Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova.

LTI/forskrift/2001-05-11-494·Kunngjort 18. mai 2001·Journalnr. 2001-0542

I kraft fra: 2001-05-11

Endrerforskrift/1999-06-28-722
Hjemmellov/1998-07-17-61

I

I forskrift av 28. juni 1999 nr. 722 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

§ 4-5 andre ledd skal lyde:

Ved individuell vurdering av elevar, lærlingar og lærekandidatar skal det leggjast vekt på løpande munnleg og skriftleg tilbakemelding, oppfølging og rettleiing i forhold til dei mål den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten arbeider mot.

§ 4-6 andre ledd skal lyde:

Karakterane i fag/kurs skal gi uttrykk for i kva grad måla i dei fagspesifikke læreplanane er nådd. Dette gjeld også dei mål i den generelle delen av læreplanen som er nedfelte i måla i dei fagspesifikke læreplanane for faget/kurset, deriblant fellesmål. Skole og lærebedrift har plikt til å informere eleven/lærlingen om kva som er grunnlaget for karakterane.

§ 4-8 skal lyde:

Karakterar til eksamen og fag-/sveineprøve skal gi uttrykk for i kva grad ein har nådd dei måla ein blir prøvd i. Eksamens- og prøveformene og dei oppgåvene som blir laga, skal utformast med tanke på at ein så stor del av måla som mogleg kan bli vurderte ved eksamen og ved fag-/sveineprøve, jf. forskrifta § 4-6.

§ 14-35 skal lyde:

Når det til utlyst full stilling eller delstilling i yrkesfag ikkje melder seg søkjar som fyller kompetansekrava, kan søkjar som fyller dei faglege krava, men manglar pedagogisk eller yrkesteoretisk utdanning, tilsetjast på oppseiing på vilkår.

Føresegna om tilsetjing på vilkår gjeld søkjarar til utlyst stilling i yrkesfag når dei kan dokumentere fagleg utdanning frå arbeidslivet (f.eks. fagbrev) eller frå andre institusjonar enn pedagogiske høgskolar/universitet, men manglar pedagogikk eller yrkesteori.

I tillegg til søkjarar som har fagbrev eller tilsvarande, gjeld ordninga også søkjarar med helsefagleg utdanning, siviløkonomar, cand.agric.-kandidatar, cand.jur.-kandidatar, cand.oecon.-kandidatar og kandidatar frå distriktshøgskole eller kunsthandverksskole.

Søkjar til stilling i studieretning for allmenne fag, som manglar praktisk- pedagogisk utdanning, kan tilsetjast på oppseiing ved vidaregåande skolar i Finnmark på linje med lærarar i yrkesfaglege studieretningar dvs. fullfører den praktisk-pedagogiske utdanninga innan 3 år.

II

Endringane trer i kraft straks.