Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruksdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om tilskott til forsøksringar.

LTI/forskrift/2002-06-24-710·Kunngjort 9. juli 2002·Journalnr. 2002-0633

I kraft fra: 2002-07-01, 2003-01-01

Endrerforskrift/2000-12-12-1666forskrift/1994-10-21-1304

I

I forskrift av 12. desember 2000 nr. 1666 om tilskott til forsøksringar blir det gjort følgjande endringar:

Forsøksring; ein samskipnad av foretak godkjent av Statens landbruksforvaltning, som har til formål å drive fagleg rettleiing i, eller knytta til, planteproduksjon ved å gi medlemmene lokaltilpassa kunnskap som grunnlag for ein berekraftig produksjon til nytte for medlemmene. Medlem; foretak som driv med planteproduksjon og som har betalt kontingent i ein forsøksring.

ved behov etter nærare avtale stiller forsøksfelt til rådvelde for Planteforsk eller andre offentlege forskings- og rådgjevingsinstitusjonar, ikkje driv omsetnad av varer og tenester (t.d. som sals- eller innkjøpslag) utanom sal av det som blir produsert i ringen,

§ 4 skal lyde:

Forsøksringen er tilskottsmottakar. Tilskott vert gitt som rammetilskott, spesialsatsingstilskott og kompetansetilskott. Den samla tilskottsramma og fordelinga på dei tre ulike ordningane blir fastsett i jordbruksoppgjeret. Tilskottet blir rekna ut med bakgrunn i talet på medlemmer i ringen pr. 31. desember året før søknadsåret.

Satsane for rammetilskott og spesialsatsingstilskott blir fastsette av Statens landbruksforvaltning.

Rammetilskott Rammetilskottet består av medlemstilskott og sonetilskott: medlemstilskott: Tilskottet gis pr. medlem og er likt for alle medlemmer. sonetilskott: Tilskottet gis pr. medlem og skal kompensere for geografiske og kommunikasjonsmessige skilnader. Tilskottet gis etter inndeling av landet i 6 soner og er knytta til den kommunen der foretaket har sin hovudproduksjon, jf. vedlegg 1 om soneinndeling. Av rammetilskottet blir 80% gitt som medlemstilskott og 20% som sonetilskott. Tabell 1 Soner Sone Indeks 1 1 2 2 3 4 4 8 5 14 6 24 Spesialsatsingstilskott Tilskottet gis pr. medlem med prioriterte produksjonar. Kva for produksjonar som skal prioriterast og korleis tilskottet skal fordelast mellom desse produksjonane blir fastsett i jordbruksoppgjeret. For medlem med medlemskap i fleire ringar, vert tilskottet fastsett etter retningsliner fastsett av Statens landbruksforvaltning. Kompetansetilskott Tilskottet skal dekkje delar av kostnadene knytt til tiltak for å byggje opp kompetanse i forsøksringane. Tilskottet skal m.a. gis til forsøksringar for å kompensere for særskilt høge reisekostnader for å delta på tiltaka. Landbrukets Forsøksringar forvaltar tilskottet etter retningsliner godkjent av Statens landbruksforvaltning.

Samla tilskott for rammetilskott og spesialsatsingstilskott kan maksimalt utgjere 85% av rekneskapsførde lønnskostnader til forsøksringverksemda i forsøksringen i siste godkjende rekneskapsår.

§ 5 skal lyde:

Søknad skal skrivast på skjema fastsett av Statens landbruksforvaltning. Den som forpliktar ringen skal skrive under.

Søknaden skal sendast fylkesmannen som avgjer søknaden. Søknadsfristen er 1. oktober. Melding om vedtak gis i brev frå Statens landbruksforvaltning i forkant av utbetalinga.

§ 8 skal lyde:

Dersom ein forsøksring har motteke feil tilskott, kan tilskottet krevjast tilbakebetalt eller motreknast i framtidige utbetalingar. Tilskottet kan også krevjast tilbakebetalt eller motreknast i framtidige utbetalingar, når ringen eller ein som har opptrådt på vegne av ringen, har gitt feilaktige eller mangelfulle opplysningar. Det same gjeld dersom utbetalinga skyldast feil frå forvaltning og mottakaren burde ha forstått dette.

§ 11 skal lyde:

Statens landbruksforvaltning kan fråvike reglane her når særskilde grunnar tilseier det.

§ 12 skal lyde:

Denne forskrifta trer i kraft frå 1. januar 2001. Endringar av 3. september 2001 trer i kraft frå 1. januar 2002.

Vedlegget til forskriften skal lyde:

Vedlegg Sone Fylke Kommunenummer 1 Østfold 0104, 0124, 0136 Akershus 0213, 0214, 0228, 0230, 0231, 0235 Hedmark 0403 Oppland 0501, 0534 Buskerud 0602, 0617 Vestfold 0702, 0704, 0722 Telemark 0806 Aust-Agder 0906, 0937 Vest-Agder 1002 Rogaland 1103, 1106, 1120, 1121 Sogn og Fjordane 1420 Møre og Romsdal 1503, 1516 2 Østfold 0101, 0105, 0106, 0122, 0123, 0125, 0127, 0135, 0137, 0138 Akershus 0211, 0215, 0216, 0217, 0220, 0226, 0227, 0233, 0234, 0238 Hedmark 0402, 0415, 0417, 0419, 0427, 0437, 0438 Oppland 0502, 0516, 0517, 0519, 0521, 0528, 0529, 0532, 0533, 0542, 0543, 0544 Buskerud 0604, 0605, 0612, 0624, 0625, 0626, 0627 Vestfold 0701, 0706, 0709, 0711, 0713, 0714, 0716, 0718, 0719, 0720, 0723 Telemark 0805, 0807, 0811, 0815, 0822, 0828, 0829 Aust-Agder 0904, 0914, 0935 Vest-Agder 1001, 1003, 1004, 1018, 1029 Rogaland 1101, 1102, 1119, 1124, 1127, 1149 Hordaland 1201, 1221, 1228, 1235, 1247 Sogn og Fjordane 1432, 1439 Møre og Romsdal 1504, 1517, 1520, 1531, 1532, 1556, 1563, 1566 Sør-Trøndelag 1601, 1621, 1627, 1634, 1638, 1640, 1662, 1663 Nord-Trøndelag 1702, 1703, 1714, 1719, 1721, 1729, 1742, 1744, 1750 3 Østfold 0111, 0118, 0119, 0128 Akershus m/Oslo 0219, 0221, 0229, 0236, 0237, 0239, 0301 Hedmark 0412, 0418, 0420, 0423, 0426, 0429, 0436, 0441 Oppland 0511, 0515, 0520, 0522, 0536, 0538, 0540, 0541, 0545 Buskerud 0616, 0618, 0619, 0622, 0623, 0628, 0631 Vestfold 0728 Telemark 0814, 0817, 0819, 0821, 0826, 0827 Aust-Agder 0901, 0912, 0919, 0926, 0938 Vest-Agder 1014, 1017, 1021, 1027, 1032, 1037 Rogaland 1111, 1112, 1114, 1122, 1142, 1145, 1146, 1151, 1154, 1159 Hordaland 1216, 1222, 1231, 1233, 1234, 1246 Sogn og Fjordane 1401, 1419, 1426, 1430, 1431, 1433 Møre og Romsdal 1502, 1515, 1519, 1523, 1529, 1547, 1548, 1551, 1557, 1567, 1571 Sør-Trøndelag 1622, 1635, 1636, 1644, 1653, 1657 Nord-Trøndelag 1717, 1723, 1724, 1725, 1748, 1751 4 Østfold 0121 Hedmark 0425, 0428, 0430, 0432, 0439 Oppland 0512, 0513, 0514 Buskerud 0615, 0620, 0621, 0632 Telemark 0830, 0831, 0833, 0834 Aust-Agder 0911, 0928, 0929, 0940 Vest-Agder 1026, 1034, 1046 Rogaland 1129, 1130, 1134 Hordaland 1211, 1219, 1223, 1227, 1232, 1238, 1242, 1245, 1253, 1256, 1259, 1260, 1263, 1264 Sogn og Fjordane 1413, 1416, 1417, 1418, 1428, 1429, 1438, 1441, 1443, 1444 Møre og Romsdal 1511, 1514, 1524, 1526, 1528, 1534, 1539, 1543, 1545, 1554, 1560, 1572 Sør-Trøndelag 1612, 1613, 1630, 1648, 1664 Nord-Trøndelag 1711, 1718, 1736, 1739, 1740, 1743, 1749 5 Hedmark 0434 Buskerud 0633 Aust-Agder 0941 Rogaland 1133, 1135, 1141, 1144 Hordaland 1224, 1241, 1243, 1244, 1251, 1252, 1265, 1266 Sogn og Fjordane 1411, 1412, 1421, 1422, 1424, 1445, 1449 Møre og Romsdal 1525, 1535, 1546, 1569, 1573 Sør-Trøndelag 1617, 1620, 1624, 1632, 1633, 1665 Nord-Trøndelag 1738, 1755 6 Nordland Troms Finnmark Alle kommunar i dei tre nordlegaste fylkane

II

Endringene trer i kraft 1. juli 2002. Forskrift av 21. oktober 1994 nr. 1304 om forsøksringar blir oppheva frå 1. januar 2003. Frå same dato blir § 9 i forskrift av 12. desember 2000 nr. 1666 oppheva.