Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova.
I kraft fra: 2003-08-01
I
I forskrift av 28. juni 1999 nr. 722 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:
Kapitlet om klasse- og elevrådsarbeid i læreplanverket skal tillempast i samsvar med § 8-2 i opplæringslova, likevel slik at måla og hovudmomenta i kapitlet står uendra.
§ 1-1 andre ledd skal lyde:
Reglane i a, b, c, d, og e gjeld også for opplæring med utgangspunkt i dei læreplanalternativa som går fram av dei andre ledda i denne paragrafen.
§ 3-2 første ledd andre og tredje punktum skal lyde:
Kontaktlæraren skal minst to gonger om året ha ha ein planlagd og strukturert samtale med dei. I samtalen skal kontaktlæraren mellom anna gjere greie for korleis eleven står i høve til dei måla som er sette i læreplanverket og korleis eleven arbeider til dagleg.
§ 3-2 tredje ledd første punktum skal lyde:
Alle elevar i grunnskolen skal ha ei meldingsbok som blir brukt av foreldra og av kontaktlæraren til meldingar om fråvær, søknader om å få fri osv.
§ 3-12 andre ledd skal lyde:
Kontaktlæraren leier møtet der terminkarakterane i orden og åtferd blir fastsette. Ved likt røystetal har kontaktlæraren dobbelrøyst.
§ 3-17 tredje ledd første punktum skal lyde:
Terminkarakterane skal førast i protokollen for terminkarakterar og underskrivast av faglærarane og kontaktlæraren innen ein frist fastsett av rektor.
§ 5-13 første ledd første punktum skal lyde:
Ved klage over karakter i orden og åtferd skal eleven sin kontaktlærar og rektor gi fråsegn som saman med klagen skal sendast til klageinstansen.
Reglane for grunnskolen gjeld tilsvarande for skolefritidsordninga.
Kapittel 23 opphevast.
II
Endringane trer i kraft 1. august 2003.