Hopp til innhold
Forskriftsendring
Barne- og familiedepartementet

Forskrift om samla fastsetjing av tilskot i visse tilfelle.

LTI/forskrift/2003-01-15-122·Kunngjort 11. februar 2003·Journalnr. 2003-0125

I kraft fra: 2003-10-01

§ 1 .

Når ein tilskotspliktig med fleire barn ikkje har full tilskotsevne før samværsfrådrag, eller samla tilskot før samværsfrådrag er høgare enn 25 prosent av den tilskotspliktige si inntekt, skal avgjerdsorganet etter eige initiativ fordele tilskota til barna i same forhold. Dette gjeld i alle typer saker der det kjem minst eitt krav om førstegongsfastsetjing, klage eller endring, eller når tilskotsfuten etter eige initiativ kan ta opp eit krav.

Regelen gjeld uavhengig av om den tilskotspliktige har barn med den same tilskotsmottakaren eller fleire tilskotsmottakarar, og uavhengig av om det gjeldande tilskotet er fastsett av det offentlege eller ved avtale.

Trygdekontoret fastset nye tilskot for alle barna og fordeler desse i same forhold.

§ 2 .

Det gjeldande tilskotet skal berre endrast dersom reglane i barnelova kapittel 7 med tilhøyrande forskrift vil føre til ei endring på meir enn 10 prosent.

§ 3 .

Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. oktober 2003.