Forskrift om endring i forskrift om administrasjonstilskott til avløysarlag.
I kraft fra: 2003-01-01
I
I forskrift av 13. mars 2000 nr. 1050 om administrasjonstilskott til avløysarlag blir det gjort følgjande endringar:
§ 1 og § 2 skal lyde:
Formålet med ordninga er å leggje til rette for at føretak, som fyller vilkår, jf. § 3 og § 4 i forskrift om produksjonstilskudd i jordbruket, skal kunne få ferie, ordna fritid og hjelp til avlasting i onnetider gjennom å medverke til å finansiere drifta av avløysarlag.
Avløysarlag; ein organisasjon som har som formål å kartleggje, organisere og administrere avløysing innafor eit område der det ligg til rette for slikt samarbeid, og som er ope for medlemskap for alle føretak i området som har rett på avløysartilskott ved sjukdom mv. Medlem; føretak som har rett på avløysartilskott ved sjukdom mv., og som har betalt eit innskot på minimum 100 kroner. Det blir gitt eitt tilskott pr. føretak som er medlem.
§ 4 skal lyde:
Husdyrprodusent som hadde rett på, og har søkt om tilskott til avløysing ved ferie og fritid for føregåande år. Planteprodusent som hadde rett på tilskott til avløysing ved sjukdom mv. for føregåande år. Honningprodusent som hadde rett på tilskott til avløysing ved sjukdom mv. føregåande år.
full sats for alle husdyrprodusentar kor avløysarlaget har arbeidsgjevaransvar for deira avløysarar halv sats for alle husdyrprodusentar kor avløysarlaget ikkje har arbeidsgjevaransvar for deira avløysarar halv sats for alle plante- og honningprodusentar uavhengig av om avløysarlaget har arbeidsgjevaransvar for innleigd arbeidskraft eller ikkje.
Satsane blir fastsette av Statens landbruksforvaltning på grunnlag av løyving og oppgåvene i søknadene.
§ 7 og ny § 8 skal lyde:
Dersom føretaket uaktsamt eller forsettleg har gjeve feil opplysningar i søknaden som har eller ville ha danna grunnlag for ei urettkome utbetaling av tilskottet, kan heile eller deler av administrasjonstilskottet til føretaket verte avkorta.
Differansen mellom utbetalt beløp og redusert tilskott som følgje av vedtak om avkorting etter § 7, kan krevjast tilbakebetalt frå mottakaren eller motreknast i seinare tilskottutbetaling. Tilsvarande gjeld der føretaket som følgje av manglande oppfylling av vilkår i denne forskrifta eller av andre årsaker har motteke ein utbetaling som ikkje er rettkome.
Til avkortingsbeløpet som er nemnd i første ledd kan det leggjast rente tilsvarande gjeldande morarente. 1 Der mottakaren ikkje var i aktsam god tro om utbetalinga, kan renter krevjast frå det tidspunkt tilbakebetalingskravet er kome fram til føretaket. Ved grov aktløyse eller forsett kan renter krevjast frå tidspunktet for utbetalinga av det urettkome tilskottet.
1 Jf. forskrift av 17. desember 1993 nr. 1144 om renter ved forsinket betaling.
Nåverande § 8 – § 10 blir § 9 – § 11.
II
Endringane trer i kraft frå 1. januar 2003.