Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova.
I kraft fra: 2002-08-01
I
I forskrift av 28. juni 1999 nr. 722 til opplæringslova blir det gjort følgjande endring:
Det samla undervisningstimetalet i faget norsk på småskoletrinnet skal aukast frå 912 til 1026. For elevar som har samisk som førstespråk, skal denne timetalsauken leggjast til faget samisk. Det samla undervisningstimetalet i faget samisk som førstespråk på småskoletrinnet skal aukast frå 572 til 686. Overgangsordning Frå og med skoleåret 2002–2003 skal skolane fordele det nye timetalet på barnetrinnet, 6232 timar (6384 etter L97S) på fag og klassar i samsvar med reglane ovanfor. Den nye fordelinga må ikkje føre til at dei elevane som gjekk på skolen skoleåret 2001–2002, får eit lågare timetal enn 6118 (6270 etter L97S) i løpet av barnetrinnet. Statens utdanningskontor kan gi dispensasjon frå den nemnde regelen om minstetimetalet 6118 dersom fordelinga er grunngitt med skyssordninga, og timetalsreduksjonen for dei elevane det gjeld, er minimal.
II
Endringa trer i kraft 1. august 2002.