Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruksdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om tilskott til avløysing.

LTI/forskrift/2002-11-22-1331·Kunngjort 3. desember 2002·Journalnr. 2002-1155

I kraft fra: 2003-01-01

Endrerforskrift/1998-11-23-1086

I

I forskrift av 23. november 1998 nr. 1086 om tilskott til avløysing blir det gjort følgjande endringar:

§ 3 og § 4 skal lyde:

Tilskott etter denne forskrifta kan gjevast til avløysing i foretak som har rett til produksjonstilskott etter forskrift om produksjonstilskott i jordbruket § 3 og § 4. Tilskott kan også gjevast til foretak med pelsdyr- eller bihold dersom foretaket er registrert som merverdiavgiftspliktig etter lov av 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift § 28 samt kan levere årsoppgave som landbruksforetak etter samme lov § 31. Foretak med bihold kan likevel berre gjevast tilskott til avløysing ved sjukdom.

Det kan ikkje gjevast tilskott til skolar og andre offentlege og private institusjonar.

Avløysinga må ordnast som eit arbeidsgjevar- og arbeidstakartilhøve. Foretaket kan overlate arbeidsgjevaransvaret til eit avløysarlag, ein avløysarring eller kommunen.

Avløysar må vere minst 16 år.

ein som har næringsinntekt frå foretaket, ektemake/sambuar til ein som har næringsinntekt frå foretaket.

§ 5 andre ledd skal lyde:

Fylkesmannen kan i særskilde tilfelle gi dispensasjon ved for sein innrapportering. For tilskott til avløysing ved ferie og fritid er det særskilde reglar for andre foretak enn enkeltmannsforetak.

§ 7 andre ledd skal lyde:

Grunnlaget for fastsetjing av maksimalt tilskott er dyretalet på driftseininga pr. 1. januar same år. For slaktegrisar, livdyrgris (levande vekt over 50 kg), gjæser, kalkunar, ender, livkyllingar og slaktekyllingar blir tal slakta dyr og/eller tal selde livdyr i føregåande år lagt til grunn for fastsetjing av maksimalt tilskott pr. driftseining. Det kan også gjevast tilskott for livkalkun definert som kalkun hos oppalar tenkt for sal, og der kalkunen kan vere inntil 28 veker gamal.

§ 8 skal lyde:

Kravet om at avløysinga må ordnast som eit arbeidsgjevar- ogarbeidstakartilhøve jf. § 5 samt krav om dokumentasjon av utgifter, gjeld ikkje for andre foretak enn enkeltmannsforetak.

Foretak som eiges heilt eller delvis av deltakar i samdrift i mjølkeproduksjon, kan utan omsyn til det som elles følgjer av denne forskrift, gjevast tilskott til avløysing ved ferie og fritid for andre dyreslag enn storfe, dersom desse dyra ikkje inngår i driftsfellesskap med samdriftas verksemd.

§ 13 skal lyde:

Sjukdom: Retten til tilskott opphører når den som treng avløysing har vore sjukemeldt i til saman 365 dagar i dei siste tre åra. Vedkommande får igjen rett til tilskott når han har vore heilt arbeidsfør i 26 veker. Fylkesmannen kan gjere unntak frå krava i særlege tilfelle. Svangerskap/fødsel: Retten gjeld i inntil 42 veker (294 dagar) ved 100%, eller 52 veker (364 dagar) ved 80% tilskott. Den som treng avløysing må på førehand avtale kva for alternativ han ønskjer. Dei to alternativa kan ikkje kombinerast. Det blir kravd at den som søkjer om tilskott må ha vore i arbeid som brukar i minst 6 av dei siste 10 månadene før fødselen. Fylkesmannen kan gjere unntak frå dette kravet i særlege tilfelle. Dersom både mora og faren er brukar, er det valfritt om det er mora eller faren som søkjer om tilskott. Avløysinga ved 100%-regelen skal skje i samanheng innafor eit tidsrom på 12 veker før fødsel og 39 veker etter, men til saman ikkje meir enn 42 veker. Ved 80%-regelen innafor eit tidsrom på 12 veker før fødsel og 49 veker etter, men til saman ikkje meir enn 52 veker. I begge høve må 3 veker takast før fødselen. Fylkesmannen kan gjere unntak frå dette kravet i særlege tilfelle. Inntil 12 veker før fødselen og dei første 6 vekene etter fødselen er sett av til mora. 4 veker av perioden er sett av til faren. Dersom barnet døyr eller foreldra ikkje har omsorga for barnet, kan mora få tilskott for tidsrommet frå fødselspermisjonen er begynt og inntil 6 veker etter fødselen. Faren kan få tilskott i inntil 14 dagar i samband med fødsel, dersom han bur saman med mor og barn og ingen av foreldra nyttar ordninga. Avløysinga skal skje i samanheng innafor tidsrommet frå to veker før fødselen til tre veker etter at mora er komen heim frå fødestue/sjukehus. Adopsjon av barn under 15 år: Då gjeld same regel som ved fødsel. Barnet kan ikkje vere stebarn. Følgje av sjukt barn: Følgje av sjukt barn under 12 år eller funksjonshemma barn under 16 år til behandling på sjukehus, institusjon eller spesialist inntil 20 dagar pr. år for kvar av foreldra. Einslege foreldre kan få inntil 40 dagar pr. år. Fylkesmannen kan i særlege tilfelle forlengje perioden. Foreldre med barn under 16 år som har ein kronisk sjukdom, kan kvar få tilskott for inntil 20 dagar pr. år (40 dagar for einslege) når barnet er sjukt. Sivilforsvarsøving: Retten gjeld dei dagane søkjar har teke del i øvinga. Dødsfall: Ved dødsfall kan attlevande ektemake/sambuar, barn eller foreldre gjevast tilskott i inntil 8 veker etter dødsfallet. Sjukepengar skal ikkje trekkjast i dette høvet. Fylkesmannen kan i særlege høve forlenge perioden det ytast tilskott.

§ 17 skal lyde:

ytingar frå folketrygden ved sjukdom mv. som den som treng avløysing kan få (medrekna frivillig tilleggspensjon) pensjon attførings-/rehabiliteringspengar/uførepensjon tapt arbeidsforteneste som den som treng avløysing får refundert løn.

Trekk skal gjerast når summen av tilskott og sjuke-/fødselspengar mv. minst svarer til maksimal dagsats i ordninga.

II

Endringane trer i kraft frå 1. januar 2003.