Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruksdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om tilskott til mjølkeproduksjon.

LTI/forskrift/2003-06-25-782·Kunngjort 1. juli 2003·Journalnr. 2003-0693

I kraft fra: 2003-07-01

Endrerforskrift/1999-08-26-965

I

I forskrift av 26. august 1999 nr. 965 om tilskott til mjølkeproduksjon blir det gjort følgjande endringar:

§ 2 og § 3 opphevast.

§ 5 skal lyde:

produsert innafor landbrukseigedommen sin kvote 1 og som er levert til meieriselskap etter gjeldande forskrift om prisutjamningsordninga for mjølk. 2 Mjølka vart rekna som levert når ho er vege inn på tankbil eller levert meieriselskap på anna vis. produsert innafor landbrukseigedommen sin kvote, og omsatt som foredla produkt. produsert med fritak frå overproduksjonsavgift 3 og omsatt som foredla produkt.

Det vert berre gjeve tilskott til mjølk kor produksjon og eventuell foredling og frambod oppfyller krav gjeve i gjeldande forskrift om produksjon og frambud av rå melk, varmebehandlet melk og melkebaserte produkt m.v. 4

1 Jf. forskrift av 7. januar 2003 nr. 14 om kvoteordningen for melk.

2 Jf. forskrift av 30. juni 2000 nr. 701 om prisutjevningsordningen for melk § 3 første ledd bokstav c.

3 Jf. forskrift av 24. juni 2003 nr. 777 om fritak fra overproduksjonsavgift ved lokal foredling av melk.

4. Jf. forskrift av 30. juni 1995 nr. 636 om produksjon og frambud av rå melk, varmebehandlet melk og melkebaserte produkt m.v.

§ 6 opphevast.

§ 7 skal lyde:

Foredla mjølkeprodukt blir rekna om til liter mjølk etter omrekningsfaktorar fastsett i gjeldande forskrift om kvoteordninga for mjølk. 1

Mengde liter omrekna mjølk er grunnlag for berekning av tilskott.

1 Jf. forskrift av 7. januar 2003 nr. 14 om kvoteordningen for melk § 2 anna og tredje ledd.

§ 11 skal lyde:

Statens landbruksforvaltning betalar ut tilskott til kvart meieriselskap som nemnt i § 5. Statens landbruksforvaltning kan betale ut tilskott á konto til kvart meieriselskap basert på prognosar for vedkomande månad og justere det for tidlegare utbetaling.

Meieriselskapet betalar tilskottet vidare til mjølkeproduksjonsføretaka. I den avrekninga som selskapet gjer overfor føretaka skal storleiken på tilskotta gå fram, og det skal opplysast kor store tilskottssatsane er.

Ved foredling etter § 5 første ledd punkt 2 og 3, kan føretak få utbetalt tilskott gjennom meieriselskap dersom det føreligg avtale med meieriselskapet om rapportering, jf. § 14. Føretak utan slik avtale kan få utbetalt tilskott frå Statens landbruksforvaltning. Føretak som rapporterer direkte til Statens landbruksforvaltning kan få utbetalt tilskott ein gong pr. halvår.

Statens landbruksforvaltning kan utbetale eit samla tilskott til grupperingar av meieriselskap som syter for utbetaling til kvart enkelt selskap og til grupperingar av føretak som samarbeider om foredling etter § 5 første ledd punkt 3.

§ 13 første ledd skal lyde:

Er det betalt ut tilskott utan at vilkåra i forskrifta er oppfylte, kan tilskottet krevjast betalt attende.

13 tredje ledd første punktum skal lyde:

For føretak som har slutta med mjølkeproduksjon, kan uteståande krav, i henhold til § 14 tredje ledd i forskrift av 22. mars 2002 nr. 283 om produksjonstilskudd i jordbruket, bli motrekna mot produksjonstilskott, eller bli kravd inn på annan måte.

§ 14 skal lyde:

Meieriselskapet som nemnt i § 5 skal kvar månad sende spesifisert oppgåve til Statens landbruksforvaltning med prognose for inneverande månad og registrerte tal for føregåande månad over kvantum med rett til tilskott og tilskottsbeløp og rapportert lokal foredling etter § 5 første ledd punkt 2 og 3.

Meieriselskapet sin revisor skal revidere og stadfeste oppgåvene kvart halvår.

Føretak som foredlar mjølk etter § 5 første ledd punkt 2 og 3, skal kvar månad utarbeide oppgåver over mengde omsett foredla produkt. Ved samarbeid om foredling, må også fordelinga av mjølkemengda mellom dei enkelte produksjonsføretaka rapporterast. Rapportane sendes enten til Statens landbruksforvaltning eller til meieriselskap. Rapportering skal så vidt mogeleg avtalast med meieri.

Statens landbruksforvaltning kan gi grupperingar av meieriselskap og føretak som samarbeider om lokal foredling etter § 5 første ledd punkt 2 og 3 høve til samla rapportering.

Statens landbruksforvaltning fastsett kva for oppgåver som skal innleverast, form og innhald i oppgåvene, tidsfristar for rapportering og revisorattestasjon.

Meieriselskap og mjølkeproduksjonsføretak skal syte for at oppgåver og annan dokumentasjon som vert gitt som grunnlag for utbetaling er i samsvar med forskrifta.

II

Endringane trer i kraft 1. juli 2003.