Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova.

LTI/forskrift/2001-04-18-427·Kunngjort 4. mai 2001·Journalnr. 2001-0471

I kraft fra: 2001-04-18

Endrerforskrift/1999-06-28-722
Hjemmellov/1998-07-17-61

I

I forskrift av 28. juni 1999 nr. 722 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

Parentesen under kapitteloverskriften Kapittel 4 Vurdering i vidaregåande opplæring skal lyde:

(Opplæringslova § 3-4 første ledd og § 4A-4 femte ledd, privatskulelova § 31)

Parentesen under kapitteloverskriften Kapittel 5 Klage på vurdering av elevar og lærlingar skal lyde:

(Opplæringslova § 2-3 andre ledd, § 3-4 første ledd, § 4A-4 femte ledd og privatskulelova § 31)

Parentesen under kapitteloverskriften Kapittel 6 Inntak til vidaregåande opplæring og formidling av lærlingar og lærekandidatar til lærebedrifter skal lyde:

(Opplæringslova § 3-1 åttande ledd, § 3-3 sjette ledd, § 4A-3 første ledd, § 12-4 andre ledd og åttande ledd)

§ 5-5 første ledd skal lyde:

Frist for å klage på vedtak som gjeld avgangskarakterar/eksamenskarakterar og standpunktkarakterar er 10 dagar.

på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon som er diagnostisert av sakkunnig, har problem med å beherske begge målformer

§ 11-1 første ledd skal lyde:

Lærebedrifta må vere godkjend av fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda for å kunne teikne lærekontrakt eller opplæringskontrakt, jf. opplæringslova § 4-3. Fylkeskommunen der lærebedrifta er lokalisert, gir godkjenning for kvart enkelt fag lærebedrifta skal kunne ha lærling eller lærekandidat i. Har bedrifta lokale i fleire fylkeskommunar, avgjer lokaliseringa til den aktuelle avdelinga av lærebedrifta kva for ein fylkeskommune som kan godkjenne bedrifta.

Cand.philol.-grad Cand.real.-grad Cand.scient.-grad Cand.polit.-grad Cand.paed.-grad Cand.psycol.-grad Cand.sociol.-grad Cand.oecon.-grad Cand.jur.-grad Cand.med.-grad Cand.med.vet.-grad Cand.theol.-grad Cand.musicae.-grad Mag.art.-grad Siviløkonomeksamen og høgare avdeling Diplomeksamen frå Noregs musikkhøgskole Sivilingeniøreksamen og 4 års relevant yrkespraksis Idrettskandidateksamen Cand.agric.-grad og 2 års relevant yrkespraksis Cand.pharm.-kandidat med 2 års etterfølgjande yrkespraksis Cand.odont.-kandidat med 2 års etterfølgjande yrkespraksis Sivilarkitekt med 2 års etterfølgjande yrkespraksis.

Lektor med utdanning som omfattar adjunktutdanning godkjend for tilsetjing i grunnskolen cand.philol.-grad cand.real.-grad cand.scient.-grad cand.polit.-grad cand.paed.-grad cand.psycol.-grad cand.sociol.-grad cand.oecon.-grad cand.jur.-grad cand.med.-grad cand.med.vet.-grad cand.theol.-grad cand.musicae.-grad mag.art.-grad siviløkonomeksamen og høgare avdeling diplomeksamen frå Noregs musikkhøgskole sivilingeniøreksamen og 4 års relevant yrkespraksis idrettskandidateksamen cand.agric.-grad og 2 års relevant yrkespraksis cand.pharm.-kandidat med 2 års etterfølgjande yrkespraksis cand.odont.-kandidat med 2 års etterfølgjande yrkespraksis sivilarkitekt med 2 års etterfølgjande yrkespraksis.

§ 14-35 skal lyde:

Når det til utlyst full stilling eller delstilling i yrkesfag ikkje melder seg søkjar som fyller kompetansekrava, kan søkjar som fyller dei faglege krava, men manglar pedagogisk eller yrkesteoretisk utdanning, tilsetjast på oppseiing på vilkår.

Føresegna om tilsetjing på vilkår gjeld søkjarar til utlyst stilling i yrkesfag når dei kan dokumentere fagleg utdanning frå arbeidslivet (f.eks. fagbrev) eller frå andre institusjonar enn pedagogiske høgskolar/universitet, men manglar pedagogikk eller yrkesteori.

Ny overskrift før § 14-36 skal lyde:

Krav for tilsetting i folkehøgskolen

II

Endringene trer i kraft straks.