Hopp til innhold
Forskriftsendring
Utdannings- og forskningsdepartementet

Forskrift om bachelorgraden ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

LTI/forskrift/2002-10-11-1200·Kunngjort 8. november 2002·Journalnr. 2002-1066

I kraft fra: 2002-10-11

Hjemmelforskrift/2002-10-11-1124 § 28lov/1995-05-12-22 § 45

§ 1 . Virkeområde

Forskrifta omhandlar krav til innhald og oppbygging av bachelorgrad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Følgjande definisjonar er lagt til grunn i denne forskrifta:

Studiepoeng er mål på omfanget av eit studium der eit fullt studieår er normert til 60 studiepoeng.

Emne er den minste eininga som kan gå inn i eit fag, ei emnegruppe, eit studium eller ein grad og som kan inngå på vitnemål eller karakterutskrift. Alle emne skal ha eit omfang målt i studiepoeng.

Fag er ei samling av emne som heng nært saman, og som er samla i ei fagleg nemning.

Emnegruppe er ein kombinasjon av emne frå eitt eller fleire fag/fagområde som gjennom fag- eller studieplan er definert til å utgjere ei samla eining.

Studium er ei sjølvstendig eining med eit innhald i samsvar med vedtatt fag- eller studieplan, som studenten kan få opptak til og studierett på. Eit studium fører fram til avslutta vurdering eller grad.

Studieeining er emne innan same fagområde på minimum 10 studiepoeng.

§ 2 . Krav til bachelorgraden

Fullført 3-årig rammeplanfesta studium (180 studiepoeng) som i følgje rammeplanen eller forskrift gir bachelorgrad. Fullført 3-årig integrert yrkesretta studium (180 studiepoeng) som i følgje vedtak i styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane gir bachelorgrad. Tre år normert studium (180 studiepoeng) med fagleg spesialisering (fag/emnegruppe/studium) på minimum 80 studiepoeng. Graden må innehalde eit fagleg sjølvstendig arbeid på minimum 15 studiepoeng som er relevant i høve den faglege spesialiseringa. I tillegg er det krav om fordjuping i eit anna fag/emne/emnegruppe på minimum 30 studiepoeng.

Graden kan omfatte 10 studiepoeng tilsvarande examen philosophicum og 10 studiepoeng examen facultatum.

§ 3 . Krav til minste studieeining

Studieeiningar som kan inngå i grunnlag for bachelorgraden under § 2 bokstav b og c er fullførte emne/emnegrupper på minimum 10 studiepoeng. Mindre emne kan godkjennast om dei samla utgjer minimum 10 studiepoeng innan same fag/fagområde.

§ 4 . Fritak for fag – fagleg overlapping

Det kan gjevast fritak for fag/emne som er føresett å gå inn i ein bachelorgrad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, med bakgrunn i tidlegare avlagt eksamen i tilsvarande fag/emne ved Høgskulen i Sogn og Fjordane eller annan høgre utdanningsinstitusjon. Dokumentert realkompetanse kan og gje grunnlag for slikt fritak.

Øvste faglege instans ved den avdelinga/grunneininga som gir bachelorgraden eller har ansvaret for det fagområdet som søknad om fritak gjeld, avgjer om det skal gjevast fritak på grunnlag av fag/emne som er avlagt.

Innanfor bachelorgraden kan det ikkje inngå fagleg overlapping på meir enn 10 studiepoeng. Overlapping ut over dette må kompenserast med «friske» studiepoeng.

§ 5 . Vitnemål

Høgskulen i Sogn og Fjordane skriv ut vitnemål for oppnådd bachelorgrad. Vilkåret er at eksamen i fag/emne/emnegruppe/studium av eit samla omfang på minimum 60 studiepoeng er teke ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Vitnemål for oppnådd bachelorgrad etter § 2 bokstav a og b vert skrive ut automatisk for alle som oppfyller krava til fullført bachelorgrad.

Vitnemål for oppnådd bachelorgrad etter § 2 bokstav c vert skrive ut etter søknad. Søkjaren må sjølv dokumentere at krava er oppfylt.

§ 6 . Overgangsordningar

Studentar som 1. september 2002 eller seinare oppfyller krava til bachelorgraden vert tildelt denne graden.

Ein student kan ikkje oppnå både graden bachelor og graden candidata/candidatus magisterii (cand.mag.-graden) på grunnlag av same utdanning/studium, sjølv om grunnlaget for tildeling av cand.mag.-graden i omfang går ut over grunnlaget for tildeling av bachelorgraden.

Studentar som på tidspunktet for iverksetjing av denne forskrifta har gjennomført studier og avlagt eksamen i fag/emne/emnegrupper med eit omfang av minst 3 år normert studietid/180 studiepoeng utan å oppfylle krava til bachelorgrad får høve til å fullføre studiet med sikte på ein cand.mag.-grad i løpet av ein overgangsperiode på to år, dvs. seinast innan 30. juli 2005.

Cand.mag.-graden ved Høgskulen i Sogn og Fjordane vert oppheva med verknad frå og med 1. august 2005.

§ 7 . Utfyllande reglar

Styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane kan vedta utfyllande reglar til denne forskrifta.

§ 8 . Ikrafttredelse

Forskrifta trer i kraft 11. oktober 2002.