Forskrift om endring i forskrift om tilskott til avløysing.
I kraft fra: 2002-07-01
I
I forskrift av 23. november 1998 nr. 1086 om tilskott til avløysing blir det gjort følgjande endringar:
§ 2, § 3 og § 4 skal lyde:
Avløysarlag; definisjonen i § 2 i forskrift om administrasjonstilskott til avløysarlag gjeld. Avløysarring; to eller fleire foretak som har gått saman om å tilsetje felles avløysar. Ringen må ha styre og vedtekter som er godkjende av kommunen. Fellesbeite for mjølkeproduksjon som er organisert på same måte, kan reknast som avløysarring i beitesesongen.
Tilskott etter denne forskrifta kan gis til avløysing i foretak som har rett til produksjonstilskott etter forskrift om produksjonstilskott i jordbruket § 3 og § 4. Tilskott kan også gis til foretak med pelsdyr- eller bihold dersom foretaket er registrert som merverdiavgiftspliktig etter lov av 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift § 28 samt kan levere årsoppgave som landbruksforetak etter samme lov § 31. Foretak med bihold kan likevel bare gis tilskott til avløysing ved sjukdom.
Det kan ikkje gjevast tilskott til skolar og andre offentlege og private institusjonar.
Avløysinga må ordnast som eit arbeidsgjevar-/arbeidstakartilhøve. Foretaket kan overlate arbeidsgjevaransvaret til eit avløysarlag, ein avløysarring eller kommunen.
Avløysar må vere minst 16 år.
ein som har næringsinntekt frå foretaket, ektemake/sambuar til ein som har næringsinntekt frå foretaket, praktikant, ein tilsett som foretaket får «lønnstilskudd til arbeidsgivere» for.
§ 6 blir oppheva.
§ 7, § 8 og § 9 skal lyde:
Husdyrslag og vekstgrupper som dannar grunnlag for avløysartilskott, maksimalt tilskottsbeløp pr. foretak, nedre grense for krav til tilskott samt satsane blir fastsett i jordbruksoppgjeret.
Grunnlaget for fastsetjing av maksimalt tilskott er dyretalet på driftseininga pr. 1. januar same år. For slaktegrisar, livdyr gris (levande vekt over 50 kg), gjæser, kalkunar, ender, livkyllingar og slaktekyllingar blir tal slakta dyr og/eller tal selde livdyr i føregåande år lagt til grunn for fastsetjing av maksimalt tilskott pr. driftseining. Det kan også givast tilskott for livkalkun definert som kalkun hos oppalar tenkt for sal, og der kalkunen kan vere inntil 28 veker gamal.
Blir husdyrbruket driven av ulike foretak i løpet av avløysaråret, blir tilskottet fordelt mellom foretaka etter den månaden skiftet skjer. Foretaket må sjølv melde frå om skiftet til kommunen. Maksimalt tilskott blir gjort gjeldande som grunnlag for tilskott frå og med månaden etter det er fastsett og ut året.
Kravet om at avløysinga må ordnast som eit arbeidsgjevar-/arbeidstakartilhøve jf. § 5 gjeld ikkje for samdrifter i mjølkeproduksjon. Det er ikkje krav om dokumentasjon av utgifter for samdrifter i mjølkeproduksjon. Foretak som eiges helt eller delvis av deltakar i samdrift i mjølkeproduksjon, kan utan omsyn til det som elles følgjer av denne forskrift gjevast tilskott til avløysing ved ferie og fritid for andre dyreslag enn storfe, dersom desse dyra ikkje inngår i driftsfellesskap med samdriftas verksemd.
Frist for søknad om delutbetaling er 20. januar i avløysaråret. Frist for søknad om sluttutbetaling er 20. januar året etter. Ved delutbetaling kan det til saman utbetalast inntil 75% av det maksimale tilskottet som foretaket kan gis.
§ 10 tredje ledd skal lyde:
Foretaket plikter å gi nødvendig dokumentasjon av utgifter ved kontroll. Statens landbruksforvaltning fastset nærare retningsliner for dette.
§ 11 blir oppheva.
§ 12, § 13 og § 14 skal lyde:
Sjukdom mv.; sjukdom, svangerskap/fødsel, dødsfall, sivilforsvarsøving, når foreldre må følgje barn under 12 år eller funksjonshemma barn under 16 år til sjukehus, og når foreldre er heime med barn under 16 år som har ein kronisk sjukdom. Onnetid; perioden 15. april – 1. oktober.
Sjukdom: Retten til tilskott opphører når den som treng avløysing har vore sjukemeldt i til saman 365 dagar i dei siste tre åra. Vedkommande får igjen rett til tilskott når han har vore heilt arbeidsfør i 26 veker. Fylkesmannen kan gjere unntak frå krava i særlege tilfelle. Svangerskap/fødsel: Retten gjeld i inntil 42 veker (294 dagar) ved 100%, eller 52 veker (364 dagar) ved 80% tilskott. Den som treng avløysing må på førehand avtale kva for alternativ han ønskjer. Dei to alternativa kan ikkje kombinerast. Det blir kravd at mora må ha vore i arbeid som brukar i minst 6 av dei siste 10 månadene før fødselen. Fylkesmannen kan gjere unntak frå dette kravet i særlege tilfelle. Dersom både mora og faren er brukar, er det valfritt om det er mora eller faren som søkjer om tilskott. Avløysinga ved 100% regelen skal skje i samanheng innafor eit tidsrom på 12 veker før fødsel og 39 veker etter, men til saman ikkje meir enn 42 veker. Ved 80% regelen innafor eit tidsrom på 12 veker før fødsel og 49 veker etter, men til saman ikkje meir enn 52 veker. I begge høve må 3 veker takast før fødselen. Fylkesmannen kan gjere unntak frå dette kravet i særlege tilfelle. Dersom barnet døyr eller foreldra ikkje har omsorga for barnet, kan mora få tilskott for tidsrommet frå fødselen og inntil 6 veker etter fødselen. Dersom mora ikkje nyttar ordninga, kan faren få refusjon i inntil 14 dagar dersom han bur på driftseininga saman med mora. Faren kan få tilskott i inntil 14 dagar i samband med fødsel, dersom han bur saman med mor og barn på driftseininga og mora ikkje nyttar ordninga. Avløysinga skal skje i samanheng innafor tidsrommet frå to veker før fødselen til tre veker etter at mora er komen heim frå fødestue/sjukehus. Adopsjon av barn under 15 år: Då gjeld same regel som ved fødsel. Barnet kan ikkje vere stebarn. Følgje av sjukt barn: Følgje av sjukt barn under 12 år eller funksjonshemma barn under 16 år til behandling på sjukehus eller institusjon inntil 20 dagar pr. år for kvar av foreldra. Einslege foreldre kan få inntil 40 dagar pr. år. Fylkesmannen kan i særlege tilfelle forlengje perioden. Foreldre med barn under 16 år som har ein kronisk sjukdom, kan kvar få tilskott for inntil 20 dagar pr. år (40 dagar for einslege) når barnet er sjukt. Sivilforsvarsøving: Retten gjeld dei dagane søkjar har teke del i øvinga. Dødsfall: Ved dødsfall kan attlevande ektemake/sambuar, barn eller foreldre gjevast tilskott i inntil 8 veker etter dødsfallet. Sjukepengar skal ikkje trekkjast i dette høvet. Fylkesmannen kan i særlege høve forlenge perioden det ytast tilskott.
ha ein næringsinntekt frå jordbruk/gartneri mv. på minimum ein 1/2 G. Statens landbruksforvaltning fastsett nærare reglar for dette, vere sjukemeldt mv. utover den delen det mottas stønad for dersom han mottar ytingar under medisinsk rehabilitering 1 eller ytingar under yrkesrettet attføring 2 og/eller mottar uførepensjon, 3 motta mindre enn 75% attføring/rehabilitering og/eller uførepensjon, ikkje ha fylt 70 år.
Fylkesmannen kan etter særskilt vurdering la nyetablerte og andre som av spesielle grunner ikkje tilfredsstiller krava til næringsinntekt, få rett til tilskott ved avløysing.
1 Jf. lov om folketrygd kap. 10.
2 Jf. lov om folketrygd kap. 11.
3 Jf. lov om folketrygd kap. 12.
§ 15 første ledd nummer 5 blir oppheva.
§ 16 skal lyde:
Ved delvis sjukmelding skal maksimal dagsats for ordninga og foretaket sin maksimale dagsats reduserast etter sjukemeldingsgraden.
ytingar frå folketrygden ved sjukdom mv. som den som treng avløysing kan få (medrekna frivillig tilleggspensjon)
tapt arbeidsforteneste som den som treng avløysing får refundert
§ 20 skal lyde:
Reglane i § 9 – § 14 i forskrift om produksjonstilskott i jordbruket gjeld så langt dei passar. Tilskottet kan etter brukar sin oppmoding utbetalast gjennom avløysarlag og avløysarringar.
II
Endringane trer i kraft 1. juli 2002.