Forskrift om endring i forskrift om tilskott til mjølkeproduksjon.
I kraft fra: 2001-07-01
I
I forskrift av 26. august 1999 nr. 965 om tilskott til mjølkeproduksjon blir det gjort følgjande endringar:
§ 7 skal lyde:
Heimeforedla mjølkeprodukt blir rekna om til liter mjølk etter omrekningsfaktorar godkjend av Statens landbruksforvaltning.
Antall liter omrekna mjølk er kvantumsgrunnlag for utbetaling av tilskott.
§ 9 skal lyde:
Det gis eit distriktstilskott pr. liter ku- og geitemjølk etter følgjande satsar: Soner øre/liter A 0 B 8 C 23 D 32 E 42 F 55 G 80 H 101 I 159 J 168 Områda for dei ulike sonene framgår av vedlegg 1 til forskrifta.
§ 10 skal lyde:
Det gis grunntilskott på 3,6 øre pr. liter kumjølk og 188 øre pr. liter geitemjølk.
§ 13 første ledd skal lyde:
Er det betalt ut tilskott utan at vilkåra i forskrifta er oppfylte, skal tilskottet verte betalt attende.
II
Endringane trådte i kraft 1. juli 2001.