Forskrift om endring i forskrift om tilskott til mjølkeproduksjon.
I kraft fra: 2002-01-01
I
I forskrift av 26. august 1999 nr. 965 om tilskott til mjølkeproduksjon blir det gjort følgjande endringar:
§ 1 første ledd oppheves.
§ 2 skal lyde:
Bruk: Landbrukseigedom som er nytta, eller som kan nyttast til jord- og/eller skogbruk. Alt som høyrer til same eigar i ein kommune, høyrer til same landbrukseigedom utan omsyn til om den omfattar fleire matrikkelnummer. Brukar: Den som eig eller forpaktar eit bruk og driv det, og elles oppfyller krava til brukar i gjeldande forskrift om produksjonstilskott. 1 Meieriselskap: Andelslag, aksjeselskap, anna selskap eller anna juridisk eining som kjøper eller på annan måte tek i mot mjølk, fløyte eller myse til vidare foredling eller produksjon av mjølkeprodukt. Småskala foredling av geitemjølk etter forskrift om produksjonsrettigheter til lokal foredling av geitmelk 2 blir likevel ikkje omfatta. Direkte sal: Omsetning av mjølk og/eller foredla mjølkeprodukt frå produsent til andre enn meieriselskap. Heimeforedling: Foredling av eigenprodusert mjølk på eige bruk, eigen seter eller fellesseter. Småskala foredling: Samarbeid mellom fleire bruk om foredling av geitemjølk avgrensa opp til 200.000 liter pr. år, jf. forskrift om produksjonsrettigheter til lokal foredling av geitemelk § 6.
1 Jf. forskrift av 1. juli 1999 nr. 782 om produksjonstilskudd i jordbruket § 2.
2 Jf. forskrift av 26. september 2001 nr. 1122 om produksjonsrettigheter til lokal foredling av geitmelk.
§ 3 andre og tredje skal lyde:
Forskrifta gjeld og tilskott til produksjon av ku- og geitemjølk utanfor kvote som blir nytta til heimeforedling og selt direkte. Slik produksjon må ha blitt gjeve fritak frå overproduksjonsavgift, jf. forskrift av 29. juni 1999 nr. 763 om omsetningsavgift på jordbruksvarer, og om overproduksjonsavgift på mjølk § 4.
Forskrifta gjeld og tilskott til produksjon av geitemjølk etter forskrift av 26. september 2001 nr. 1122 om produksjonsrettigheter til lokal foredling av geitmelk.
§ 5, § 6 og § 7 skal lyde:
§ 5. Generelle vilkår
Tilskott etter denne forskrifta vert berre gjeve til brukar som har rett til produksjonstilskott i jordbruket.
produsert innafor bruket si kvote 1 og som er levert til meieriselskap, produsert innafor bruket si kvote, og heimeforedla og selt direkte, eller nytta til småskala foredling jf. § 3 første ledd nr. 4. heimeforedla og produsert med fritak for overproduksjonsavgift, jf. § 3 andre ledd. produsert innafor bruket sin produksjonsrett til geitemjølk, 2 jf. § 3 tredje ledd.
Det vert berre gjeve tilskott til mjølk som oppfyller kvalitetskrava gjeve i forskrift av 30. juni 1995 nr. 636 om produksjon og frambud av rå melk, varmebehandlet melk og melkebaserte produkt m.v.
Mjølka vert rekna som levert når ho er innvege på tankbil eller levert meieriselskap på anna vis.
1 Jf. forskrift av 17. desember 1997 nr. 1450 om kvoteordningen for melk.
2 Jf. forskrift av 26. september 2001 nr. 1122 om produksjonsrettigheter til lokal foredling av geitmelk.
§ 6. Særlege vilkår ved heimeforedling og småskala foredling
Som særleg vilkår for å få tilskott til mjølk som er heime- og småskalaforedla, må foredlings- og salslokala vere godkjent av Næringsmiddeltilsynet, og produkta som frambys for sal må tilfredsstille gjeldande hygieniske krav. 1
Produsenten må vere medlem av husdyrkontrollen.
1 Jf. forskrift 30. juni 1995 nr. 636 om produksjon og frambud av rå melk, varmebehandlet melk og melkebaserte produkter m.v.
§ 7. Omrekning av foredla produkt
Foredla mjølkeprodukt blir rekna om til liter mjølk etter omrekningsfaktorar godkjend av Statens landbruksforvaltning.
Antall liter omrekna mjølk er kvantumsgrunnlag for utbetaling av tilskott.
§ 8 oppheves.
§ 11 skal lyde:
Statens landbruksforvaltning betalar ut tilskott til kvart meieriselskap. Statens landbruksforvaltning kan betale ut tilskott à konto til kvart meieriselskap basert på prognosar for vedkomande månad og justere det for tidlegare utbetaling.
Meieriselskapet betalar tilskottet vidare til brukarane. I den avrekninga som selskapet gjer overfor brukarane skal storleiken på tilskotta gå fram, og det skal opplysast kor store tilskottssatsane er.
Ved heimeforedling og direkte sal eller småskala foredling etter forskrift om produksjonsrettigheter til lokal foredling av geitmelk, jf. § 6, kan Statens landbruksforvaltning betale ut tilskott via meieriselskap på grunnlag av innsendte rapporteringsskjema frå brukaren. Det skal skje ei avstemming på grunnlag av næringsoppgåva med vedlegg spesifisert av Statens landbruksforvaltning. Statens landbruksforvaltning betalar ut tilskott direkte til brukar i dei tilfelle rapporteringsavtale med meieriselskap ikkje føreligg. Brukar som rapporterer direkte til Statens landbruksforvaltning kan få utbetalt tilskott ein gong pr. halvår.
Statens landbruksforvaltning kan utbetale eit samla tilskott til grupperingar av meieriselskap som syter for utbetaling til kvart enkelt selskap og til grupperingar av produsentar som samarbeider om småskala foredling jf. § 2 nr. 3.
§ 12 oppheves.
§ 14 og § 15 skal lyde:
§ 14. Oppgåver
Meieriselskapet skal kvar månad sende spesifisert oppgåve til Statens landbruksforvaltning med prognose for inneverande månad og registrerte tal for føregåande månad over kvantum med rett til tilskott og tilskottsbeløp og rapportert direkte sal.
Meieriselskapet sin revisor skal revidere og stadfeste oppgåvene kvart halvår.
Mjølkeprodusentar med heimeforedling og direkte sal eller småskala foredling etter forskrift om produksjonsrettigheter til lokal foredling av geitmelk som ikkje har avtale om rapportering med meieriselskap, rapporterer direkte til Statens landbruksforvaltning.
Mjølkeprodusentar kan kun rapportere til ein instans, enten meieriselskapet eller Statens landbruksforvaltning. Rapportering skal så vidt mogeleg avtalast med meieri.
Statens landbruksforvaltning kan gi grupperingar av meieriselskap og brukarar som samarbeider om småskala foredling høve til samla rapportering.
Statens landbruksforvaltning fastsett kva for oppgåver som skal innleverast, form og innhald i oppgåvene, tidsfristar for rapportering og revisorattestasjon.
Meieriselskap og brukar skal syte for at oppgåver og annan dokumentasjon som vert gitt som grunnlag for utbetaling er i samsvar med forskrifta.
§ 15. Kontroll og opplysningsplikt
Statens landbruksforvaltning fører kontroll med at reglane i denne forskrifta blir overheldt, og kan herunder foreta stedleg kontroll. Meieriselskap og brukar pliktar å yte bistand ved slik kontroll.
Grunnlagsmaterialet for innleverte oppgåver etter § 14 skal vere tilgjengeleg for ettersyn. Meieriselskap og brukar pliktar å gje alle naudsynte opplysningar som Statens landbruksforvaltning krev.
II
Endringane trer i kraft 1. januar 2002.