Hopp til innhold
Forskriftsendring
Utdannings- og forskningsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova.

LTI/forskrift/2003-07-08-941·Kunngjort 15. juli 2003·Journalnr. 2003-0806

I kraft fra: 2003-07-08

Endrerforskrift/1999-06-28-722
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 2-3lov/1998-07-17-61 § 3-4lov/1985-06-14-73 § 31

I

I forskrift av 28. juni 1999 nr. 722 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

§ 3-13 tredje ledd skal lyde:

Læringssenteret avgjer kvart år kva for fylke og kommunar det skal haldast munnleg avgangsprøve i, medan kommunen fastset fag og prøveparti ved dei enkelte skolane. Faglæraren lagar oppgåver og drøfter dei før prøva med ein sensor oppnemnd av Fylkesmannen. Saman med den oppnemnde sensoren har faglæraren ansvaret for gjennomføringa av prøva.

§ 3-14 første ledd skal lyde:

Elevsvar frå den skriftlege avgangsprøva blir sensurerte av to sensorar etter retningslinjer laga av Læringssenteret under førehandssensuren kvart år. Sensorane blir oppnemnde av Fylkesmannen i kvart fylke. Karakterane blir endeleg fastsette på fellessensurmøte.

§ 3-16 skal lyde:

Ein elev som ikkje rettar seg etter dei reglane Læringssenteret har fastsett for avgangsprøva, kan visast bort av rektor. Vedtak om bortvising kan klagast på til kommunen og vidare til Fylkesmannen. Skolen skal gi eleven og foreldra melding om klageretten.

§ 5-9 første og andre ledd skal lyde:

Klageinstans for vurdering av skriftleg avgangsprøve i grunnskolen er ei klagenemnd på 3 medlemmer. Fylkesmannen i kvart fylke oppnemner klagenemnda.

Klageinstans for vurdering av skriftleg sentralgitt eksamen i vidaregåande opplæring er klagenemnd oppnemnd av Fylkesmannen. Klageinstans for vurdering av skriftleg lokalgitt eksamen i vidaregåande opplæring er klagenemnd oppnemnd av fylkeskommunen etter retningslinjer gitt av Fylkesmannen.

§ 5-10 første ledd skal lyde:

Ved munnleg avgangsprøve/eksamen kan det berre klagast over formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet. Ved klage over munnleg avgangsprøve/eksamen innhentar rektor fråsegn frå sensor og eksaminator og sender desse fråsegnene og klagen saman med si eiga fråsegn til Fylkesmannen ved klage i grunnskolen og til fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde som klageinstans, ved klage i vidaregåande opplæring. Kopi av fråsegnene skal sendast til klagaren.

§ 5-12 andre ledd skal lyde:

Klageinstans i grunnskolen er Fylkesmannen i kvart fylke. Klageinstans i vidaregåande opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde. Fylkesmannen i Oslo og Akershus er klageinstans når klagaren tek vidaregåande opplæring ved privat skole i utlandet.

§ 5-13 andre ledd skal lyde:

Klageinstans i grunnskolen er Fylkesmannen i kvart fylke. Klageinstans i vidaregåande opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.

II

Endringane trer i kraft straks.