Forskrift om tilskott til organisert beitebruk.
I kraft fra: 2003-04-01
§ 1 . Formål
Formålet med ordninga er å legge tilhøva til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark og redusere tap av dyr på utmarksbeite gjennom organisert tilsyn, organisert sanking og andre målretta fellestiltak i beiteområde.
§ 2 . Avgrensing
Tilskott til organisert beitebruk gjeld sau, geit og storfe som beiter i utmark i minst 8 veker. Mjølkande kyr og geiter og dyr som heile beitesesongen beiter på innmark som følgje av førebyggande tiltak mot rovviltskader og/eller sjukdomar er ikkje omfatta av denne ordninga. Fylkesmannen kan gi unntak frå regelen om 8 veker.
§ 3 . Administrasjon
Søknader om godkjenning av beitelag og om tilskott blir avgjort av fylkesmannen. Organisert beitebruk blir administrert av Statens landbruksforvaltning som kan gi utfyllande retningsliner for forvaltning av ordninga.
§ 4 . Utval i fylka
Fylkesmannen/-mennene kan oppnemne rådgjevande utval for Organisert beitebruk i fylket eller felles utval for fleire fylker i samråd med fylkeslaga av Norsk sau- og geitalslag. Sekretariatet kan leggast til fylkesmannen.
§ 5 . Vilkår for tilskott
Det er eit vilkår for å få tilskott gjennom Organisert beitebruk at husdyreigarane er organisert i beitelag (jf. § 7 og § 8) og at husdyrhaldet som er omfatta av beitelaget si verksemd blir drive i samsvar med lover og forskrifter som gjeld for husdyrhald. Beitelag som søkjer tilskott må vere registrert i Einingsregisteret.
§ 6 . Krav til beitelag
Laget skal ha eigne lagslover og eit styre vald av medlemmene i laget, og føra protokoll frå alle møter der det blir gjort vedtak. Laget skal vera ope for brukarar som har tilgang til utmarksbeite i eit område der samarbeid kan fremme bruken av beiteområda. Laget skal føra rekneskap for den økonomiske verksemda i laget i tråd med gjeldande reglar og god rekneskapsskikk. Laget skal bruka alle tilskott til laget til å fremme den organiserte beitebruken i området gjennom felles tiltak. Laget skal organisere effektivt og forsvarleg tilsyn og sanking av eigne og andre sine dyr i laget sitt område, tilpassa lokale forhold. Beiteområdet skal inspiserast minst ein gong pr. veke, slik at unormale tilhøve blir oppdaga og nødvendige tiltak blir sett i verk. Laget skal samarbeide med tilgrensande lag når det kan effektivisera ressursbruk og utnytting av beita, dette gjeld særleg sanking og ettersanking. Laget skal notere på fastsett skjema opplysningar om gjennomført tilsyn (dato, tilsynsrunde, unormale tilhøve i beiteområdet og tiltak som er sett i verk). Fylkesmannen og kommunen kan i særlege høve be om å få lagt fram denne dokumentasjonen. Laget skal sende årsrapport på fastsett skjema til kommunen (jf. søknad om tilskott § 8 bokstav a).
§ 7 . Godkjenning av lag, registrering, informasjonsplikt
Søknad om godkjenning av lag skal stilast til fylkesmannen i fylket der største delen av beitet ligg og sendast beitekommunen i dette fylket. Nyregistrerte lag skal ha minst 5 medlemmar og 300 småfeeiningar. Minstekrav for eksisterande lag er 3 medlemmar og 150 småfeeiningar. 1 småfeeining = 0,1 storfe = 1 sau = 1 lam = 1 geit = 1 kje. Kvar enkelt dyreart frå same bruk skal organiserast i same lag. Fylkesmannen kan i særlege tilfelle gjera unntak frå desse krava. Fylkesmannen kan òg koma med pålegg om samanslåing eller deling av lag.
Godkjende lag skal registrerast i kommunen der største delen av beitet ligg. Dersom laget beiter i fleire fylke må fylkesmennene i beitefylka saman bestemme i kva fylke og kommune laget skal registrerast.
Beitelag som nyttar beite i andre kommunar/fylke enn registreringskommunen/-fylket, skal kvart år som informasjon sende kopi av søknad om ordinært tilskott til desse, ev. vedlagt endring av beiteavtale/beiteområde.
§ 8 . Tilskott
a. Ordinært tilskott til drift av laget
Laget kan søkje om ordinært tilskott til drift på fastsett skjema. Tilskott blir gitt med eit fast beløp pr. storfe og pr. småfe som kjem att frå beite om hausten.
b. Tilskott til investeringar og ymse tiltak
verka til meir effektiv og rasjonell utnytting av beiteområdet, i hovudsak knytast til faste installasjonar, koma flest mogleg beitebrukarar til gode, ta omsyn til alle slag beitedyr i området.
Tilskottet gjeld ikkje fellessetrer for geit. Tilskott skal ikkje løyvast til same installasjon før etter minimum 15 år (hytter 20 år) frå første gong tilskott blei gitt.
§ 9 . Saksbehandling og utbetaling
Beitelaget kan søke om ordinært tilskott (§ 8 bokstav a) og investeringstilskott (§ 8 bokstav b) på søknadsskjema som gjeld for ordninga med nødvendige vedlegg til kommunen, der laget er registrert. Statens landbruksforvaltning kan fastsetje frist for søknad om ordinært tilskot (§ 8 bokstav a). Fylkesmannen kan fastsetje frist for søknad om investeringstilskot (§ 8 bokstav b).
Tilskott etter § 8 bokstav b kan betalast ut med inntil 75% av innvilga sum når tilsvarande del av arbeidet er utført. Sluttutbetaling skal ikkje skje før arbeidet er fullført og det er gjeve ferdigattest av tilsynsmann oppnemnt av fylkesmannen. Fylkesmannen kan pålegga kommunen tilsynsoppgåver. Fylkesmannen kan kreve at det blir lagt fram rekneskap for investeringa/tiltaket. Beitelaget har frist på 2 år frå tilskottet er løyvd til å ferdigstille tiltaket.
Det er ikkje høve til å overføre tilskottsmidlar frå laget til medlemmene.
§ 10 . Avkorting eller tilbakebetaling av tilskott
For mykje utbetalt tilskott eller urettmessig utbetalt tilskott kan krevast tilbakebetalt eller bli trekt i seinare utbetalingar. Dersom feil opplysningar frå søkaren har ført til for mykje utbetaling kan det krevjast morarente for tida frå utbetaling av tilskott til tilbakebetaling har funne stad. Det samme gjeld også når søkaren burde ha visst eller forstått at utbetalinga var feil.
Dersom beitelaget driv eller har drive si verksemd i strid med § 5 og § 6, kan heile eller delar av tilskottet haldast tilbake inntil forholdet er retta opp. Dersom beitelaget uaktsomt eller forsettleg har gitt feil opplysningar i søknaden som har eller ville danna grunnlag for urettmessig utbetaling av tilskott, kan heile eller delar av tilskottet som tilfell beitelaget, avkortast.
Differansen mellom utbetalt beløp og redusert tilskott som følgje av vedtak om avkorting kan bli kravd tilbake frå beitelaget eller motreknast i seinare utbetaling av tilskott. Til avkortingsbeløpet kan det leggast rente tilsvarande gjeldande morarente. 1
1 Jf. forskrift av 17. desember 1993 nr. 1144 om renter ved forsinket betaling.
§ 11 . Kontroll
Lag som søker om tilskott til Organisert beitebruk pliktar å gi fullgode opplysningar som kommunen, fylkesmannen eller Statens landbruksforvaltning krev og godta kontrolltiltaka som blir fastsette. Opplysningar gitt i samband med søknad om tilskott kan òg kontrollerast ved teljing på dei landbrukseigedomar som går inn i beitelaget.
Fylkesmannen skal føre kontroll med at oppgitte data i søknaden er rette. Dersom det blir gitt feil opplysningar i søknaden, kan søknaden bli avslått eller tilskottet redusert.
§ 12 . Dispensasjon
Statens landbruksforvaltning kan i særlege høve dispensere frå forskrifta. Ein dispensasjon kan ikkje vera i strid med føremålet for ordninga.
§ 13 . Klage
Vedtak som er fatta i medhald av denne forskrift kan påklagast etter kap. VI i forvaltningslova av 10. februar 1967. Klage på saker som er avgjort av fylkesmannen skal stilast til Statens landbruksforvaltning og sendast til fylkesmannen. Klage på saker som er avgjort av Statens landbruksforvaltning skal stilast til Landbruksdepartementet og sendast til Statens landbruksforvaltning.
§ 14 . Iverksetting
Denne forskrift gjeld frå 1. april 2003. Frå same tid blir forskrift av 1. april 2000 nr. 344 om tilskott til organisert beitebruk oppheva.