen tilbyr denne gruppa, skal elevplassane fordelast etter poengsum utrekna på grunnlag av forskrifta § 6-14 til § 6-17, og slik at søkjar med høgare poengsum blir teken inn framfor søkjar med lågare poengsum.
Når fleire søkjarar står likt i konkurransen om den/dei siste plassen/plassane, blir rekkjefølgja mellom dei avgjord ved loddtrekning.
§ 6-14 skal lyde:
Ved inntak til vidaregåande skole tel talkarakterane frå grunnskolen med sine respektive talverdiar.
S = 6; M = 5; G og T (realskolen) = 3,5; Ng = 2; Lg og Måt (realskolen) = 1.
Dersom det i eit fag ligg føre fleire karakterar (munnleg – skriftleg, standpunkt – eksamen), skal ein rekne gjennomsnittet av karakterane.
§ 6-15 skal lyde:
Samla poengverdi for dei enkelte faga skal reknast ut som gjennomsnittet av poengverdiane for delkarakterar (munnleg, skriftleg, standpunkt/eksamen, delfag). Poengverdien skal ikkje forhøgjast. Dersom ein søkjar manglar karakter(ar) i faget kristendomskunnskap og/eller i inntil to andre fag, kompenserer ein dette ved at dei manglande faga får poeng tilsvarande gjennomsnittet av dei teljande karakterane.
Overskriften før § 6-16 utgår.
§ 6-16 skal lyde:
For søkjarar med karakterar frå det tiande skoleåret i grunnskolen før 1997 eller frå prøver for vaksne vurderte etter krava i grunnskolen, legg ein det beste utvalet av karakterar til grunn ved inntaket.
§ 6-17 skal lyde:
For søkjarar frå godkjende 10-årige grunnskolar som har vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar, må ein på grunnlag av fråsegn frå desse grunnskolane rangere søkjarane etter pårekna føresetnader for vidaregåande opplæring.
Søkjarar som ikkje har samanliknbart karaktergrunnlag til å bli vurdert etter denne føresegna eller føresegnene elles i forskrifta § 6-14 til § 6-17, skal vurderast individuelt.
Ny overskrift før § 6-18 skal lyde:
Sakkunnig vurdering og vilkår for inntak til særskilt prioritert grunnkurs for søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1
§ 6-18 skal lyde:
Sakkunnig instans er den pedagogisk-psykologiske tenesta, jf. opplæringslova § 5-6.
§ 6-19 skal lyde:
det behovet søkjaren har for spesialundervisning dei problem som utgjer grunnlaget for søknaden dei føresetnader og moglegheiter søkjaren har for å meistre dei kurs han eller ho har søkt, og grunngiving for at det særskilt prioriterte grunnkurset er tilrådd av den sakkunnige vurdering av om søkjaren eventuelt har føresetnader for å meistre andre grunnkurs enn det kurset han eller ho har ført opp som sitt primære val opplysningar om tidlegare tiltak og behov for tiltak i vidaregåande opplæring utviklingsmoglegheitene for søkjaren i det særskilt prioriterte grunnkurset som han eller ho har valt om ein reknar med at det kan bli behov for opplæring utover 3 år etter opplæringslova § 3-1 femte ledd.
Fylkeskommunen ser til at den sakkunnige vurderinga er i samsvar med føresegnene i dette kapitlet.
Overskriften før § 6-20 utgår.
§ 6-20 skal lyde:
sansedefektar og motoriske defektar eller store lærevanskar eller emosjonelle eller sosiale problem eller store samansette funksjonshemmingar eller andre funksjonshemmingar.
Søkjaren har rett til inntak til det særskilt prioriterte grunnkurset dersom han eller ho har valt på grunnlag av og i samsvar med den sakkunnige vurderinga.
§ 6-21 skal lyde:
Inntaksinstansen i fylkeskommunen tek inn søkjarar til særskilt prioritert grunnkurs på grunnlag av den sakkunnige vurderinga.
Ved innbyrdes konkurranse mellom søkjarar til eit særskilt prioritert grunnkurs må fylkeskommunen prioritere dei søkjarane som har størst behov.
Ny overskrift før § 6-22 skal lyde:
Vidaregåande kurs: Vilkår for inntak av søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1
§ 6-22 skal lyde:
Gjennomgått grunnkurs med bestått i fag det blir bygd vidare på i det vidaregåande kurs I. Dette gjeld også søkjarar med dokumentasjon frå bestått relevant grunnkurs før 1. august 1994. I tillegg kan søkjar som i grunnkurset ikkje har bestått eitt eller fleire fag som det vidaregåande kurset byggjer på, likevel takast inn som heilkurselev dersom det etter intern vurdering på skolen er dokumentert at søkjaren har dei kunnskapar og den dugleik som etter læreplanen er nødvendig for å følgje undervisninga. Dokumentert realkompetanse som viser at søkjaren har dei kunnskapar og den dugleik som er nødvendig for å følgje undervisninga.
§ 6-23 skal lyde:
Gjennomgått vidaregåande kurs I med bestått i fag det blir bygd vidare på i det vidaregåande kurs II. Dette gjeld også søkjarar med dokumentasjon frå bestått relevant vidaregåande kurs I før 1. august 1995. I tillegg kan søkjar som i det vidaregående kurs I ikkje har bestått eitt eller fleire fag som det vidaregåande kurs II byggjer på, likevel takast inn som heilkurselev dersom det etter intern vurdering på skolen er dokumentert at søkjaren har dei kunnskapar og den dugleik som etter læreplanen er nødvendig for å følgje undervisninga. Dokumentert realkompetanse som viser at søkjaren har dei kunnskapar og den dugleik som er nødvendig for å følgje undervisninga. Søkjar som har lovfesta rett til opplæring, men ikkje får tildelt læreplass, har rett til inntak i vidaregåande kurs II som byggjer på det vidaregåande kurs I søkjaren har dokumentasjon for.
Overskriften før § 6-24 utgår.
§ 6-24 skal lyde:
Søkjar med behov for spesialundervisning og som ikkje har vurdering med karakter frå grunnkurset, skal takast inn på grunnlag av individuell vurdering. Det skal gjerast ei heilskapsvurdering der det også blir lagt vekt på sakkunnig vurdering og søkjaren si prioritering.
Søkjar skal takast inn på vidaregåande kurs som byggjer på det grunnkurset eller det vidaregåande kurs I søkjaren har gjennomgått.
Ny overskrift før § 6-25 skal lyde:
Vidaregåande kurs: Inntaksrekkjefølgje, poengutrekning for søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1
§ 6-25 skal lyde:
Søkjar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 3-1, har rett til inntak på vidaregåande kurs som byggjer på det grunnkurs eller det vidaregåande kurs søkjaren har gjennomgått.
Dersom det til eit vidaregåande kurs melder seg fleire enn det er elevplassar i fylkeskommunen sitt tilbod, skal elevplassane fordelast etter poengsum utrekna på grunnlag av forskrifta § 6-26. Søkjar med høgare poengsum blir teken inn framfor søkjar med lågare poengsum. Så langt mogleg skal ein ta omsyn til søkjaren si prioritering av kurs, jf. forskrifta § 6-8. Står fleire søkjarar likt i konkurransen om den/dei siste plassen/plassane på eit kurs, blir rekkjefølgja mellom dei avgjord ved loddtrekning.
Overskriften før § 6-27 skal lyde:
Inntak og rangering av vaksne med og utan rett til vidaregåande opplæring
§ 6-27 skal lyde:
Fylkeskommunen har plikt til å sørgje for at vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter § 4A-3 får kartlagt og vurdert realkompetansen sin, slik at denne kompetansen kan danne grunnlag for søknad om inntak, jf. § 6-10, § 6-22 og § 6-23. Kartlegginga og vurderinga av realkompetansen skal oppsummerast skriftleg.
Med realkompetanse er meint den formelle og uformelle kompetansen den vaksne har.
Vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter § 4A-3, skal til vanleg få tilbod om opplæring i samsvar med den sluttkompetansen dei ønskjer. I vurderinga skal det leggjast avgjerande vekt på kva moglegheiter den enkelte har for å oppnå yrkes- eller studiekompetanse.
§ 6-28 skal lyde:
Vaksne søkjarar skal primært takast inn til opplæringstilbod som er organiserte for vaksne.
Vaksne kan søkje om inntak til ordinær opplæring i vidaregåande skole. Vaksne søkjarar skal da prioriterast etter ungdom med rett etter opplæringslova § 3-1.
Vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring går framfor søkjarar utan rett.
I tilfelle fylkeskommunen har oppretta eit kurs med eit avgrensa tal på plassar, skal plassane tildelast søkjarar med rett etter tidspunktet for registreringa av søknaden. Dette gjeld både inntak til enkelte opplæringstilbod organiserte for vaksne og inntak til ordinær opplæring i vidaregåande skole. Dersom rangering etter registreringstidspunkt fører til at den enkelte vaksne ikkje får opplæring tilpassa behovet sitt, jf. opplæringslova § 4A-3, må fylkeskommunen gjere unntak etter konkret vurdering.
Dersom det er fleire søkjarar utan rett enn det er ledige plassar, skal dei som ikkje tidlegare har fullført vidaregåande opplæring gå framfor søkjarar med fullført studie- eller yrkeskompetanse. Dei vaksne innanfor desse to gruppene skal få tilbod etter kvart som søknadene blir registrerte i fylkeskommunen.
Ny overskrift før § 6-29 skal lyde:
Inntak av teiknspråklege søkjarar med rett til opplæring etter opplæringslova § 3-9
§ 6-29 skal lyde:
Knutepunktskolar er ordinære fylkeskommunale vidaregåande skolar som har tilrettelagde opplæringstilbod for døve og sterkt tunghørte elevar.
Senterskolar er skoleavdelingar ved dei spesialpedagogiske kompetansesentra for hørselshemma.
Overskriften før § 6-30 utgår.
§ 6-30 skal lyde:
Frist for søknad om inntak etter opplæringslova § 3-9 er 1. februar. Søknaden skal sendast til den fylkeskommunen der søkjaren er busett.
Søkjarar med rett til opplæring etter opplæringslova § 3-9 må føre opp i søknaden om dei ønskjer vidaregåande opplæring i eit teiknspråkleg miljø, eller om dei ønskjer opplæring ved å bruke tolk i ordinær vidaregåande skole. Med teiknspråkleg miljø er meint knutepunktskole og senterskole.
Søkjarar som ønskjer opplæring i eit teiknspråkleg miljø, kan ikkje føre opp andre kurs i søknaden enn dei kurstilboda som knutepunktskolane og senterskolane gir, eller som desse skolane gir i samarbeid med andre vidaregåande skolar.
Fylkeskommunen der søkjaren er busett, sender søknad om inntak til knutepunktskolane og senterskolane. Søknadsfristen for fylkeskommunen er 15. mars.
§ 6-31 skal lyde:
det behovet søkjaren har for å få opplæring i og på teiknspråk om søkjaren har tilleggsvanskar utover hørselshemminga, slik at det kan vere behov for spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1 om ein reknar med at søkjaren kan ha behov for opplæring utover tre år etter opplæringslova § 3-1 femte leddet.
Sakkunnig instans er den pedagogisk-psykologiske tenesta, jf. opplæringslova § 5-6.
§ 6-32 skal lyde:
søkjarar frå eige fylke med rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1 søkjarar frå eige fylke utan rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1 søkjarar frå resten av landet med rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1 søkjarar frå resten av landet utan rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1.
Innanfor kvar av gruppene i første ledd skal plassane fordelast på grunnlag av dei generelle føresegnene om inntaksrekkjefølgja.
Skolane må reservere plassar for søkjarar som ikkje har vurdering med karakterar. Desse søkjarane skal takast inn på grunnlag av individuell vurdering. Det skal gjerast ei heilskapsvurdering, der det også blir lagt vekt på den sakkunnige vurderinga og prioriteringa til søkjaren.
Eleven skal normalt ha rett til å fullføre opplæringsløpet ved den skolen han/ho først er teken inn til.
§ 6-33 . Inntaksrekkjefølgje til senterskolar
Ved inntak til senterskolane stiller søkjarar frå heile landet likt i konkurransen om elevplassar.
søkjarar med rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1 søkjarar utan rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1.
Innanfor kvar av gruppene i andre leddet skal plassane fordelast på grunnlag av dei generelle føresegnene om inntaksrekkjefølgja.
Skolane må reservere plassar for søkjarar som ikkje har vurdering med karakterar. Desse søkjarane skal takast inn på grunnlag av individuell vurdering. Det skal gjerast ei heilskapsvurdering, der det også blir lagt vekt på den sakkunnige vurderinga og prioriteringa til søkjaren.
Eleven skal normalt ha rett til å fullføre opplæringsløpet ved den skolen han/ho først er teken inn til.
Overskriften før § 6-34 utgår.
§ 6-34 skal lyde:
Fylkeskommunar som har knutepunktskolar, og senterskolane skal samarbeide om inntaket for å kunne nytte det totale opplæringstilbodet ved knutepunktskolar og senterskolar på best mogleg måte.
§ 6-35 skal lyde:
Før fylkeskommunen gjer vedtak om opplæring etter opplæringslova § 3-9, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering.
Fylkeskommunen der knutepunktskolen ligg, avgjer om søkjaren skal få plass og sender tilbakemelding til søkjaren sin heimfylkeskommune, som gjer det endelege vedtaket om inntak av søkjaren.
Senterskolen ved kompetansesenteret avgjer om søkjaren skal få plass, og sender tilbakemelding til søkjaren sin heimfylkeskommune, som gjer det endelege vedtaket om inntak av søkjaren.
Ved avslag på søknad om inntak til knutepunktskole eller senterskole skal det snarast mogleg sendast melding til søkjaren sin heimfylkeskommune, som i samråd med skolane må finne eit anna tilbod om opplæring i teiknspråkleg miljø.
Fylkeskommunen der søkjaren er busett, har ansvaret for at rettane etter opplæringslova § 3-9 blir oppfylte.
§ 6-36 skal lyde:
§ 6-1 – § 6-3 om verkeområde, definisjonar og informasjon § 6-6 om klage på vedtak om inntak § 6-7 – § 6-8 om søknad og søknadsfrist § 6-9 – § 6-12 om vilkår for inntak av søkjarar med rett etter opplæringslova § 3-1 § 6-13 – § 6-17 om inntaksrekkjefølgje til grunnkurs for søkjarar med rett etter opplæringslova § 3-1 § 6-18 – § 6-21 om sakkunnig vurdering og vilkår for inntak til særskilt prioritert grunnkurs etter opplæringslova § 3-1 § 6-22 – § 6-26 om vilkår for inntak og inntaksrekkjefølgje til vidaregåande kurs.
Ny overskrift før § 6-37 skal lyde:
Formidling av lærlingar og lærekandidatar til lærebedrifter
§ 6-37 skal lyde:
Fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda formidlar elevane/vaksne til dei lærebedrifter nemnda på vegner av fylkeskommunen har inngått avtale om læreplassar med.
Formidlinga omfattar både søkjarar som skal fullføre opplæringa som lærekandidatar fram mot kompetanseprøve på lågare nivå enn fag-/sveineprøve, og søkjarar som skal fullføre opplæringa fram til fag-/sveineprøve som lærlingar.
Ved formidling av lærekandidatar skal fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda fastleggje eit opplæringsløp for den enkelte lærekandidaten mot planlagd kompetanse med utgangspunkt i læreplanane sine mål og modular.
Formidlinga omfattar ikkje søkjarar over 21 år som tek sikte på full opplæring i lærebedrift utan førehandsopplæring i skole. Formidlinga omfattar heller ikkje søkjarar med særskilde behov for tilrettelagd opplæring når opplæring i bedrift inngår som del av eller heile det tilrettelagde tilbodet utan at vedkomande er lærling eller lærekandidat.
§ 6-38 skal lyde:
For søkjarar som etter læreplanen skal ha opplæring som lærling eller lærekandidat i bedrift direkte frå grunnskolen, gjeld forskrifta § 6-10. For søkjarar som etter læreplanen skal ha opplæring som lærling eller lærekandidat i bedrift etter grunnkurs, gjeld forskrifta § 6-22. For søkjarar med særskilde behov gjeld forskrifta § 6-24. For søkjarar som etter læreplanen skal ha opplæring i bedrift som lærling eller lærekandidat etter vidaregåande kurs I, gjeld forskrifta § 6-23. For søkjarar med særskilde behov gjeld forskrifta § 6-24.
I tillegg må søkjarar fylle spesielle krav som går fram av læreplanen eller er tekne inn i avtalen med den enkelte bedrifta etter godkjenning av yrkesopplæringsnemnda. Krava skal vere grunngitt i bedrifta si verksemd, under dette i hennar produksjon, utstyr, kundebehandling o.l. Krava skal ikkje verke diskriminerande eller i unødig grad vanskeleggjere formidlinga. Prinsippet om lik rett til opplæring skal gjelde.
Lærebedrifta skal gi og/eller koste den mogeleg manglande opplæringa i forhold til læreplanen sitt krav ved at lærlingen ikkje har rett vidaregåande kurs I, og eventuelt ikkje rett grunnkurs. Dette gjeld så vel manglande teori som praksis. Lærebedrifta og lærlingen må vere einige om avviket. Konsekvensar og ansvarsforhold må komme fram i lærekontrakten. Lærlingen må framstille seg til den tverrfaglege teoriprøva for det vidaregåande kurs I lærefaget normalt vert rekruttert frå. Det kan ikkje krevjast ekstra tilskott for lærlingen.
Alle vilkåra må vere oppfylte.
Ny § 6-39 skal lyde:
Fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda inngår avtale med lærebedrifter om dei læreplassar som blir stilte til disposisjon. I avtalen kan bedrifta stille krav til lærlingen eller lærekandidaten grunngitt i bedrifta si verksemd.
Fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda vel ut dei elevane som skal tilbydast dei læreplassane det er gjort avtale om, og formidlar lærlingane og lærekandidatane til bedriftene.
God kontakt mellom yrkesopplæringsnemnda og bedriftene er ein føresetnad.
Fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda skal ha prinsippet om lik rett til opplæring som utgangspunkt ved fordelinga/formidlinga.
kjønnsfordeling tilpassa tilbod til søkjarar med behov for tilrettelagd opplæring geografiske eller andre særlege forhold
Førerett til læreplass i bedrift kan givast i tilfelle da elevane står i nært forhold til bedrifta, anten gjennom familiær tilknyting eller arbeidsmessige forhold.
Det skal teiknast lærekontrakt/opplæringskontrakt mellom søkjar og bedrift. Bedrifta bestemmer sjølv om ho vil teikne kontrakt med den eleven/dei elevane som er formidla av yrkesopplæringsnemnda.
Dersom det er inngått avtale om fleire læreplassar enn det er søkjarar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring, skal plassane tilbydast kvalifiserte søkjarar utan lovfesta rett. Utvelging og formidling skal skje etter same reglar som for søkjarar med lovfesta rett.
Ny overskrift før ny § 6-40 skal lyde:
Inntak til teoriopplæring for lærlingar og lærekandidatar
Ny § 6-40 skal lyde:
Fylkeskommunen har aleine eller i samarbeid med andre fylkeskommunar også plikt til å sørgje for teoriopplæring for lærlingar og lærekandidatar i spesielle små fag som ikkje følgjer hovudmodellen med grunnkurs og/eller vidaregåande kurs I etter føresegner gitt med heimel i opplæringslova § 3-3 sjette ledd.
Fylkeskommunen har også plikt til å sørgje for teoriopplæring for lærlingar og lærekandidatar som får full opplæring i lærebedrift, jf. opplæringslova § 3-3 femte og sjette ledd.
For lærling eller lærekandidat som inngår lærekontrakt eller opplæringskontrakt om full praktisk opplæring i bedrift etter fylte 21 år etter føresegner gitt med heimel i opplæringslova § 3-3 sjette ledd, skal teoriopplæringa normalt givast som opplæring organisert for vaksne.
Ny overskrift før ny § 6-41 skal lyde:
Særskilt om inntak til somme statlege vidaregåande skolar
Ny § 6-41 skal lyde:
Samisk vidaregåande skole, Karasjok, Sami joatkkaskuvla, Karasjogas Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole, Kautokeino, Sami joatkkaskuvla ja Boazodoalloskuvla, Guovdageaidnu Statens skolar med studieretning for landbruksfag og naturbruk.
Søkjarar frå heile landet stiller likt ved inntak til dei skolane som er omfatta av føresegnene i denne paragrafen.
Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er plassar i dei vidaregåande statsskolane i Karasjok og Kautokeino, har samisk ungdom førerett.
Søkjarar som berre kan få oppfylt sine fagønskje i dei vidaregåande statsskolane i Karasjok og Kautokeino, går framfor søkjarar som kan få oppfylt ønska sine ved annan skole.
Inntak til dei samiske vidaregåande skolane som er nemnde i denne paragrafen, skal gjerast av inntaksnemnda i Finnmark fylke.
§ 11-1 skal lyde:
Lærebedrifta må vere godkjend av fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda for å kunne teikne lærekontrakt eller opplæringskontrakt, jf. opplæringslova § 4-3. Fylkeskommunen der lærebedrifta er lokalisert, gir godkjenning for kvart enkelt fag lærebedrifta skal kunne ha lærling i. Har bedrifta lokale i fleire fylkeskommunar, avgjer lokaliseringa til den aktuelle avdelinga av lærebedrifta kva for ein fylkeskommune som kan godkjenne bedrifta.
Godkjenning som lærebedrift kan givast til enkeltbedrift, offentleg etat eller institusjon, opplæringskontor eller opplæringsring, jf. forskrifta § 11-2 og § 11-3.
For å få godkjenning må lærebedrifta ha slik verksemd og slikt utstyr at ho kan gi opplæring som tilfredsstiller krava i læreplanen. Lærebedrifta må ha fagleg leiar med ansvar for opplæringa. Bedrifta må utvikle intern plan for opplæringa for å sikre at lærlingen eller lærekandidaten får opplæring som tilfredsstiller krava i læreplanen, eventuelt den individuelle opplæringsplanen for lærekandidaten.
§ 11-2 skal lyde:
Eit opplæringskontor er eit organ for bedrifter som samarbeider om opplæring for lærlingar og/eller lærekandidatar. Bedriftene må samla kunne gi opplæring i samsvar med dei fastsette læreplanane, også dei individuelle opplæringsplanane for lærekandidatar.
Lærekontrakt eller opplæringskontrakt blir da teikna mellom lærling eller lærekandidat og opplæringskontor.
For å få godkjenning som lærebedrift må opplæringskontoret ha vedtekter som fastset pliktene til dei samarbeidande bedriftene. Vedtektene skal godkjennast av fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda. Vedtektene skal m.a. fastsetje rutinar som sikrar at opplæringa blir gitt i samsvar med læreplanane.
Opplæringskontoret må melde frå til fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda om endringar i dei bedriftene som er knytte til opplæringskontoret.
§ 11-3 skal lyde:
Ein opplæringsring består av to eller fleire bedrifter som samarbeider om opplæring av lærlingar og/eller lærekandidatar. Bedriftene må samla kunne gi opplæring i samsvar med læreplanane, også dei individuelle opplæringsplanane for lærekandidatar.
Lærekontrakt eller opplæringskontrakt blir da teikna mellom lærlingen eller lærekandidaten og den bedrifta som skal ha hovudansvaret for opplæringa.
For å få godkjenning som lærebedrift må bedriftene i opplæringsringen ha ein avtale som fastset pliktene til dei samarbeidande bedriftene. Avtalen må godkjennast av fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda. I avtalen skal det m.a. vere fastsett rutinar som sikrar at opplæringa blir gitt i samsvar med læreplanane.
§ 11-4 skal lyde:
Fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda skal trekkje tilbake godkjenninga som lærebedrift dersom lærebedrifta ikkje lenger tilfredsstiller dei formelle krava, gir mangelfull opplæring eller gjer seg skuldig i vesentlege brot på pliktene sine. Lærebedrifta må ha ny godkjenning dersom det er gått meir enn to år frå siste avslutta lærekontrakt eller opplæringskontrakt.
§ 11-6 skal lyde:
Fylkeskommunen der lærlingen eller lærekandidaten er busett, skal betale tilskott til lærebedrift og tilskott til opplæringsring og opplæringskontor etter retningslinjer og satsar fastsette av departementet. Betalingsplikta gjeld godkjend lærekontrakt for lærlingar og opplæringskontrakt for lærekandidatar.
Fylkeskommunen der lærebedrifta er lokalisert, kan krevje refusjon av utgifter som er direkte relaterte til lærlingen eller lærekandidaten frå fylkeskommunen der lærlingen eller lærekandidaten er busett.
Når ein lærling eller lærekandidat skifter lærebedrift, skal yrkesopplæringsnemnda i den fylkeskommunen som utbetaler tilskott, gjere vedtak om fordelinga av dei forskjellige tilskotta mellom lærebedriftene.
Har fylkeskommunen gitt lærlingen eller lærekandidaten delar av den opplæringa som etter læreplanen skal givast i læretida, skal lærebedrifta ikkje ha basistilskott for denne delen av opplæringa.
§ 11-11 skal lyde:
Yrkesopplæringsnemnda kan gi arbeidsutvalet eller sekretariatet fullmakt til å gjere vedtak i saker som er lagde til nemnda i lov eller forskrift. Nemnda fastset retningslinjene for kva saker arbeidsutvalet eller sekretariatet kan behandle.
Planar og retningslinjer for nemnda si verksemd i budsjettåret, og retningslinjer for arbeidet i sekretariatet Spørsmål om å ta frå ei bedrift retten til å ha lærling/lærekandidat Spørsmål om å ta frå ein lærling/lærekandidat opplæringsretten, jf. opplæringslova § 4-6 Spørsmål om å heve lærekontrakten/opplæringskontrakten når ein av partane i medhald av forvaltningslova har klaga på eit vedtak.
Ny overskrift før § 19-1 skal lyde:
Refusjon av utgifter til opplæring for gjesteelevar som går i fylkeskommunale vidaregåande skolar
Ny overskrift før ny § 19-5 skal lyde:
Økonomisk ansvar for utgifter til opphald for teiknspråklege elevar som får opplæring etter opplæringslova § 3-9
Ny § 19-5 skal lyde:
Fylkeskommunen har det økonomiske ansvaret for utgifter til kost og losji for elevar som får opplæring etter opplæringslova § 3-9.
Fylkeskommunen har det økonomiske ansvaret for utgifter til nødvendige sosialpedagogiske tiltak for elevar som har behov for hjelp med å finne seg til rette i skole- og fritida, mellom anna utgifter til nødvendig miljøpersonale.
Fylkeskommunen sitt økonomiske ansvar etter første og andre ledd gjeld elevar som er busette i fylket, og som må flytte heimanfrå for å få opplæring. Fylkeskommunen der eleven er busett, gjer det endelege vedtaket etter første og eventuelt andre ledd.
II
Endringane trer i kraft 1. februar 2001.