Hopp til innhold
Forskriftsendring
Utdannings- og forskningsdepartementet

Forskrift til friskolelova.

LTI/forskrift/2003-09-26-1194·Kunngjort 3. oktober 2003·Journalnr. 2003-1001

I kraft fra: 2003-10-01

Endrerforskrift/1986-05-02-1009forskrift/1987-04-13-330forskrift/2000-07-04-719

§ 1 .

Reglane i kapitla 3, 4 og 5 om vurdering av elevar, klage på vurdering, eksamen og dokumentasjon i forskrift av 28. juni 1999 nr. 722 til opplæringslova gjeld så langt det høver for dei frittståande skolane.

§ 2 .

Reglane i kapittel 15 om politiattest i forskrift av 28. juni 1999 nr. 722 til opplæringslova gjeld tilsvarande for dei frittståande skolane.

§ 3 .

Norske statsborgarar som er elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar i Noreg eller utlandet og som har krav på støtte frå Statens lånekasse for utdanning, får tilskot til dekning av skolepengar.

Tilskotet har ei øvre grense på 85% av ein normalsats rekna ut frå gjennomsnittlege driftsutgifter i den offentlege vidaregåande skolen.

Søknad skal sendast Utdannings- og forskingsdepartementet. Utbetaling skjer til vanleg ved starten av skoleåret, mot skriftleg stadfesting frå skolen om opptak og storleiken på skolepengane.

Søkaren pliktar straks å melde frå om endringar som har noko å seie for tildelinga av stønaden, til dømes avbrot i utdanninga. Tilskotet kan krevjast tilbakebetalt dersom skolegangen ikkje blir fullført som føresett.

§ 4 .

Denne forskrifta trer i kraft 1. oktober 2003.

forskrift av 2. mai 1986 nr. 1009 til privatskoleloven forskrift av 13. april 1987 nr. 330 til privatskoleloven § 26, tilskuddsregel nr. 10, annet punktum forskrift av 4. juli 2000 nr. 719 om politiattest i private grunnskolar som er godkjende etter privatskulelova.