Forskrift om endring i forskrift om tilskott til avløysing.
I kraft fra: 2002-01-01
I
I forskrift av 23. november 1998 nr. 1086 om tilskott til avløysing blir det gjort følgjande endringar:
§ 5 skal lyde:
Tilskott til avløysing kan berre gjevast til dekning av faktiske utgifter til løn, feriepengar, arbeidsgjevaravgift og avgiftspliktig kjøregodtgjersle til avløysar, forutsatt at utgifter er innberetta til kommunekasseraren. Rapportering av lønsutgifter skal vere foreteke innafor Skattedirektoratet si frist for innlevering av lønns- og trekkoppgåve. Utgifter til arbeidsgjevaravgift for 6. termin skal takast med ved søknad om sluttutbetaling av tilskott til avløysing ved ferie og fritid. Det kan òg refunderast utgifter til landbruksvikar og utgifter til kjøp av avløysartenester frå eit avløysarlag eller ein avløysarring.
Fylkesmannen kan i særskilde tilfelle gi dispensasjon ved for sein innrapportering. For samdrifter gjeld eigne reglar.
§ 7 skal lyde:
Grunnlaget for fastsetjing av maksimalt tilskott er dyretalet på driftseininga pr. 1. januar same år. For slaktegrisar, livdyr gris (levande vekt over 50 kg), gjæser, kalkunar, ender, livkyllingar og slaktekyllingar blir tal slakta dyr og/eller tal selde livdyr i føregåande år lagt til grunn for fastsetjing av maksimalt tilskott pr. driftseining. Det gjeld òg ved brukarskifte i løpet av avløysaråret. Det kan også givast tilskott for livkalkun definert som kalkun hos oppalar tenkt for sal, og der kalkunen kan vere inntil 28 veker gamal.
Ved brukarskifte i løpet av avløysaråret fordelast tilskott mellom gamal og ny brukar. Maksimalt tilskott vert rekna frå det tidspunktet (månad) brukarskifte skjer. Brukar må sjølv melde frå om brukarskifte til kommunen. Maksimalt tilskott blir gjort gjeldande som grunnlag for tilskott frå og med månaden etter det er fastsett og ut året.
Tilskottet blir avgrensa til eit maksimalt beløp pr. driftseining pr. år. Maksimalbeløpet blir fastsett i jordbruksoppgjeret. Nedre grense for å ha krav på tilskott blir fastsett i jordbruksoppgjeret. Satsane blir fastsette i jordbruksoppgjeret.
§ 8 oppheves.
Noverande § 9 til § 22 blir § 8 til § 21.
§ 8 skal lyde:
§ 8. Tilskott til samdrifter
Det vert gjeve eit samla tilskott til samdrifter. Dette tilskottet omfattar både dyr som inngår i samdrifta og dyr deltakarane har utanom samdrifta, same kva husdyrslag dette gjeld. Krav om at avløysinga må ordnast som eit arbeidsgjevar-/arbeidstakartilhøve gjeld ikkje for samdrifter. Det er ikkje krav om dokumentasjon av utgifter for samdrifter.
Følgje av sjukt barn: Følgje av sjukt barn under 12 år eller funksjonshemma barn under 16 år til behandling på sjukehus eller institusjon inntil 20 dagar pr. år for kvar av foreldra. Einslege foreldre kan få inntil 40 dagar pr. år. Fylkesmannen kan i særlege tilfelle forlengje perioden. Foreldre med barn under 16 år som har ein kronisk sjukdom, kan kvar få tilskott for inntil 20 dagar pr. år (40 dagar for einslege) når barnet er sjukt. Sivilforsvarsøving: Retten gjeld dei dagane søkjar har teke del i øvinga. Dødsfall: Dersom brukaren døyr kan attlevande ektemake/sambuar, barn eller foreldre gjevast tilskott i inntil 8 veker etter dødsfallet. Sjukepengar skal ikkje trekkjast i dette høvet. Fylkesmannen kan i særlege høve forlenge perioden det ytast tilskott.
II
Endringane trer i kraft 1. januar 2002.