Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruksdepartementet

Forskrift om erstatning for katastrofetap i husdyrhald.

LTI/forskrift/2003-01-03-52·Kunngjort 28. januar 2003·Journalnr. 2003-0047

I kraft fra: 2003-01-03

Endrerforskrift/1999-01-01-1

§ 1 . Formål

Formålet med ordninga er å yte erstatning for særleg store tap i husdyrhald i dei høve det ikkje har vore mogleg å forsikre dyr mot katastrofeprega tap.

§ 2 . Definisjonar

I denne forskrift meines med: Lammeeining: 1 vaksen sau = 1,8 lammeeiningar. Bifolk: ein bikube som inneheld dronning og minst 7 rammer med påsittande bier.

§ 3 . Generelle vilkår for erstatning

Erstatning kan gis ved katastrofetap av husdyr i landbruksforetak som har rett til tilskott etter § 3 og § 4 i forskrift av 22. mars 2002 nr. 283 om produksjonstilskudd i jordbruket. Rett til produksjonstilskott er ikkje eit krav ved tap av bifolk.

For å kunne få erstatning for katastrofetap i husdyrhald, må søkaren eller den som er sett til å ha omsorg for dyra ikkje ha handla uaktsamt eller ha vore medverkande til at tapet oppstod. Søkaren må også ha utført forsvarleg tilsyn og røkt og sett i verk moglege tiltak for å avverge tap av denne karakter. I motsett fall kan erstatning heilt eller delvis bli redusert. Søkaren må dokumentere katastrofeprega tap i husdyrhald når han søker om erstatning. Ved tap av sau på beite skal tilsynsfrekvens og tiltak i beiteområdet dokumenterast ved regelmessig ført logg eller ved attestasjon frå kommunen.

§ 4 . Vilkår for erstatning

Når det gjeld erstatning for katastrofetap av sau på beite, må foretaket sjølv dekke ein eigendel av tapet på 20% av dei lammeeiningar som blei sleppte på beite om våren. Minste eigendel er 10 lammeeiningar. Når det gjeld erstatning for tap av bifolk må foretaket dekke ein eigendel tilsvarande 40% av dei tapte bifolka. Minste eigendel er sett til 12 bifolk. Når det gjeld erstatning for anna katastrofeprega tap i husdyrhald som ein ikkje kan forsikre, må foretaket sjølv dekke ein eigendel av tapet på 40% av utrekna nettotap. Minste eigendel er kr 20.000. Det blir ikkje gitt erstatning etter denne ordninga dersom ordinær forsikring i forsikringsselskap kan teiknast, eller dersom tapet kan bli erstatta på andre måtar. Dette gjeld også erstatning utbetalt av miljøvernstyresmaktene for tap som skuldast freda rovvilt.

§ 5 . Erstatning

Når det gjeld erstatningspliktig tap etter § 4 nr. 1 blir ei lammeeining erstatta med kr 1.000.

Når det gjeld tap etter § 4 nr. 2 blir eit bifolk erstatta med kr 1.100.

Når det gjeld tap etter § 4 nr. 3 blir ei lammeeining erstatta med kr 1.000, ei mjølkegeit med kr 1.350 og eit påsett kje med kr 800. Tap av geitmjølk blir pr. tapt geit erstatta ut frå kalkulert tap som er verdien av differansen mellom gjennomsnittleg leveranse av mjølk pr. geit i dei siste 3 heile produksjonsåra og gjennomsnittleg leveranse pr. geit i tapsåret. For andre dyr skal verdien av dyra på tapstidspunktet leggast til grunn for berekning av erstatningsbeløpet.

§ 6 . Administrasjon

Ordninga med erstatning for katastrofetap i husdyrhald blir forvalta av Statens landbruksforvaltning. Søknader om erstatning for katastrofetap i husdyrhald blir avgjort av fylkesmannen som også betaler ut erstatningsbeløpet.

§ 7 . Saksbehandling og utbetaling

Søkaren Søknad om erstatning for katastrofetap i husdyrhald når det gjeld tap av sau på beite skal sendast kommunen innan 31. desember i det året tapet oppstod. For andre tap kan det søkast gjennom heile året. Søknaden må vera fylkesmannen i hende seinast 3 månader etter at skaden blei oppdaga eller burde vore oppdaga. Søknaden skal skrivast på søknadsskjema fastsett av Statens landbruksforvaltning, og dokument som provar tapet skal leggast ved. Slike dokument er veterinærattest som stadfestar omfang og dødsårsak (når det er mogleg), dokumentasjon av totalt dyretal i buskapen og tapte dyr (f.eks. ved kopi av søknadsskjema om produksjonstillegg, fakturaer etc.) og eiga framstilling om husdyrhaldet på bruket og det oppståtte tapet. Kommunen Kommunen skal kontrollere om vilkåra for produksjonstilskott er oppfylt, at søknadsskjemaet er rett utfylt og at tapet er dokumentert på forsvarleg måte. Søknad om erstatning for tap etter § 4 nr. 1 skal sendast samla til fylkesmannen innan 31. januar. Når det gjeld søknader etter § 4 nr. 3 skal kommunen kalkulere storleiken av tapet. Søknadene skal med tilråding sendast fylkesmannen. Fylkesmannen Søknader om erstatning for katastrofetap i husdyrhald blir kontrollert og avgjort av fylkesmannen som også betaler ut erstatning for tap. Fylkesmannen samordnar også erstatning som er utbetalt etter tap på grunn av freda rovvilt. Fylkesmannen skal grunngi avslag på søknad og gi melding til søkaren med opplysning om retten til å klage.

§ 8 . Klage

Vedtak som er gjort i medhald av denne forskrift kan påklagast etter lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven), til Statens landbruksforvaltning.

§ 9 . Avkorting ved brot på regelverket

Dersom foretaket driv eller har drive si verksemd i strid med regelverk for jordbruksverksemd, kan søknad om erstatning bli heilt eller delvis avslått.

§ 9a . Avkorting ved feilopplysingar

Dersom foretaket uaktsamt eller forsettleg har gitt feil opplysingar i søknaden som har eller ville ha danna grunnlag for ei urettmessig utbetaling av erstatning, kan ein avkorte heile eller delar av erstatninga til foretaket.

§ 9b . Berekning og innkreving av avkortingsbeløp m.m.

Differansen mellom utbetalt beløp og redusert erstatning som følgje av vedtak om avkorting etter § 9 og § 9a, kan krevast tilbakebetalt frå mottakaren eller motreknast i seinare tilskottsutbetalingar, jf. forskrift av 22. mars 2002 nr. 283 om produksjonstilskudd i jordbruket § 14 siste ledd. Tilsvarande gjeld der foretaket som følgje av manglande oppfylling av vilkår i denne forskrifta eller av andre grunnar har mottatt ei utbetaling som det ikkje har rett til.

Til avkortingsbeløpet som nemnt i første ledd kan det leggast rente tilsvarande gjeldande morarente. 1 Der mottakaren ikkje var i aktsam god tru om utbetalinga, kan ein kreve renter frå det tidspunkt kravet om tilbakebetaling er kome fram til foretaket. Ved grov aktløyse eller forsett kan det krevast renter frå tidspunktet for utbetalinga av den urettmessige erstatninga.

1 Jf. forskrift av 17. desember 1993 nr. 1144 om renter ved forsinket betaling.

§ 10 . Kontroll

Dei som søkjer om erstatning for katastrofetap i husdyrhald, pliktar å gi nødvendige opplysningar og godta kontrolltiltak. Dersom det blir gitt feil opplysningar i søknaden, kan den heilt eller delvis bli avvist.

§ 11 . Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks. Frå same tid går forskrift av 1. januar 1999 nr. 1 om erstatning for katastrofetap i husdyrhald ut.