Forskrift om endring i forskrift om gebyr til Post- og teletilsynet.
I kraft fra: 2001-12-01
I
I forskrift av 20. mars 2000 nr. 302 om gebyr til Post- og teletilsynet vert det gjort følgjande endringar:
Hjemmelsfeltet skal lyde:
Fastsett av Samferdselsdepartementet 20. mars 2000 med heimel i lov av 23. juni 1995 nr. 39 om telekommunikasjon (teleloven) § 10-1, jf. kgl.res. av 31. august 2001 nr. 949 § 1, lov av 29. november 1996 nr. 73 om formidling av landsdekkende postsendinger (postloven) § 20, jf. kgl.res. av 25. juni 1999 nr. 707, lov av 15. juni 2001 nr. 81 om elektronisk signatur § 23 og § 24 og kgl.res. av 15. juni 2001 nr. 615.
§ 2 skal lyde:
Forskrifta gjeld innkrevjing av gebyr etter teleloven § 10-1, postloven § 20 og lov om elektronisk signatur § 24 for verksemd som Post- og teletilsynet driv med heimel i lovene.
§ 11 overskrifta og første ledd skal lyde:
§ 11. Gebyr for registrert leverandør og radioforhandlar
Årleg gebyr for registrert leverandør av radio- og teleterminalutstyr er kr 3.000.
§ 16 skal lyde:
Statens teleforvaltningsråd avgjer klage på enkeltvedtak i telesak fastsett med heimel i forskrifta. Samferdselsdepartementet avgjer likevel klage på enkeltvedtak av prinsipiell eller telepolitisk art, etter at Statens teleforvaltningsråd har grunngjeve eit forslag til vedtak.
Samferdselsdepartementet avgjer klage i postsak på enkeltvedtak fastsett med heimel i forskrifta. Arbeids- og administrasjonsdepartementet avgjer likevel klage på enkeltvedtak av konkurranserettsleg karakter.
Samferdselsdepartementet avgjer klage på enkeltvedtak fastsett med heimel i forskrifta i sak om kvalifisert sertifikat for elektronisk signatur.
Klage har ikkje utsetjande verknad med mindre Post- og teletilsynet eller klageinstansen bestemmer det.
II
Endringane trer i kraft 1. desember 2001.