Forskrift om endring i forskrift om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av småfe.
I kraft fra: 2002-10-11
I
I forskrift av 31. desember 1998 nr. 1480 om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av småfe blir det gjort følgjande endringar:
(direktiv 91/68/EØF, direktiv 72/462/EØF og direktiv 2001/10/EF).
§ 17 skal lyde:
kome frå driftseining: som er underlagt regelmessig offentleg veterinærkontroll, der dyra er merka, der det ikkje har vore noko stadfesta tilfelle av skrapesjuke dei siste 3 åra, der det er utført stikkprøvekontroll av gamle hodyr som skal slaktast, og der det berre er sett inn hodyr frå driftseining som oppfyller krava i bokstavene a – d. vera haldne på ein eller fleire driftseiningar som oppfyllar krava i § 17 nr. 1 utan avbrot sidan fødselen eller i dei siste 3 åra.
Ved innførsel til land innanfor EØS som har godkjent program for kontroll og utrydding av skrapesjuke etter forordning (EF) nr. 999/2001 for heile området eller delar av dette, skal krava i programmet vera oppfylte.
II
Endringane trer i kraft straks.