Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova.
I kraft fra: 2002-08-01
I
I forskrift av 28. juni 1999 nr. 722 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:
§ 3-23 – § 3-26 skal lyde:
Grunnskolar med avgangselevar har plikt til å ta imot oppmelding frå vaksne som ønskjer vitnemål med karakterar på linje med avgangselevar i grunnskolen. Kommunar med etablerte vaksenopplæringssentra kan fastsetje at desse kan ta i mot oppmelding frå vaksne.
Vaksne som ønskjer vitnemål frå grunnskolen, kan gå opp til avgangsprøve som privatistar utan å ta opplæring på førehand. Dei må avleggje avgangsprøve i både skriftlege og munnlege fag.
I språkfaga (norsk/samisk og engelsk) må kandidatane (anten dei er privatistar eller har deltakarstatus) ha avgangskarakter i den skriftlege og munnlege delen av faget same skoleåret. I norsk må dei i tillegg ha avgangskarakter i norsk sidemål same året, jf. § 3-25.
Vaksne som tek del i eit grunnskoletilbod som kommunen har ansvaret for, har rett til å få standpunktkarakter i dei faga eller basert på dei modulane dei følgjer opplæringa i, og dei følgjer den ordinære trekkordninga for grunnskoleopplæring for vaksne. Omfanget av lærestoffet må vere likeverdig med det elevane i avgangsklassane har arbeidd med. Rektor godkjenner i kvart enkelt tilfelle lærestoffet. Kommunen har plikt til å sørgje for at vaksne kan få grunnskoleopplæring, men dei kan be studieforbund, fjernundervisningsinstitusjonar eller andre å gi opplæring. Både når kommunen sjølv gir opplæring og når han set opplæringa ut på oppdrag, skal kommunen sjå til at standpunktkarakter blir gitt på forsvarleg grunnlag.
Kommunen skal gi vaksne orientering om den ordninga som er fastlagd i lov og forskrifter.
Kommunen er ansvarleg for oppmelding, avgangsprøving for privatistar og utskriving av vitnemål for vaksne.
Nordmenn som bur utanlands, og sjøfolk i utanriksfart, kan ta prøver i fag/delar av fag der oppgåvene kan vere skriftlege.
På grunnlag av kompetansekartlegging, jf. § 4A-8 i opplæringslova, kan vaksne få godkjent eit eller fleire fag og få vitnemål. Vurderinga av kompetansen skal framgå på vitnemålet med nemningane godkjend/ikkje godkjend.
Vaksne kan få opplæring og karakter i modular av eit fag. Før modulstrukturert opplæring blir sett i verk, skal deltakaren sin kompetanse kartleggjast, slik at han/ho kan få opplæring i den eller dei modular han/ho treng. Vaksne kan på bakgrunn av kompetansekartlegging få godkjend ein eller fleire modular i eit fag. Det er den heilskaplege kompetansen, slik han er forklart i den enkelte modulen, som skal liggje til grunn for kartlegginga. Når ein deltakar søkjer godkjenning for ein modul, får han/ho karakteren godkjend/ikkje godkjend. Det er berre den endelege standpunktkarakteren, ikkje karakterane for dei enkelte modulane som skal framgå av vitnemålet.
Kommunen har ansvar for at godkjenning skjer på forsvarleg grunnlag, og godkjenninga blir knytt til måloppnåing i modulen/faget.
norsk engelsk matematikk
og to av faga
natur- og miljøfag samfunnsfag kristendoms-, religions- og livssynskunnskap.
Vaksne som har teiknspråk eller samisk som førstespråk, kan få karakter i desse faga i staden for i norsk. Tilsvarande gjeld for vaksne som får opplæring i norsk som andrespråk for språklege minoritetar.
Det skal berre gis ein samlekarakter i matematikk.
Vitnemål for vaksne skal førast på eitt eige formular som er likeverdig med vitnemål frå grunnskolen.
Det skal nyttast same karakterskala som for grunnskolen.
Karakterane til avgangsprøva blir saman med eventuelle standpunktkarakterar innførte i protokollen for avgangskarakterar.
Vaksne som tek avgangsprøve som privatistar og ønskjer karakter i enkeltfag, får karakteren ført på eige formular.
Vaksne som ber om det, kan få karakter i berre ein del av eit fag, som t.d. modulkarakter. Karakteren blir gitt på eige formular.
§ 3-28 skal lyde:
Læringssenteret er ansvarleg for sentralt gitte skriftlege avgangsprøver for privatistar. Vaksne nyttar dei særskilde avgangs-/privatistprøvene for vaksne.
Vaksne privatistar som er oppmelde til avgangsprøve, men som blir sjuke på prøvedagen, kan etter søknad frå kommunen til statens utdanningskontor i fylket gå opp til lokalt gitt avgangsprøve så snart det let seg gjere.
Dersom det ligg føre velferdsgrunnar, kan statens utdanningskontor i fylket, etter søknad frå den enkelte kommunen, gi høve til å nytte lokalt gitte avgangsprøver for privatistar. Skolen utviklar og ordnar den lokalt gitte avgangs-/privatistprøva etter sentralt gitte retningslinjer. Skolen er ansvarleg for munnleg avgangsprøve for privatistar. Ved oppmelding godkjenner rektor i kvart tilfelle lærestoffet og tek stilling til omfanget av prøvinga.
Ny § 3-29 skal lyde:
Reglane i forskrifta § 3-3 til § 3-6, § 3-8, § 3-13 og § 3-15, § 3-17 til § 3-22 , § 5-1 til § 5-10, § 5-12 og § 8-1 gjeld for vaksne så langt dei høver.
II
Endringane trer i kraft 1. august 2002.