Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruksdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om tilskott til mjølkeproduksjon.

LTI/forskrift/2003-01-07-20·Kunngjort 17. januar 2003·Journalnr. 2003-0033

I kraft fra: 2003-01-07

Endrerforskrift/1999-08-26-965

I

I forskrift av 26. august 1999 nr. 965 om tilskott til mjølkeproduksjon blir det gjort følgjande endringar:

§ 2 skal lyde:

Landbrukseigedom: Eigedom som er nytta, eller som kan nyttast til jordbruk eller skogbruk. Meieriselskap: Juridisk eining som kjøper eller på annan måte tek i mot mjølk, fløyte eller myse til vidare foredling eller produksjon av mjølkeprodukt. Småskala foredling av geitemjølk etter forskrift om produksjonsrettigheter til lokal foredling av geitmelk 1 blir likevel ikkje omfatta. Direkte sal: Omsetning av mjølk og/eller foredla mjølkeprodukt frå foretak til andre enn meieriselskap. Heimeforedling: Foredling av eigenprodusert mjølk på eigen landbrukseigedom, eigen seter eller fellesseter. Småskala foredling: Samarbeid om foredling av geitemjølk avgrensa opptil 200.000 liter pr. år, jf. forskrift om produksjonsrettigheter til lokal foredling av geitmelk § 6.

1 Jf. forskrift av 26. september 2001 nr. 1122 om produksjonsrettigheter til lokal foredling av geitmelk.

§ 3 første ledd skal lyde:

levert frå foretak til meieriselskap, nytta til heimeforedling av fløyte, fjell- og gardssmør, gards- og seterost for vidare levering til meieriselskap, nytta til heimeforedling og selt direkte, nytta til småskala foredling etter forskrift om produksjonsrettigheter til lokal foredling av geitmelk.

§ 5 skal lyde:

produsert innafor landbrukseigedommen sin kvote 1 og som er levert til meieriselskap. produsert innafor landbrukseigedommen sin kvote, og heimeforedla og selt direkte, eller nytta til småskala foredling jf. § 3 første ledd nr. 4. heimeforedla og produsert med fritak for overproduksjonsavgift, jf. § 3 andre ledd. produsert innafor landbrukseigedommen sin produksjonsrett til geitemjølk, 2 jf. § 3 tredje ledd.

Det vert berre gjeve tilskott til mjølk som oppfyller kvalitetskrava gjeve i forskrift av 30. juni 1995 nr. 636 om produksjon og frambud av rå melk, varmebehandlet melk og melkebaserte produkt m.v.

Mjølka vert rekna som levert når ho er innvege på tankbil eller levert meieriselskap på anna vis.

1 Jf. forskrift av 7. januar 2003 nr. 14 om kvoteordningen for melk.

2 Jf. forskrift av 26. september 2001 nr. 1122 om produksjonsrettigheter til lokal foredling av geitmelk.

§ 6 andre ledd skal lyde:

Foretaket må vere medlem av husdyrkontrollen.

§ 11 skal lyde:

Statens landbruksforvaltning betalar ut tilskott til kvart meieriselskap. Statens landbruksforvaltning kan betale ut tilskott a konto til kvart meieriselskap basert på prognosar for vedkomande månad og justere det for tidlegare utbetaling.

Meieriselskapet betalar tilskottet vidare til foretaka. I den avrekninga som selskapet gjer overfor foretaka skal storleiken på tilskotta gå fram, og det skal opplysast kor store tilskottssatsane er.

Ved heimeforedling og direkte sal eller småskala foredling etter forskrift om produksjonsrettigheter til lokal foredling av geitmelk, jf. § 6, kan Statens landbruksforvaltning betale ut tilskott via meieriselskap på grunnlag av innsendte rapporteringsskjema frå foretaket. Det skal skje ei avstemming på grunnlag av næringsoppgåva med vedlegg spesifisert av Statens landbruksforvaltning. Statens landbruksforvaltning betalar ut tilskott direkte til foretak i dei tilfelle rapporteringsavtale med meieriselskap ikkje føreligg. Foretak som rapporterer direkte til Statens landbruksforvaltning kan få utbetalt tilskott ein gong pr. halvår.

Statens landbruksforvaltning kan utbetale eit samla tilskott til grupperingar av meieriselskap som syter for utbetaling til kvart enkelt selskap og til grupperingar av foretak som samarbeider om småskala foredling.

§ 13 andre og tredje ledd skal lyde:

Dersom tilskottet ikkje blir betalt attende, og vedkommande foretak framleis leverer mjølk, kan Statens landbruksforvaltning, eller den det gjev fullmakt, motrekne dette i seinare tilskottsutbetalingar.

For foretak som har slutta med mjølkeproduksjon, kan uteståande krav, i henhold til § 14 tredje ledd i forskrift av 22. mars 2002 nr. 283 om produksjonstilskudd i jordbruket, bli motrekna mot produksjonstilskott, eller bli kravd inn på annan måte. Det kan krevjast forsinkingsrente 1 frå utbetalingstidspunktet til tilbakebetaling skjer.

§ 14 og § 15 skal lyde:

Meieriselskapet skal kvar månad sende spesifisert oppgåve til Statens landbruksforvaltning med prognose for inneverande månad og registrerte tal for føregåande månad over kvantum med rett til tilskott og tilskottsbeløp og rapportert direkte sal.

Meieriselskapet sin revisor skal revidere og stadfeste oppgåvene kvart halvår.

Foretak med heimeforedling og direkte sal eller småskala foredling etter forskrift om produksjonsrettigheter til lokal foredling av geitmelk som ikkje har avtale om rapportering med meieriselskap, rapporterer direkte til Statens landbruksforvaltning.

Foretak kan kun rapportere til ein instans, enten meieriselskapet eller Statens landbruksforvaltning. Rapportering skal så vidt mogeleg avtalast med meieri.

Statens landbruksforvaltning kan gi grupperingar av meieriselskap og foretak som samarbeider om småskala foredling høve til samla rapportering.

Statens landbruksforvaltning fastsett kva for oppgåver som skal innleverast, form og innhald i oppgåvene, tidsfristar for rapportering og revisorattestasjon.

Meieriselskap og foretak skal syte for at oppgåver og annan dokumentasjon som vert gitt som grunnlag for utbetaling er i samsvar med forskrifta.

Statens landbruksforvaltning fører kontroll med at reglane i denne forskrifta blir overheldt, og kan herunder foreta stedleg kontroll. Meieriselskap og foretak pliktar å yte bistand ved slik kontroll.

Grunnlagsmaterialet for innleverte oppgåver etter § 14 skal vere tilgjengeleg for ettersyn. Meieriselskap og foretak pliktar å gje alle naudsynte opplysningar som Statens landbruksforvaltning krev.

II

Endringane trer i kraft straks.