Forskrift om endring i forskrift om tilskott til mjølkeproduksjon.
I kraft fra: 2002-07-01
I
I forskrift av 26. august 1999 nr. 965 om tilskott til mjølkeproduksjon blir det gjort følgjande endringar:
Overskriften «I. Allmenne reglar» blir oppheva.
§ 2 og § 3 skal lyde:
Bruk: Landbrukseigedom som er nytta, eller som kan nyttast til jord- og/eller skogbruk. Alt som høyrer til same eigar i ein kommune, høyrer til same bruk utan omsyn til om den omfattar fleire matrikkelnummer. Meieriselskap: Juridisk eining som kjøper eller på annan måte tek i mot mjølk, fløyte eller myse til vidare foredling eller produksjon av mjølkeprodukt. Småskala foredling av geitemjølk etter forskrift om produksjonsrettigheter til lokal foredling av geitmelk 1 blir likevel ikkje omfatta. Direkte sal: Omsetning av mjølk og/eller foredla mjølkeprodukt frå mjølkeprodusent til andre enn meieriselskap. Heimeforedling: Foredling av eigenprodusert mjølk på eige bruk, eigen seter eller fellesseter. Småskala foredling: Samarbeid mellom fleire bruk om foredling av geitemjølk avgrensa opp til 200.000 liter pr. år, jf. forskrift om produksjonsrettigheter til lokal foredling av geitemelk § 6.
1 Jf. forskrift av 26. september 2001 nr. 1122 om produksjonsrettigheter til lokal foredling av geitmelk.
levert frå mjølkeprodusent til meieriselskap, nytta til heimeforedling av fløyte, fjell- og gardssmør, gards- og seterost for vidare levering til meieriselskap, nytta til heimeforedling og selt direkte, nytta til småskala foredling etter forskrift om produksjonsrettigheter til lokal foredling av geitmelk.
Forskrifta gjeld og tilskott til produksjon av ku- og geitemjølk utanfor kvote som blir nytta til heimeforedling og selt direkte. Slik produksjon må ha blitt gjeve fritak frå overproduksjonsavgift, jf. forskrift av 29. juni 1999 nr. 763 om omsetningsavgift på jordbruksvarer, og om overproduksjonsavgift på mjølk § 4.
Forskrifta gjeld og tilskott til produksjon av geitemjølk etter forskrift av 26. september 2001 nr. 1122 om produksjonsrettigheter til lokal foredling av geitmelk.
§ 5 første ledd blir oppheva.
§ 5 nåværande andre til fjerde ledd blir nytt første til tredje ledd.
§ 5 nytt første ledd første kolon skal lyde:
Tilskott kan gis til mjølkeprodusent for mjølk og mjølkeprodukt som er:
§ 6 andre ledd skal lyde:
Mjølkeprodusenten må vere medlem av husdyrkontrollen.
Overskriften «II. Fastsetjing av tilskott» blir oppheva.
§ 10 skal lyde:
Det gis et grunntilskott på 184,4 øre pr. liter geitemjølk.
Overskriften «III. Reglar om utbetaling» blir oppheva.
§ 11 skal lyde:
Statens landbruksforvaltning betalar ut tilskott til kvart meieriselskap. Statens landbruksforvaltning kan betale ut tilskott à konto til kvart meieriselskap basert på prognosar for vedkomande månad og justere det for tidlegare utbetaling.
Meieriselskapet betalar tilskottet vidare til mjølkeprodusentane. I den avrekninga som selskapet gjer overfor mjølkeprodusentane skal storleiken på tilskotta gå fram, og det skal opplysast kor store tilskottssatsane er.
Ved heimeforedling og direkte sal eller småskala foredling etter forskrift om produksjonsrettigheter til lokal foredling av geitmelk, jf. § 6, kan Statens landbruksforvaltning betale ut tilskott via meieriselskap på grunnlag av innsendte rapporteringsskjema frå mjølkeprodusenten. Det skal skje ei avstemming på grunnlag av næringsoppgåva med vedlegg spesifisert av Statens landbruksforvaltning. Statens landbruksforvaltning betalar ut tilskott direkte til mjølkeprodusent i dei tilfelle rapporteringsavtale med meieriselskap ikkje føreligg. Mjølkeprodusent som rapporterer direkte til Statens landbruksforvaltning kan få utbetalt tilskott ein gong pr. halvår.
Statens landbruksforvaltning kan utbetale eit samla tilskott til grupperingar av meieriselskap som syter for utbetaling til kvart enkelt selskap og til grupperingar av mjølkeprodusentar som samarbeider om småskala foredling jf. § 2 nr. 3.
§ 13 skal lyde:
Er det betalt ut tilskott utan at vilkåra i forskrifta er oppfylte, skal tilskottet verte betalt attende.
Dersom tilskottet ikkje blir betalt attende, og vedkommande mjølkeprodusent framleis leverer mjølk, kan Statens landbruksforvaltning, eller den det gjev fullmakt, motrekne dette i seinare tilskottsutbetalingar.
For mjølkeprodusentar som har slutta med mjølkeproduksjon, kan uteståande krav, i henhold til § 14 tredje ledd i forskrift av 22. mars 2002 nr. 283 om produksjonstilskudd i jordbruket, bli motrekna mot produksjonstilskott, eller bli kravd inn på annan måte. Det kan krevjast forsinkingsrente 1 frå utbetalingstidspunktet til tilbakebetaling skjer.
Er det ikkje betalt omsetningsavgift eller overproduksjonsavgift på mjølk, 2 kan desse avgiftene bli motrekna i tilskott gitt i medhald av denne forskrifta.
1 Jf. lov av 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m.
2 Jf. forskrift av 20. desember 1996 nr. 1343 om innkreving av omsetningsavgift og overproduksjonsavgift.
Overskriften «IV. Ymse føresegner» blir oppheva.
§ 14 femte ledd skal lyde:
Statens landbruksforvaltning kan gi grupperingar av meieriselskap og mjølkeprodusentar som samarbeider om småskala foredling høve til samla rapportering.
§ 14 sjuande ledd skal lyde:
Meieriselskap og mjølkeprodusent skal syte for at oppgåver og annan dokumentasjon som vert gitt som grunnlag for utbetaling er i samsvar med forskrifta.
§ 15 skal lyde:
Statens landbruksforvaltning fører kontroll med at reglane i denne forskrifta blir overheldt, og kan herunder foreta stedleg kontroll. Meieriselskap og mjølkeprodusent pliktar å yte bistand ved slik kontroll.
Grunnlagsmaterialet for innleverte oppgåver etter § 14 skal vere tilgjengeleg for ettersyn. Meieriselskap og mjølkeprodusent pliktar å gje alle naudsynte opplysningar som Statens landbruksforvaltning krev.
§ 17 skal lyde:
Vedtak som er fatta etter denne forskrifta kan bli klaga inn for Landbruksdepartementet etter reglane i lov av 10. februar 1967 (forvaltningslova) kap. VI. Klage må bli send via Statens landbruksforvaltning.
II
Endringane trer i kraft 1. juli 2002.