Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruksdepartementet

Forskrift om tilskott ved nedslakting av sauebuskap på grunn av sjukdommen mædi.

LTI/forskrift/2003-01-03-53·Kunngjort 28. januar 2003·Journalnr. 2003-0048

I kraft fra: 2003-01-03

Endrerforskrift/1996-11-01-1013

§ 1 . Formålet

Formålet med forskrifta er å gi økonomisk støtte til landbruksforetak som slaktar ned sauebuskap som ledd i bekjemping av mædi.

§ 2 . Virkeområde

Forskrifta omfattar foretak med sauebuskapar som er pålagt restriksjonar i medhald av forskrift av 27. juni 2002 nr. 732 om bekjempelse av dyresjukdommer og der sjukdommen mædi er påvist eller det i blodprøvar er påvist antistoff mot mædi-/visnaviruset. Tilskott etter denne forskrifta kan gis til foretak som har rett til produksjonstilskott etter § 3 og § 4 i forskrift av 22. mars 2002 nr. 283 om produksjonstilskudd i jordbruket.

§ 3 . Vilkår

Heile buskapen skal slaktast ned under eit. Sauefjøset, innreiinga mv. skal grundig reingjerast og desinfiserast etter tilvising frå distriktsveterinæren.

Skriftleg godkjenning frå distriktsveterinæren skal ligga føre.

§ 4 . Innsett av livdyr

Innsett av nye livdyr i fjøs der det er gjennomført tiltak etter § 3, skal skje etter bestemmelser fastsett i eller i medhald av lov av 8. juni 1962 nr. 4 om dyrehelse (husdyrloven).

§ 5 . Tilskott

Ved gjennomføring av nedslakting og saneringstiltak etter § 3, blir det gitt eit tilskott på kr 1.100 pr. slakta vinterfôra sau oppført i søknad om produksjonstilskott (kode 130 og 133) på registreringstidspunktet 1. januar i året buskapen blei restriksjonsbelagt etter § 2. Ut over gjennomføring av slakting og pålagte saneringstiltak blir det ikkje stilt krav til bruk av midlane.

§ 6 . Søknad

Søknad om tilskott skal sendast før buskapen er slakta ned. Søknaden skal skrivast på skjema fastsett av Statens landbruksforvaltning og sendast om distriktsveterinæren til fylkesmannen. Med søknaden skal følgja erklæring frå distriktsveterinæren om at buskapen fell inn under § 2 i forskrifta.

§ 7 . Administrasjon

Søknad om tilskott blir avgjort av fylkesmannen som også betalar ut tilskottet.

Buskapen må ikkje slaktast ned før fylkesmannen har avgjort søknaden.

§ 8 . Utbetaling

Avrekningsoppgåve(r) frå slakteriet som dokumentasjon på slaktedato og buskapen sin storleik ved slakting. Attestasjon frå distriktsveterinæren på at krava i § 3 er tilfredsstillande gjennomført.

§ 9 . Kontroll

Den som søker om tilskott er forplikta til å gi nødvendige opplysningar og godta kontrolltiltak som blir sett i verk.

§ 10 . Avkorting ved brot på regelverket

Dersom foretaket driv eller har drive si verksemd i strid med regelverk for jordbruksverksemd, kan heile eller delar av tilskottet haldast tilbake inntil forholdet er retta. Er det ved brot på slikt regelverk utvist grov aktløyse eller forsett, kan ein avkorte heile eller delar av tilskottet til foretaket.

§ 10a . Avkorting ved feilopplysingar

Dersom foretaket ved aktløyse eller forsettleg har gitt feil opplysingar i søknaden som har eller ville danna grunnlag for ei urettmessig utbetaling av tilskottet, kan ein avkorte heile eller delar av tilskottet til foretaket.

§ 10b . Berekning og innkreving av avkortingsbeløp m.m.

Differansen mellom utbetalt beløp og redusert tilskott som følgje av vedtak om avkorting etter § 10 og § 10a, kan krevast betalt tilbake frå mottakaren eller motreknast i seinare tilskottsutbetalingar, jf. forskrift av 22. mars 2002 nr. 283 om produksjonstilskudd i jordbruket § 14 siste ledd. Tilsvarande gjeld der foretaket som følgje av manglande oppfylling av vilkår i denne forskrifta eller av andre grunnar har mottatt ei utbetaling som det ikkje har rett til.

Til avkortingsbeløpet som nemnd i første ledd kan det leggast rente tilsvarande gjeldande morarente. 1 Der mottakaren ikkje var i aktsam god tru om utbetalinga, kan ein kreve renter frå det tidspunkt kravet om tilbakebetaling er kome fram til foretaket. Ved grov aktløyse eller forsett kan det krevast renter frå tidspunktet for utbetalinga av det urettmessige tilskottet.

1 Jf. forskrift av 17. desember 1993 nr. 1144 om renter ved forsinket betaling.

§ 11 . Klage

Fylkesmannen sitt vedtak fatta i medhald av denne forskrifta kan klagast til Statens landbruksforvaltning. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunkt avgjerda er kome fram til søkaren.

§ 12 . Dispensasjon

Statens landbruksforvaltning kan i særlege tilfeller dispensera frå bestemmelsene i forskrifta. Dispensasjon i forhold til § 3 er delegert til Statens dyrehelsetilsyn og søknad sendast via fylkesveterinæren.

§ 13 . Iverksetting

Denne forskrift trer i kraft straks. Frå same tid blir forskrift av 1. november 1996 nr. 1013 om tilskott ved nedslakting av sauebesetning på grunn av sjukdommen mædi oppheva.