Forskrift om eksamen ved Høgskulen i Volda.
I kraft fra: 2002-08-20
§ 1 . Bruksområde
Denne forskrifta gjeld alle eksamenar ved Høgskulen i Volda. Jf. § 2 nr. 8.
Direktøren kan gi retningsliner med grunnlag i denne forskrifta.
§ 2 . Definisjonar
Med lova meiner ein lov av 12. mai 1995 nr. 22 om universiteter og høgskoler, med endringar i lov av 28. juni 2002 nr. 62. Med forskrifta meiner ein forskrift av 8. august 2002 nr. 923 om eksamen ved Høgskulen i Volda. Med studium meiner ein ei sjølvstendig eining godkjend av styret for Høgskulen i Volda eller Utdannings- og forskingsdepartementet som studentar kan få opptak til og studierett på (jf. nr. 9). Eit studium har eit definert innhald i fag- eller studieplan og fører fram til ein avsluttande eksamen eller grad (jf. nr. 6, 7 og 8). Eit studium er kjenneteikna ved at det ikkje er naudsynt å søkje nytt opptak for å ta andre emne innanfor studiet (jf. nr. 4). Med emne meiner ein ei eining innanfor eit studium. Emne har knytt til seg pensum og vurdering, og kan gi utteljing i form av studiepoeng. Rammeplan er ein plan for eit studium der departementet har vedteke nasjonale rammer for innhaldet i studiet. Fagplan er ei konkretisering av innhaldet i studium som er regulert av rammeplan. Studieplan er ei konkretisering av innhaldet i studium som ikkje er regulert av rammeplan. Med eksamen meiner ein i denne forskrifta prøving med påfølgjande vurdering, der resultatet av vurderinga står på vitnemål eller vert rekna inn i karakteren for eit studium ved Høgskulen i Volda, eller prøving med påfølgjande vurdering, der resultatet av vurderinga vert rekna inn i ein samla karakter, og der den samla karakteren står på vitnemål eller vert rekna inn i karakteren for eit studium ved Høgskulen i Volda. Med student meiner ein i denne forskrifta ein person som er teken opp til eit studium ved Høgskulen i Volda, jf. § 37, § 38 og § 39 i lova. Med privatist meiner ein i denne forskrifta ein person som går opp til eksamen etter lova § 40, og som ikkje er teken opp ved studiet. Med kandidat meiner ein ein student eller privatist som gjennomfører eksamen. Med arbeidskrav meiner ein alle former for prøving der resultatet ikkje står på vitnemålet eller vert rekna inn i karakteren for eit godkjent studium ved Høgskulen i Volda, men som er vilkår for anten å gå opp til eksamen, eller få utskrive dokumentasjon for fullført utdanning etter § 16 nr. 1. Studiepoeng er eit mål for omfanget av studium/studieeiningar. 60 studiepoeng svarar til fulltids arbeidsinnsats i eit heilt studieår. Med ordinær eksamen meiner ein den første eksamenen som vert arrangert i eit emne når undervisninga i emnet eller i ein del av emnet er avslutta. Med mappeeksamen meiner ein ein eksamen som inneheld fleire delar, der delane vert vurdert samla. Diploma Supplement er eit vitnemålstillegg som skal informere og leggje til rette for internasjonal forståing av høgskulesystemet og den enkelte studenten si utdanning. Diploma Supplement skal følgje det originale vitnemålet og er berre gyldig saman med dette. Utdanningsplan er ein gjensidig avtale mellom høgskulen og den einskilde studenten, som regulerer dei to partane sine rettar og plikter i forhold til kvarandre. Jf. lova § 44b.
§ 3 . Generelt om eksamen
Avdelingsstyret godkjenner eksamensformene for kvart studium. Eksamensformer skal vere nedfelde i fag- eller studieplanane for dei einskilde studia. Det skal gå fram kva prøving som har status som eksamen, og kva prøving som har status som arbeidskrav. Det skal eksplisitt gå fram om eit arbeidskrav er vilkår for å gå opp til eksamen, eller om det er vilkår for å få utskrive dokumentasjon for fullført utdanning etter § 16. nr. 1. Eit studium kan ha særskilde eksamensformer for studentar som ikkje følgjer ordinær studieprogresjon og for privatistar. Dette skal gå fram av fag- eller studieplan. Når alle arbeidskrav etter § 2 nr. 12 bokstav a i eit emne er oppfylte, kan alle eller eit utval arbeidskrav gå inn som del av eksamen i emnet. Det skal gå fram av fag- eller studieplan korleis ulike eksamenar skal vektast i forhold til kvarandre ved karaktersamanslåing. Jf. § 4 nr. 2. Kandidatar skal normalt vurderast individuelt. Gruppeeksamen kan berre gjennomførast for avgrensa delar av eit studium. Ved eksamen utan tilsyn kan einskildkandidatar eller grupper av kandidatar kallast inn til tilleggseksamen. Tilleggseksamenen skal normalt vere ein individuell eksamen. Direktøren avgjer om slik eksamen skal arrangerast. Dersom ein student meiner at ein gruppeeksamen ikkje reflekterer hans eige kunnskapsnivå, kan han innan 2 timar etter eksamenen/innleveringsfristen søkje om å få gå opp til individuell tilleggseksamen. Slik søknad skal rettast til studiesjefen. Resultatet av tilleggseksamenen vil påverke berre denne studenten sitt resultat ved gruppeeksamenen. Direktøren avgjer søknad om tilleggseksamen. Direktøren kan vedta at kandidatar i samband med eksamen skal levere eigenerklæring om korrekt kjelde- og sitatbruk. Direktøren vedtek fristar for oppmelding til og avmelding frå alle eksamenar.
§ 4 . Karaktersystem
Vurderingsuttrykket ved eksamenar skal vere anten ein gradert skala med fem trinn frå A til E for stått og F for ikkje stått, eller stått/ikkje stått. Vurderingsuttrykket for arbeidskrav skal vere godkjend/ikkje godkjend. Vurderingsuttrykket for praksis skal gå fram av fag- eller studieplan. Ved eventuell karaktersamanslåing skal talekvivalentar nyttast for å rekne ut ein gjennomsnittskarakter, med A som den høgaste verdien og E som den lågaste. Ved samanslåing skal avrunding gjerast matematisk. Dersom det kjem nasjonale reglar om karaktersamanslåing, vil dei erstatte dette punktet. Vurderingsuttrykket stått/ikkje stått kan berre nyttast for avgrensa delar av eit studium. Det skal gå fram av fag- eller studieplan i kva tilfelle vurderingsuttrykket stått/ikkje stått skal nyttast. Når karakter i eit emne vert fastsett på grunnlag av fleire eksamenar, skal alle vere greidd før endeleg karakter vert gitt. Når ein kandidat har teke den same eksamenen fleire gonger, vert den beste karakteren endeleg.
§ 5 . Praksis
For dei utdanningane som er styrt av rammeplan, gjeld rammeplanen sine føresegner om praksis. Ved ikkje godkjend ekstern praksis i utdanningar som ikkje er styrt av rammeplan er det høve til å framstille seg på nytt ein gong til ny eller alternativ prøving og vurdering. Ved intern praksis skal framgangsmåten ved kontinuasjon for kandidatar som ikkje får godkjend praksisen, gå fram av fagplanen.
§ 6 . Eksamen – for studentar
Retten til å gå opp til eksamen er fastsett i § 40 i lova. For å kunne gå opp til eksamen kan det vere krav om at bestemte emne, eksamenar eller arbeidskrav skal vere fullførte med godkjent resultat, eller det kan vere krav om å ha følgt obligatorisk undervisning og/eller praksis. Det kan også vere krav av andre typar, t.d. innlevering av individuell pensumliste. Jf. § 3 nr. 2. Ein student har rett til å framstille seg til den same eksamenen 3 gonger. Retten til å halde fram ved eit studium kan regulerast med særskilde krav for kvart einskilt studium. Slike krav vert fastsette av styret for Høgskulen i Volda og skal gå fram av studie- og fagplanane. Nr. 5 i denne paragrafen fell då vekk. Ein student har studierett ved eit studium inntil 2 gonger normert studietid, men avgrensa oppover til 2 år utover normert studietid. Dette gjeld ikkje dersom studenten har ein godkjend utdanningsplan med redusert progresjon. § 6 nr. 3 og § 8 nr. 7 gjeld også i dei tilfella ein student har redusert progresjon. For å melde seg opp til eksamen må ein student vere registrert og ha betalt semesteravgift innan dei fristane som er sette. Direktøren avgjer om eksamensoppmelding for kvart studium skjer individuelt eller kollektivt. Dersom ein student melder seg av eksamen etter at den fastsette avmeldingsfristen er ute, trekkjer seg under eksamen eller ikkje møter til eksamen, vert han rekna for å ha framstilt seg til eksamen. Kandidatar som er lovleg hindra frå å gå opp til eksamen, vert rekna for ikkje å ha framstilt seg til eksamen. Med «lovleg hindra» meiner ein her dokumentert sjukdom eller sterke velferdsgrunnar som gjer det vanskeleg eller uråd å gjennomføre eksamenen. For studium der utdanningsplanar er innført, kan styret vedta at studenten skal ha gyldig utdanningsplan for å gjennomføre eksamen.
§ 7 . Eksamen – for privatistar
Ein student som ikkje er teken opp til eit studium, har rett til å gå opp til eksamen ved Høgskulen i Volda dersom han fyller dei generelle og eventuelt spesielle opptakskrava for studiet. Denne retten vert avgrensa når delar av studiet gir ein vesentleg kompetanse som er ein del av føremålet med utdanninga, og denne kompetansen ikkje kan prøvast ved ordinær eksamen. Dette gjeld mellom anna praksisopplæring i yrke der omsorg for og kontakt med pasientar, klientar, elevar o.a. står sentralt. Jf. lova § 40. Avdelingsstyret avgjer om vilkåra for oppmelding er oppfylt. Avdelingsstyret kan, etter søknad frå privatisten, lempe på krava til tidlegare utdanning m.m. når det er sannsynleggjort at søkjaren er kvalifisert. Dokumentasjon for at ein person oppfyller oppmeldingskrava skal leggjast ved eksamensoppmeldinga. Privatistar må betale eksamensavgift til dekning av institusjonen sine meirutgifter ved eksamen. Direktøren fastset storleiken på beløpet. Privatistar skal betale semesteravgift til studentsamskipnaden det semesteret dei går opp til eksamen. For vitnemål eller karakterutskrift til privatistar, jf. lova § 53 nr. 3.
§ 8 . Ny og utsett eksamen
Utsett eksamen vert arrangert for kandidatar som var lovleg hindra i å gå opp til ordinær eksamen. Denne eksamenen vert normalt arrangert innan utgangen av semesteret etter ordinær eksamen. Jf. § 6 nr. 8. Ny eksamen vert arrangert for kandidatar som ikkje har greidd ordinær eksamen og for kandidatar som trekte seg under ordinær eksamen. Dersom det vert arrangert ny eksamen, har også kandidatar som ikkje møtte til ordinær eksamen høve til å melde seg opp. Ny eksamen vert normalt arrangert i samband med anten utsett eksamen eller neste ordinære eksamen. Det vert normalt arrangert berre ein utsett og ein ny eksamen for kvar ordinære eksamen. Avdelingsstyret avgjer om det skal arrangerast utsett og ny eksamen. Når fag- eller studieplanen føreset at ein eksamen er greidd for å gå vidare i studiet, kan det arrangerast ny og utsett eksamen før eller i samband med oppstart av neste semester. Pensum ved ny og utsett eksamen skal vere det same som ved den siste ordinære eksamenen som vart arrangert ved høgskulen. Eksamensforma ved utsett og ny eksamen skal normalt vere den same som ved ordinær eksamen. Direktøren kan gjere unntak frå denne regelen, dersom utsett eller ny eksamen med ordinær eksamensform er uråd å gjennomføre. Eksamen i emne som høgskulen har slutta å tilby kan arrangerast i inntil 3 semester etter den siste ordinære eksamenen i emnet ved høgskulen. Ved slik eksamen gjeld same pensum som ved den siste ordinære eksamenen. Ved ny og utsett eksamen er det alltid individuell oppmelding, også der ein har kollektiv oppmelding til ordinær eksamen. § 6 nr. 8 gjeld også for ny og utsett eksamen.
§ 9 . Fritak for eksamen
Reglar om fritak for eksamen er gitt i lova § 49. Avdelingsstyret avgjer saker om fritak etter fråsegn frå den fagansvarlege. Søknad om fritak for eksamen skal normalt vere sett fram seinast 6 veker etter semesterstart. Fritak for eksamen skal gå fram av vitnemål eller karakterutskrift, med spesifisering av grunnlag for fritaket. Slik spesifisering kan eventuelt gå fram av eige vedlegg.
§ 10 . Eksamen under særlege vilkår
Ein kandidat som av medisinske eller sterke velferdsgrunnar har problem med å gjennomføre eksamen på ordinær måte, kan søkje om særordningar ved eksamen. Særordninga skal kompensere for dei ulempene dei dokumenterte grunnane til særordninga medfører, samtidig som kandidatane i størst mogleg grad skal prøvast likt. Søknad om særordningar skal leverast innan oppmeldingsfristen. Det kan gjerast unntak frå fristen ved akutt sjukdom eller liknande. Behovet må dokumenterast med legeattest eller attest frå andre sakkunnige. Det må gå fram av attesten kva som trengst av særordning. Det skal søkjast for kvar eksamensperiode. Direktøren avgjer søknader om særordning ved eksamen. Særordning kan gjevast i form av spesiell fysisk tilrettelegging, spesielle hjelpemiddel og/eller utvida tid til eksamen. Det kan gjevast inntil 25% utvida eksamenstid. Dette vert avgrensa slik: Ved skriftleg eksamen til inntil 2 timar utviding av tida Ved heimeeksamen til inntil 48 timars utviding av tida, inkludert eventuelle helgedagar Ved semesteroppgåver og andre større arbeid til inntil 1 veke utviding av tida, inkludert eventuelle helgedagar. I særskilde høve kan det gjevast ytterlegare utviding av eksamenstida. Kandidatar kan søkje om å få bruke ordbok ved eksamen. Kandidatar som ikkje har norsk som morsmål, kan søkje om å få bruke tospråklege ordbøker. Det er normalt ikkje lov å nytte ordbøker ved eksamen i norsk, dersom ikkje anna går fram av fag- eller studieplan. Etter søknad kan ein kandidat få oppgåvetekst på engelsk og løyve til å svare på oppgåva på engelsk. Etter søknad kan kandidatar med anna morsmål enn norsk og kandidatar med dysleksi leggje ved eksamenssvaret sitt ein attest som stadfestar dette. Etter søknad kan kandidatar som har behov for det få ammepausar under eksamen. Etter søknad kan alternative eksamensformer i særlege høve nyttast for kandidatar som på grunn av kroniske lidingar, sterke funksjonshemmingar eller sterke velferdsomsyn ikkje kan gjennomføre eksamen med ordinær eksamensform. Ved særlege omstende, som sjukdom og sterke velferdsomsyn, kan ein kandidat få høve til å ta eksamen andre stader i landet. Minst 3 kandidatar må gå opp til same eksamen på same staden før ein søknad om desentralisert eksamen kan verte godkjend utan særlege grunnar. Kandidatane må dekkje alle ekstrautgifter i samband med den desentraliserte eksamensavviklinga.
§ 11 . Desentralisert eksamen
Dersom det skal arrangerast desentralisert eksamen i tillegg til eller i staden for ordinær eksamen, skal dette gå fram av fag- eller studieplan. Direktøren avgjer kvar desentralisert eksamen skal arrangerast. Direktøren kan krevje at kandidatar som går opp til desentralisert eksamen etter denne paragrafen dekkjer dei faktiske meirkostnadane ved ei slik eksamensavvikling. Direktøren avgjer storleiken på eit eventuelt gebyr.
§ 12 . Bruk av hjelpemiddel
Oversyn over lovlege hjelpemiddel ved eksamen skal vere oppført i vedkomande fag- eller studieplan, og skal tydeleg gå fram av eksamensoppgåva. Dersom fag- eller studieplan ikkje nemner hjelpemiddel ved eksamen, tyder dette at ingen hjelpemiddel er lovlege. Bruk av ulovlege hjelpemiddel vert sett på som fusk. Har kandidaten ulovlege hjelpemiddel til disposisjon etter at eksamen er sett i gang, vert det sett på som fusk.
§ 13 . Annullering av eksamen, bortvising, fusk
Reglar for annullering av eksamen går fram av lova § 54. Reglar for bortvising og utestenging frå høgskulen og andre institusjonar under lova går fram av lova § 42. Kandidatar som ikkje rettar seg etter høgskulen sine retningsliner for eksamenskandidatar, kan visast bort frå eksamenslokalet.
§ 14 . Sensur
Reglar om sensur går fram av lova § 50. Styret for Høgskulen i Volda skal sikre at kandidatane sin kunnskap og dugleik vert vurdert på ein upartisk og fagleg forsvarleg måte. Alle eksamenar skal ha minst to sensorar. Ekstern sensur vil seie at ekstern sensor kan evaluere vurderingsordningane, vurdere og godkjenne eksamensoppgåver og sensorrettleiing og vurdere eksamenssvara til alle eller eit utval kandidatar. Alle emne skal ha hatt ekstern sensur minst ein gong i løpet av ein periode på tre år. Avdelingsstyret avgjer kva emne som skal ha ekstern sensur i kvar eksamensperiode, og også kor mange av eksamenssvara som skal sensurerast. Ved eksamenar med fleire kommisjonar, skal det gå fram av sensurlistene og eksamensprotokollen kva kommisjon som har gjort sensurvedtaket for dei einskilde kandidatane. Avdelingsstyret nemner ut sensorar til alle eksamenar. Karakterar skal fastsetjast i fellesskap av sensorane. Dersom usemje om fastsetjing av karakteren gjer det umogleg å kome fram til endeleg sensur, skal sensuren overlatast til ny sensor for avgjerd. I studium med modular som kan takast uavhengig av kvarandre, skal resultat frå dei einskilde modulane normalt ikkje slåast saman til ein samla karakter. Mappeeksamenar skal ha ein samla karakter, og det skal ikkje setjast separate karakterar på delane i ein slik eksamen.
§ 15 . Grunngjeving for og klage over fastsetjing av karakter
Retten til grunngjeving for eksamenskarakter og til å klage på formelle feil eller fastsetjing av karakter og fristane som gjeld går fram av lova § 51 og § 52. Klage på karakter skal vere skriftleg, og skal rettast til studiesjefen. Ved mappeeksamenar har ein kandidat klagerett berre på heile eksamenen, ikkje på dei einskilde delane.
§ 16 . Vitnemål – karakterutskrift
Ein student har rett til å få dokumentert resultatet av utdanninga si slik: Studentar som fullfører ei profesjonsutdanning eller oppnår ein grad skal ha vitnemål. Det skal samtidig skrivast ut Diploma Supplement. Studentar som fullfører eit studium eller eksamenar som ikkje gir vitnemål kan få karakterutskrift. Eit studium kan ha arbeidskrav som må vere godkjende før ein student kan få vitnemål eller karakterutskrift. Jf. § 3 nr. 2. Ein kandidat som har fått fritak for eksamen eller arbeidskrav etter § 49 i lova, og som tilfredsstiller krava til fullført studium, kan få vitnemål dersom minst halvparten av studiet rekna etter studiepoeng er gjennomført ved høgskulen. Dersom ein mindre del av studiet er teke ved høgskulen, vert det vurdert i kvart tilfelle kva institusjon som skal skrive ut vitnemålet. Ein kandidat som tek eksamen i emne med innhald som delvis overlappar kvarandre, skal ha utteljinga i studiepoeng for eit av emna redusert. Studiepoengsreduksjonen vert gjort i det emnet som gir det gunstigaste resultatet for kandidaten. Vitnemål skal i det minste gi opplysningar om: studenten sitt namn og fødselsnummer kva studium som er gjennomført tidspunkt for fullført studium kva grad eller tittel som eventuelt er oppnådd karaktersystemet som har vorte nytta. Ein kan leggje ved grunnlag for vitnemålet (karakterutskrift). Normalt vert det utskrive berre eitt vitnemål for kvar kandidat og kvart studium. Dersom ein kandidat betrar karakterar som står på vitnemål, kan kandidaten krevje å få utskrive nytt vitnemål. Tidlegare utskriven dokumentasjon må då leverast inn. Direktøren kan krevje at studentar som får utskrive duplikatvitnemål dekkjer dei faktiske kostnadane ved utskrivinga. Direktøren avgjer storleiken på eit eventuelt gebyr.
§ 17 . Tilhøvet til nasjonale rammeplanar
Dersom noko som står i forskrifta er i motstrid med nasjonale rammeplanar, gjeld sistnemnde med mindre departementet bestemmer noko anna.
§ 18 . Iverksetjing
Forskrifta vert sett i verk frå 20. august 2002.
§ 19 . Oppheving av forskrift m.m.
Forskrift av 20. mars 1997 nr. 361 om eksamen ved Høgskulen i Volda. Retningsliner av 20. mars 1997 for privatistar, vedteke av styret for Høgskulen i Volda. 1
1 Ikkje i Lovdatas baser.