Forskriftsendring
Utdannings- og forskningsdepartementet
Forskrift om endring i forskrift til friskolelova.
LTI/forskrift/2003-12-10-1518·Kunngjort 18. desember 2003·Journalnr. 2003-1312
I kraft fra: 2003-12-10
Endrerforskrift/2003-09-26-1194
I
I forskrift av 26. september 2003 nr. 1194 til friskolelova blir det gjort følgjande endringar:
Ny § 4 skal lyde:
Elevane i grunnskolen og i vidaregåande opplæring skal ta del i nasjonale undersøkingar som gjeld motivasjon, trivsel, mobbing, elevmedverknad, elevdemokrati og det fysiske miljøet. Skolen skal sørgje for at kartleggingar blir følgde opp internt i samarbeid med elevrådet.
Skoleeigaren skal sørgje for at nasjonale undersøkingar om motivasjon, trivsel, mobbing, elevmedverknad, elevdemokrati og det fysiske miljøet blir gjennomførte og følgde opp lokalt.
Noverande § 4 blir ny § 5.
II
Endringane trer i kraft straks.