Forskrift om endring i forskrift om tilskott til norsk ull.
I kraft fra: 1997-07-01 me virkning fra 2002-07-01
I
I forskrift av 12. juni 1997 nr. 599 om tilskott til norsk ull blir det gjort følgjande endringar:
§ 2 – § 6 skal lyde:
Tilskott til norsk ull blir gitt med ein fast gjennomsnittleg tilskottssats pr. kg ull som blir omsett. Tilskottssatsen blir fastsett av avtalepartane for kvart år. Nye satsar blir sett i verk frå 1. september kvart år.
Differensieringa av den gjennomsnittlege tilskottssatsen pr. kg for dei ulike ullkvalitetar blir fastsett av Statens landbruksforvaltning etter framlegg frå Norsk Kjøttsamvirke og Kjøttbransjens Landsforbund.
Statens landbruksforvaltning fastset etter forslag frå Norsk Kjøttsamvirke og Kjøttbransjens Landsforbund ein fast sats pr. skinn for pelsskinn og ulne skinn som skal dekkje skilnaden mellom salspris for ulla og avrekningspris for ulla.
Satsen blir berre utbetalt for pelsskinn og ulne skinn som er omsett frå ullstasjon eller slakteri, og det må leggjast fram kopi av faktura som dokumentasjon for sal av skinna. Kostnaden må dekkjast innanfor den totale ramma for tilskottet til norsk ull.
Statens landbruksforvaltning kan ved differensiering av tilskottet avsetje eit beløp som kan nyttast til felles opplæring og kvalitets- og opplysningsarbeid.
Dersom gjennomsnittleg utbetalt tilskottssats pr. kg ull avvik frå det som lå til grunn ved differensieringa av tilskottet, må ein ta omsyn til dette avviket ved fastsettinga av tilskottssatsane for det neste året.
Det må vere minst ein godkjend klassifisør for ull i personalet. Klassifisørane må ha gjennomgått kurs i klassifisering av ull arrangert av Fagtjenesten for ull. Det må vere minst ei ullpresse i lokala. Det må vere tilfredsstillande vekter for vareomsetning i lokala. Det må vere eit separat rom for klassifisering (ikkje nytta som lagerrom e.a.) i lokala. For at ein ullstasjon kan delta i tilskottsordninga må § 5 – § 7 nedanfor følgjast.
Alle godkjende ullstasjonar tilknytta Norsk Kjøttsamvirke og Kjøttbransjens Landsforbund har samlet sett kjøpeplikt på all norsk ull som vert levert frå foretak. Dersom det vert etablert ullstasjonar utan tilknytning til dei ovanfor nemnde organisasjonar, er også desse ullstasjonane pålagt dei same kjøpeplikter. Ulla skal leverast i samsvar med reglar for behandling og emballering av ull som er fastsett av Statens landbruksforvaltning etter framlegg frå Norsk Kjøttsamvirke og Kjøttbransjens Landsforbund.
Statens landbruksforvaltning skal etter forslag frå Norsk Kjøttsamvirke og Kjøttbransjens Landsforbund fastsetje kvalitetsklassar for klassifisering av norsk ull.
Ullstasjonane pliktar å klassifisere all ull dei mottek i samsvar med dei fastsatte kvalitetsklasser. Ullstasjonane pliktar og å halde dei ulike kvalitetsklassane skild på lageret.
§ 8 skal lyde:
Ordninga med tilskott til omsetning av norsk ull blir administrert av Statens landbruksforvaltning.
§ 9 blir oppheva.
§ 10 – § 16 skal lyde:
For å få utbetalt tilskott, må ullstasjonane sende søknad til Statens landbruksforvaltning over dei kvanta ull som er avrekna i månaden og som det kan bli utbetalt tilskott for. Søknadene skal vere send Statens landbruksforvaltning seinast 20 dagar etter utgangen av den månad ulla vart avrekna.
Med søknadene skal det følgje elektronisk kopi til Leveranseregisteret for slakt av dei avrekningar som er send til foretaka. Avrekningane må vere fortløpande nummerert og dei skal innehalde følgjande opplysningar: namn, adresse og produsentnummer til foretaket, kommunenummer, gards- og bruksnummer og spesifisering over kg ull av dei ulike kvalitetsklassar angitt med varekode. Ullstasjonane må følgje det varekodesystem som vert fastsett av Statens landbruksforvaltning.
For pelsskinn og ulne skinn må det leggjast fram kopi av faktura som dokumentasjon for sal av skinna.
Statens landbruksforvaltning utbetalar tilskottet i samsvar med § 10 ovanfor til godkjende ullstasjonar, jf. § 4 og slakteri godkjende i medhald av lov av 10. januar 1997 nr. 9 om kjøttproduksjon og registrerte ved Statens landbruksforvaltning.
Statens landbruksforvaltning kan gi forskotsvise utbetalingar à konto svarande til anslått beløp for vedkomande månad.
Ullstasjon Er det gitt ukorrekte opplysningar etter gjeldande reglar kan tilskottet bli avkorta. Tilskott som er utbetalt på feil vilkår, kan krevjast tilbake eller motreknast i seinare utbetaling. Det kan krevjast renter tilsvarande morarenter 1 frå tidspunktet for utbetaling til tilbakebetaling skjer. Det same gjeld dersom ullstasjonen burde ha visst eller forstått at utbetalinga var feil. Foretak Dersom leverandøren av ull ikkje driv sauehald i samsvar med gjeldande lover og føresegner, kan tilskottet bli avkorta heilt eller delvis og eventuelt utbetalt tilskott kan krevjast tilbakebetalt frå foretaket. Det kan krevjast renter tilsvarande morarenter 1 frå tidspunktet for utbetaling til tilbakebetaling skjer. Det same gjeld dersom foretaket burde ha visst eller forstått at utbetalinga var feil.
1 Jf. lov av 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m.
Statens landbruksforvaltning fører tilsyn med at dei ullstasjonar som er godkjende følgjer reglane i denne forskrifta og vedtak som blir gitt i medhald av forskrifta. Brot på vedtektene kan føre til at ullstasjonen mister godkjenninga.
Statens landbruksforvaltning fører tilsyn med at opplysningane gitt i søknadene er korrekte. I tillegg til dei kontrolltiltak som er nemnd i § 4 skal Statens landbruksforvaltning gis adgang til all dokumentasjon i samband med tilskottsordninga (både for kjøp og sal av ulla). Verksemder som søkjer om tilskott pliktar å gi dei opplysningane og godta dei kontrolltiltak som Statens landbruksforvaltning fastset.
Statens landbruksforvaltning kan gi dispensasjon frå denne forskrifta når særlege grunnar taler for det.
Vedtak som er fatta i medhald av denne forskrifta kan påklagast til Landbruksdepartementet etter lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker. Klage blir å sende via Statens landbruksforvaltning til Landbruksdepartementet.
Denne forskrifta trer i kraft frå 1. juli 1997. Frå same tid blir tidlegare forskrift av 24. august 1993 nr. 827 om tilskott til norsk ull oppheva.
II
Endringane trer i kraft straks og med verknad frå og med 1. juli 2002.