Vedtekter for Landbrukets utviklingsfond.
I kraft fra: 2003-01-01
I
Fondsmidlane blir løyvd av Stortinget, normalt i samband med behandlinga av proposisjonen om jordbruksoppgjeret og i St.prp.nr.1 for Landbruksdepartementet. Fondsmidlane kan nyttast til tiltak som tek sikte på å styrkje og bygge ut næringsgrunnlaget på landbrukseigedomar. Dette gjeld også om landbrukseigedomen er ein del av ein kombinert arbeidsplass. Fondsmidlane kan også nyttast til aktivitetsfremjande tiltak innan eller knytt til landbruksnæringane. Forvaltninga av fondet og dei tilskottsordningane som blir finansierte av fondet følgjer dei krava som er sett til statleg økonomistyring i økonomiregelverket for staten og elles det som følgjer av desse vedtektene. Utgiftene til administrasjon mv. blir dekte av fondsmidlane etter nærare retningsliner og rammer fastsett av departementet. Fondskapitalen skal plasserast på renteberande konto i statskassa og rentene går inn i fondet. Tilskott og lån som blir betalt tilbake går òg inn i fondet. Tap som staten har på jordformidling i medhald av jordlova blir dekt av fondsmidlane. Inntekter ved bortleige og anna av jord med vidare som staten har kjøpt eller tileigna på annan måte i medhald av jordlova går inn i fondet. Rammer og føresetnader for tilskott og/eller lån frå fondet blir fastsett i dei årlege jordbruksoppgjera og i samband med Stortinget si behandling av proposisjonen om jordbruksoppgjeret og andre proposisjonar. Landbruksdepartementet fastsett forskrifter og/eller nærare reglar for forvaltninga av dei ulike ordningane under fondet og fordeler midlane til tilskottsforvaltarane. Dei ulike forvaltningsorgana kan fastsetje utfyllande retningsliner der det er behov for dette. Rutinar for utbetaling frå fondet, tilbakebetaling, rapportering, avstemmingar med vidare blir fastsett etter avtale mellom tilskottsforvaltar og fondsforvaltar, jf. punkt 6. Statens landbruksforvaltning (SLF) er forvaltar av fondet ved mellom anna å utbetale frå fondet til dei ulike tilskottsforvaltarane etter nærare avtale. SLF rapporterer til Landbruksdepartementet om fondsforvaltninga. Desse vedtektene gjeld frå 1. januar 2003.
II
Frå same tid blir vedtekter for Landbrukets Utviklingsfond av 16. februar 1971 nr. 4068 oppheva.