Forskriftsendring
Finansdepartementet
Forskrift om endring i forskrift om kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg.
LTI/forskrift/2003-12-14-1575·Kunngjort 19. desember 2003·Journalnr. 2003-1371
I kraft fra: 2003-12-14, med verknad frå eigedomsskatteåret 2005
I
I forskrift av 20. desember 2000 nr. 1393 om kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg blir det gjort følgjande endringar:
§ 5 første leden første punktum skal lyde:
Sentralskattekontoret for storbedriftar fastset kommunefordelinga av eigedomsskattegrunnlag for kraftanlegg som nemnd i denne forskrift.
§ 5 andre leden skal lyde:
Dei eigedomsskattepliktige kan påklaga Sentralskattekontoret for storbedriftar si avgjerd etter første leden til Riksskattenemnda.
§ 5 tredje leden andre punktum skal lyde:
Klagen skal sendast til Sentralskattekontoret for storbedriftar.
II
Endringane trer i kraft straks med verknad frå og med eigedomsskatteåret 2005.