Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruksdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om tilskott til avløysing.

LTI/forskrift/2003-11-05-1562·Kunngjort 19. desember 2003·Journalnr. 2003-1374

I kraft fra: 2004-01-01

Endrerforskrift/1998-11-23-1086

I

I forskrift av 23. november 1998 nr. 1086 om tilskott til avløysing blir det gjort følgjande endringar:

Svangerskap/fødsel: Retten gjeld i inntil 42 veker (294 dagar) ved 100%, eller 52 veker (364 dagar) ved 80% tilskot. Den som treng avløysing må på førehand avtale kva for alternativ som vert ønska. Dei to alternativa kan ikkje kombinerast. Det blir kravd at den som søkjer om tilskot må ha vore i arbeid på føretaket i minst 6 av dei 10 siste månadene før fødselen. Fylkesmannen kan gjere unntak frå dette kravet i særlege tilfelle. Retten til tilskot er knytta til søkjaren i det tidsrom han eller ho tek imot fødselspengar etter folketrygdlova. Avløysinga ved 100%-regelen skal skje i samanheng innafor eit tidsrom på 12 veker før fødsel og 39 veker etter, men til saman ikkje meir enn 42 veker. Ved 80%-regelen innafor eit tidsrom på 12 veker før fødsel og 49 veker etter, men til saman ikkje meir enn 52 veker. I begge høve må 3 veker takast før fødselen. Inntil 12 veker før fødselen og dei første 6 vekene etter fødselen er sett av til mora. 4 veker av resten av fødselspermisjonen er sett av til faren. Dersom barnet døyr eller foreldra ikkje har omsorg for barnet, kan mora få tilskot for tidsrommet frå fødselspermisjonen er begynt og inntil 6 veker etter fødselen. Faren kan få tilskot i inntil 14 dagar i samband med fødsel, dersom han bur saman med mor og barn, og ingen av foreldra nyttar ordninga. Avløysinga skal skje i samanheng innafor tidsrommet frå to veker før fødselen til tre veker etter at mora er komen heim frå fødestue/sjukehus.

vere sjukmeldt mv. utover den delen det vert motteke stønad for dersom han/ho tek i mot ytingar under medisinsk rehabilitering 1 eller ytingar under yrkesretta attføring 2 og/eller tek i mot uførepensjon, 3 ta i mot mindre enn 75% attføring/rehabilitering og/eller uførepensjon,

1 Jf. lov om folketrygd kap. 10.

2 Jf. lov om folketrygd kap. 11.

3 Jf. lov om folketrygd kap. 12.

II

Endringane trer i kraft 1. januar 2004.