Hopp til innhold
Forskriftsendring
Samferdselsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om retningsliner for behandling av avkjørslesaker for riksveg, jfr. veglova §§ 40 og 41.

LTI/forskrift/2003-02-20-193·Kunngjort 25. februar 2003·Journalnr. 2003-0184

I kraft fra: 2003-02-20

I

I forskrift av 26. februar 1982 nr. 3791 om retningsliner for behandling av avkjørslesaker for riksveg, jfr. veglova §§ 40 og 41 blir det gjort følgjande endringar:

Under overskrifta «Innleiing» skal andre ledd lyde:

Avkjørsle kan fastleggjast og regulerast i plan etter plan- og bygningslova.

Under overskrifta «Innleiing» skal tredje ledd første punktum lyde:

Det vil kunne melde seg behov for, eller ønskje om nye avkjørsler sjølv om det ligg føre reguleringsplan der det er teke sikte på å dekkje avkjørsleforholda.

Under overskrifta «Innleiing» skal fjerde ledd lyde:

Retningslinene nedanfor skal nyttast ved behandling av enkeltsaker som gjeld avkjørsle til riksveg. Avgjerdsmakta i desse sakene ligg til regionvegkontoret eller kommunen som ved delegering etter veglova § 9 første ledd eventuelt vil få denne styremakta. Klageinstans i avkjørslesaker for riksvegar er fylkesmannen, jf. veglova § 11 andre ledd.

Under overskrifta «Innleiing» skal femte ledd lyde:

Retningslinene gjeld både for behandling av førsteinstansen og klageinstansen. I tillegg til retningslinene gjeld forvaltningsrettslege føresegner som følgjer av forvaltningslova mv., jf. veglova § 11.

Under overskrifta «Innleiing» skal sjette ledd opphevast.

Punkt 3.1 første ledd første punktum skal lyde:

Etter veglova § 40 er utgangspunktet at avkjørsler skal fastleggjast i plan etter plan- og bygningslova.

Punkt 4.2 første ledd første og andre punktum skal lyde:

Regionvegkontoret vil kunne utarbeide plan eller be om at det blir utarbeidd plan i samband med avkjørslesøknader. Utanfor regulert område inneber dette at ein i staden for å avgjere til dømes avkjørslesøknad som enkeltsak, utarbeider reguleringsplan som omfatter løysing av det aktuelle avkjørslespørsmålet.

Punkt 4.3 andre ledd tredje punktum skal lyde:

Dette punkt gjeld særleg førsteinstansen.

Punkt 4.4 andre ledd skal lyde:

Etter veglova § 40, tredje ledd, kan regionvegkontoret krevje at den enkelte avkjørsla skal byggjast etter plan det godkjenner.

II

Endringane trer i kraft straks.