Hopp til innhold
Forskriftsendring
Utdannings- og forskningsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova.

LTI/forskrift/2003-09-03-1126·Kunngjort 12. september 2003·Journalnr. 2003-0951

I kraft fra: 2003-09-03

Endrerforskrift/1999-06-28-722
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 3-3

I

I forskrift av 28. juni 1999 nr. 722 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

§ 6-40 skal lyde:

Fylkeskommunen kan godkjenne lærekontrakt/opplæringskontrakt som avvik frå den opplæringsordninga som er fastsett i læreplanen for faget, jf. opplæringslova § 3-3, tredje ledd. Avvik kan vere at lærebedrifta tek ansvar for ein større del av opplæringa enn det som følgjer av læreplanen for faget, eller at opplæringa i skole og bedrift skjer i ei anna rekkjefølgje enn det som følgjer av læreplanen. Det skal gå fram av lære-/opplæringskontrakten kva opplæringsansvar bedrifta har overfor lærlingen/lærekandidaten. Det skal vere samsvar mellom opplæringsansvaret og den tida bedrifta har ansvar for lærlingen/lærekandidaten. Dersom opplæringa i skole og bedrift skal skje i ei anna rekkjefølgje enn det som følgjer av læreplanen for faget, skal organiseringa gå klart fram av kontrakten.

Voksen lærling eller lærekandidat som inngår lærekontrakt eller opplæringskontrakt som fastsett ei anna opplæringsordning enn den som følgjer av læreplanen for faget, skal normalt få den del av opplæringa som ikkje skjer i bedrifta som opplæring organisert for voksne.

§ 11-12 og § 11-13 skal lyde:

Fylkeskommunen kan samtykkje i at det blir fastsett avvik frå dei vanlege kontraktsvilkåra for personar som har avgrensa arbeidsevne på grunn av fysiske og/eller psykiske funksjonshemmingar. Krava til dei allmennteoretiske måla kan ikkje bli senka utover det som følgjer av forskrifta § 4-52.

Lærlingar eller lærekandidatar som har teikna lærekontrakt eller opplæringskontrakt etter reglane i første ledd eller etter opplæringslova § 3-3 tredje ledd, kan få godskrive eventuell tidlegare skole eller praksis etter forskrifta § 11-13 flg.

Lærekontrakt med full opplæring i bedrift kan ikkje godkjennast for ein som fyller kravet til praksis for å framstille seg til prøve med heimel i opplæringslova § 3-5.

for praksiskandidatar, jf. opplæringslova § 3-5, eller ved godkjenning av lærekontrakt eller opplæringskontrakt med avvik frå opplæringsstrukturen i faget, jf. opplæringslova § 3-3 tredje og sjette ledd.

Fylkeskommunen vurderer den framlagde dokumentasjonen og gjer vedtak i samsvar med forskrifta § 11-14 flg.

II

Endringane trer i kraft straks.