Hopp til innhold
Forskriftsendring
Justis- og politidepartementet

Vedtak om formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2004.

LTI/forskrift/2003-12-03-1881·Kunngjort 10. februar 2004·Journalnr. 2004-0321

I kraft fra: Inntektsåret 2004

§ 1 . Bruksområde for vedtaket

Dette vedtaket gjeld forskotsutskriving og endeleg utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2004 etter føresegnene i lov av 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.

Skattepliktige som nemnde i skattebetalingslova § 1, jf. § 2, og svalbardskattelova § 5-1 første ledd, skal betale forskot på formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2004. Ved utrekninga og innbetalinga gjeld føresegnene i dette vedtaket og i skattebetalingslova.

§ 2 . Skatt på formue

Personleg skattepliktig og dødsbu: 0,0 pst. av dei første kr 140.000 av stipulert formue 0,9 pst. av dei neste kr 400.000 1,1 pst. av det overskytande beløpet Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er friteke for formuesskatteplikt etter skattelova kapittel 2: 0,0 pst. av dei første kr 10.000 av stipulert formue 0,3 pst. av overskytande beløp.

§ 3 . Skatt på inntekt

Inntekt som blir skattlagt ved likning etter svalbardskattelova § 3-1: 10 pst. av alminneleg inntekt Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt på kr 10.000 Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2: 8 pst.

§ 4 . Avrundingsreglar

Ved utrekning av skatt ved likning skal stipulert formue avrundast nedover til næraste heile 1000 kroner, og inntekt avrundast nedover til næraste heile 100 kroner.

Ved utrekning av skatt ved lønnstrekk skal inntekta avrundast nedover til næraste heile krone.

§ 5 . Kapitalavkastningsraten for fastsetjing av personinntektsdel av nærings- og selskapsinntekt (deling)

Kapitalavkastningsraten som nemnd i skattelova § 12-13 tredje ledd, jf. svalbardskattelova § 3-1, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.

§ 6 . Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold

Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova § 3-1 og § 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.