Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruksdepartementet

Forskrift om tilskott ved nedslakting av sauebuskap som har hatt kontakt med buskap der sjukdommen skrapesjuke er påvist.

LTI/forskrift/2003-01-03-80·Kunngjort 4. februar 2003·Journalnr. 2003-0049

I kraft fra: 2003-01-03

Endrerforskrift/1999-03-25-373

§ 1 . Formål

Formålet med forskrifta er å gi økonomisk støtte til landbruksforetak som slaktar ned sauebuskapen som ledd i bekjemping av skrapesjuke.

§ 2 . Virkeområde

Forskrifta omfattar buskapar pålagt restriksjonar mot sending på fellesbeite på grunn av skrapesjuke i medhald av forskrift av 27. juni 2002 nr. 732 om bekjempelse av dyresjukdommer. Tilskottet kan gis til foretak som får utbetalt tilskott etter § 3 og § 4 i forskrift av 22. mars 2002 nr. 283 om produksjonstilskudd i jordbruket.

Buskapar pålagt nedslakta i medhald av lov av 8. juni 1962 nr. 4 om dyrehelse (husdyrloven) § 3, jf. forskrift av 27. juni 2002 nr. 732 om bekjempelse av dyresjukdommer § 23, er ikkje omfatta av forskrifta.

§ 3 . Vilkår

Heile buskapen skal slaktast ned under eit og innan 6 månader etter pålagt restriksjonar (jf. § 5 andre ledd). Gjødselkjellaren skal tømast og reingjerast. Han skal også desinfiserast så langt det er råd. Husdyrrom der sau har vært oppstalla (vegger, tak, golv), innreiing og utstyr m.m. skal reingjerast grundig og deretter tørke godt. Innreiing og utstyr som ikkje kan reingjerast tilfredsstillande skal fjernast. Etter opptørking, slik at alt er heilt tørt, skal fjøset, innreiing og utstyr m.m. desinfiserast. Etter desinfeksjon skal fjøset, innreiing og utstyr m.m. ha tørr romkvile i minst 30 dagar. Etter romkvile skal alle flater av trematerialar målast eller overflatebehandlast på anna vis. Etter at alle tiltaka i nr. 3 – 6 er gjennomført, skal det foretas ein grundig sluttdesinfeksjon.

Dersom veterinærstyresmaktene meiner det er fagleg nødvendig å fråvike forannemnde tiltak kan Statens dyrehelsetilsyn etter søknad gi dispensasjon frå denne paragraf. Søknad sendast Statens dyrehelsetilsyn via fylkesveterinæren.

§ 4 . Innsett av livdyr

Innsett av nye livdyr i fjøs der det er gjennomført tiltak etter § 3, skal skje etter bestemmelser fastsett i eller i medhald av lov av 8. juni 1962 nr. 4 om dyrehelse (husdyrloven).

§ 5 . Tilskott

kr 1.100 til føretak med buskapar som ble pålagt restriksjon første gong i tidsrommet 21. mai til 30. september. eit tillegg på kr 800 til føretak med buskapar som ble pålagt restriksjon første gong i tidsrommet 1. oktober til 20. mai. Dette gjeld ikkje føretak som etter tidspunkt for pålagt restriksjon har mottatt ordinært eller berekna slakteoppgjer for lam frå etterfølgjande produksjonssesong (slaktesesong) frå den same buskapen eller eventuell ny buskap.

Tilbod om tilskott gjeld i inntil 6 månader etter at restriksjonar pga. skrapesjuke er gitt (§ 3 nr. 1).

Ut over gjennomføring av nedslakting og pålagte saneringstiltak er det ingen vilkår til bruk av midlane.

Det gis vidare tilskott til utskifting av innreiing for sau, utbetring av areal kring gjødselport og inngangsparti, med inntil 40% av kostnaden etter kostnadsoverslag godkjent av fylkesmannen, avgrensa til kr 250 pr. vinterfora sau forutsett at distriktsveterinæren har vurdert slik utskifting som nødvendig for å oppnå fullgod reingjering. Nødvendigheita av utskiftinga skal være attestert av distriktsveterinæren, jf. § 7.

Berekna tilskott til pålagt utskifting av innreiing under kr 1.000 blir ikkje utbetalt.

§ 6 . Søknad

Søknad om tilskott skal fremmast før buskapen er slakta ned. Søknaden skal skrivast på skjema fastsett av Statens landbruksforvaltning og sendast fylkesmannen. Med søknaden skal følgje erklæring frå distriktsveterinæren om at buskapen fell inn under forskrifta si § 2.

Ved søknad om tilskott til utskifting av innreiing/delar av innreiing/utstyr skal distriktsveterinæren sin attestasjon av nødvendigheita av utskiftinga, framstilling og kostnadsoverslag leggast ved søknaden.

§ 7 . Administrasjon

Søknader om tilskott blir avgjort av fylkesmannen som også betalar ut tilskottet.

Buskapen må ikkje slaktast ned før fylkesmannen har avgjort søknaden.

§ 8 . Utbetaling

Avrekningsoppgåve(r) frå slakteriet som dokumentasjon på slaktedato og buskapen sin storleik ved slakting. Attestasjon frå distriktsveterinæren på at krava i § 3 nr. 2 – 7 er tilfredsstillande gjennomført. Dersom det er gjort utskifting av innreiing eller utstyr:

Attestasjon frå distriktsveterinæren på at utskiftinga er gjennomført etter føresetnaden. Inntil 60% av berekna tilskott kan utbetalast som forskott når tilsvarande kostnader er påløpt, dersom saneringstiltaka er så omfattande at arbeidet varer ut over 6 månader.

§ 9 . Kontroll

Den som søker om tilskott er forplikta til å gi dei nødvendige opplysningar og godta nødvendige kontrolltiltak.

§ 10 . Avkorting ved brot på regelverket

Dersom foretaket driv eller har drive si verksemd i strid med regelverk for jordbruksverksemd, kan heile eller delar av tilskottet haldast tilbake inntil forholdet er retta. Er det ved brot på slikt regelverk utvist grov aktløyse eller forsett, kan ein avkorte heile eller delar av tilskottet til foretaket.

§ 10a . Avkorting ved feilopplysingar

Dersom foretaket ved aktløyse eller forsettleg har gitt feil opplysingar i søknaden som har eller ville danna grunnlag for ei urettmessig utbetaling av tilskottet, kan ein avkorte heile eller delar av tilskottet til foretaket.

§ 10b . Berekning og innkreving av avkortingsbeløp m.m.

Differansen mellom utbetalt beløp og redusert tilskott som følgje av vedtak om avkorting etter § 10 og § 10a, kan krevast betalt tilbake frå mottakaren eller motreknast i seinare tilskottsutbetalingar, jf. forskrift av 22. mars 2002 nr. 283 om produksjonstilskudd i jordbruket § 14 siste ledd. Tilsvarande gjeld der foretaket som følgje av manglande oppfylling av vilkår i denne forskrifta eller av andre grunnar har mottatt ei utbetaling som det ikkje har rett til.

Til avkortingsbeløpet som nemnd i første ledd kan det leggast rente tilsvarande gjeldande morarente. 1 Der mottakaren ikkje var i aktsam god tru om utbetalinga, kan ein kreve renter frå det tidspunkt kravet om tilbakebetaling er kome fram til foretaket. Ved grov aktløyse eller forsett kan det krevast renter frå tidspunktet for utbetalinga av det urettmessige tilskottet.

1 Jf. forskrift av 17. desember 1993 nr. 1144 om renter ved forsinket betaling.

§ 11 . Klage

Fylkesmannen sitt vedtak i medhald av denne forskrifta kan klagast til Statens landbruksforvaltning. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunkt vedtaket er kome fram til søkaren.

§ 12 . Dispensasjon

Statens landbruksforvaltning kan i særlege tilfeller dispensera frå forskrifta. Dispensasjon i forhold til § 3 er delegert til Statens dyrehelsetilsyn og søknad sendast via fylkesveterinæren.

§ 13 . Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks. Frå same tid blir forskrift av 25. mars 1999 nr. 373 om tilskott ved nedslakting av sauebuskap som har hatt kontakt med buskap der sjukdommen skrapesjuke er påvist, oppheva.